Høgskulen i Volda

Ny bok blir pensum i unikt studium i nynorskopplæring

Del

Det er ikkje flaut å kvi seg eller streve med nynorsk. Er du lærar som underviser i norsk i grunnopplæringa og vil auke kompentansen i nynorsk? Høgskulen i Volda tilbyr eit unikt studium som ingen andre i Noreg har - med ei splitter ny lærebok på pensum. Forfattarane vil vise at nynorsk opplæring er moderne.

Gudrun Kløve Juuhl, Hjalmar Eiksund og Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Institutt for språk og litteratur har forfatta ei ny og annleis lærebok om nynorskdidaktikk. Foto: Lene Mo Flataker.
Gudrun Kløve Juuhl, Hjalmar Eiksund og Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Institutt for språk og litteratur har forfatta ei ny og annleis lærebok om nynorskdidaktikk. Foto: Lene Mo Flataker.

Institutt for språk og litteratur (ISL) ved Høgskulen i Volda (HVO) er sterke på etterutdanning av lærarar, og har eit innhaldsrikt tilbod i alt frå erfaringsbaserte masterar til studium innan Digital kompetanse og Kompetanse for kvalitet.

HVO har også den største kompetansen på nynorsk i heile landet, og tek eit særleg ansvar for å bevare og utvikle nynorsk språk og skriftkultur. Gjennom ISL tilbyr høgskulen eit nettbasert studium, Nynorsk i opplæringa del 2, som gir lærarar moglegheita til å styrke nynorskkompetansen.

Fleire verktøy å bruke i undervisinga

– Det er ingen andre som tilbyr eit slikt studium i nynorskopplæring. Det er heilt nettbasert, og det er mogleg for lærarar i heile landet å ta det ved sidan av jobben sin, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle ved ISL.

Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa, men det er også nyttig for alle som vil heve nynorskkompetansen sin. Skriving på nynorsk er heilt sentralt, og deltakarane får tett oppfølging frå dyktige faglærarar og medstudentar på emnet.

– Det er nok flest lærarar som underviser i nynorsk som sidemål som kanskje føler dei manglar litt kompetanse på området. Då er Nynorsk i opplæringa perfekt for dei, slik at dei kan få fleire verktøy å bruke i undervisinga si, legg Gudrun Kløve Juuhl ved ISL til.

Nynorsk i opplæringa del 2 går over to semester, og finst både som vanleg vidareutdanningsstudium og som Kompetanse for kvalitet. Det er mogleg å starte studietida både om hausten og våren, og ein kan søkje på våropptaket allereie no.

Såg behovet for ei oppdatert bok

På pensum kjem også ei splitter ny lærebok, Nynorskdidaktikk, som allereie er del av pensum i fleire andre studium. Den er forfatta av Gudrun Kløve Juuhl, Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Hjalmar Eiksund, som alle har forska på og underviser i nynorskdidaktikk ved HVO.

I 2018 såg dei eit behov for ei oppdatert bok for lærarar og studentar om nynorskopplæring, og etter kvart kom Samlaget til bordet med det same synet.

– Boka er sett saman av ulike emne vi meiner er viktige for lærarar som underviser i nynorsk som både hovudmål og sidemål. Det finst så mange andre inngangar elevar treng å møte enn berre språkhistorie, Ivar Aasen og grammatikk, seier Kibsgaard Sjøhelle og held fram:

– Vi har lyst til å vise at nynorsk opplæring er moderne, og at det er eit aktivt skriftspråk.

Vil passe inn i lærarutdanningane over heile landet

Hjalmar Eiksund fortel at boka er eit resultat av noko dei sjølve har sett at dei har mangla i lærarutdanninga.

– Det er ikkje tilfeldig at det er tilsette ved HVO som har skrive boka. Nynorskdidaktikk står veldig sterkt i forskingsmiljøet her, og har gjort det lenge. Difor er det også naturleg at det er HVO som kjem med ei slik bok. I tillegg står nynorsk sterkt i strategien til høgskulen. Vi skal vise at vi følgjer opp, og at vi har den faglege kompetansen.

Eiksund, Kløve Juuhl og Kibsgaard Sjøhelle håper Nynorskdidaktikk, som også inneheld kapittel frå Pernille Fiskerstrand og Jan Inge Sørbø, vekker meir interesse for nynorsk.

– Også blant dei som tykkjer nynorsk er framand eller vanskeleg. Dette er ei lærebok som skal vere meir tilgjengeleg og lettlese, og den vil passe inn i lærarutdanningane over heile Noreg, seier Kibsgaard Sjøhelle.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Gudrun Kløve Juuhl, Hjalmar Eiksund og Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Institutt for språk og litteratur har forfatta ei ny og annleis lærebok om nynorskdidaktikk. Foto: Lene Mo Flataker.
Gudrun Kløve Juuhl, Hjalmar Eiksund og Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Institutt for språk og litteratur har forfatta ei ny og annleis lærebok om nynorskdidaktikk. Foto: Lene Mo Flataker.
Last ned bilde
Forfattarane bak den nye læreboka Nynorskdidaktikk meiner boka vil passe inn i lærarutdanningane i heile Noreg. Foto: Lene Mo Flataker.
Forfattarane bak den nye læreboka Nynorskdidaktikk meiner boka vil passe inn i lærarutdanningane i heile Noreg. Foto: Lene Mo Flataker.
Last ned bilde
Kløve Juuhl, Eiksund og Kibsgaard Sjøhelle vil vise at nynorsk opplæring er moderne med boka Nynorskdidaktikk.
Kløve Juuhl, Eiksund og Kibsgaard Sjøhelle vil vise at nynorsk opplæring er moderne med boka Nynorskdidaktikk.
Last ned bilde

Lenker

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom