NRK

Ny dokumentarserie fra NRK: Rex-faktor, kongeparets reiser for Noreg

Del

I 30 år har kongeparet vore Noreg sitt andlet mot verda på sine mange reiser utanlands. Korleis ser eigentleg kongen og dronninga på sine roller som dei mest høgståande representantane for nasjonen Noreg? I denne dokumentarserien får vi eit unikt innblikk i korleis kongeparet jobbar med å fremja norske interesser på internasjonale arenaer.

I intervju på Slottet og utanlands byr kongeparet på personlege historier og sterke inntrykk frå sine internasjonale statsbesøk gjennom 30 år.

FOTO: ROY KENNETH SYDNES JACOBSEN / NRK
I intervju på Slottet og utanlands byr kongeparet på personlege historier og sterke inntrykk frå sine internasjonale statsbesøk gjennom 30 år. FOTO: ROY KENNETH SYDNES JACOBSEN / NRK

Nelson Mandela, Boris Jeltsin, Bill Clinton og Kinas president Xi Jinping er berre nokre av dei statsleiarane som kong Harald og dronning Sonja har møtt til samtalar om Noreg og verda. Men også barneheimsbarn i Romania og besøket på fangeøya Robben Island i Sør Afrika har sett spor.

Gjennom sju episodar fortel kongeparet og ein rekke andre viktige aktørar i utanrikspolitikken om spelet i kulissene når nasjonen Noreg skal ut i verda for å selje sine varer og verdiar. NRK sitt rike bildearkiv gjer det mogeleg å oppleve på ny mange av dei historiske hendingane i nær fortid.

– Kong Harald og dronning Sonja har på desse 30 åra gjennomført 50 statsbesøk. På slike reiser er dei, ifølgje dei sjølve, Noreg, seier Kristi Marie Skrede, som i meir enn ti år har hatt ansvar for NRK Nyheter si dekking av kongehuset.

Ho fortel at kongen og dronninga deler både muntre minne, stort alvor og tankar om tyngande ansvar. Sjølv seier ho at det har vore spennande samtalar med kongeparet der vi får høyre deira tankar om gode og mindre gode augneblink i fedrelandets teneste.

– Vi får kongeparets blikk på uventa situasjonar, som då Boris Jeltsin utanom all protokoll ville danse med dronning Sonja under ein gallamiddag i Kreml eller då dei blei gløymd av den amerikanske presidenten i USA. Men vi får også vite korleis dei har opplevd meir utfordrande møter, som da skjellsorda hagla på grunn av Noregs haldning til kvalfangst, eller da dei i nyare tid blei møtt av illsinte laksedemonstrantar i Chile, seier Skrede.

Dokumentarserien har premiere søndag 17. januar på NRK1 og i NRK TV kl. 20.15.

Kontakter

Bilder

I intervju på Slottet og utanlands byr kongeparet på personlege historier og sterke inntrykk frå sine internasjonale statsbesøk gjennom 30 år.

FOTO: ROY KENNETH SYDNES JACOBSEN / NRK
I intervju på Slottet og utanlands byr kongeparet på personlege historier og sterke inntrykk frå sine internasjonale statsbesøk gjennom 30 år. FOTO: ROY KENNETH SYDNES JACOBSEN / NRK
Last ned bilde
I fjor blei kongen og dronninga intervjua i ved Dødehavet under reisa til Jordan, som hittil er nummer 50 i rekka av kongeparet sine statsbesøk utanlands.

FOTO: GUNNAR BRATTHAMMER / NRK
I fjor blei kongen og dronninga intervjua i ved Dødehavet under reisa til Jordan, som hittil er nummer 50 i rekka av kongeparet sine statsbesøk utanlands. FOTO: GUNNAR BRATTHAMMER / NRK
Last ned bilde

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no
Som allmennekringkaster skal NRK fylle viktige sosiale, kulturelle og demokratiske behov i det norske samfunnet. NRK tilbyr et bredt og variert medietilbud for det norske publikum gjennom NRK.NO, NRK TV, NRK Radio, fem TV-kanaler og 14 radiokanaler. Nær ni av ti nordmenn tar daglig del i innhold fra NRK på en eller flere plattformer.

Følg saker fra NRK

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom