NVE: I år har breane vorte tynnare og brefrontane har smelta tilbake
10.12.2021 07:00:00 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
– Dei siste 20 åra har alle breane vi følgjer med på trekt seg tilbake. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy.
Massebalansen til ein bre er forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren. Sidan det snør mest på toppen av breen og smeltar mest nær brefronten, så er det massebalansen for heile breen sitt areal som er avgjerande.
NVE sine målingar av massebalanse på brear viser at i 2021 har alle dei ti breane hatt underskot. Breane i Sør-Noreg fekk mindre snø enn normalt i vinter, medan breane i Nord-Noreg fekk meir snø enn normalt. Bresmeltinga gjennom sommaren var større enn normalt på breane i Sør-Noreg og i Nordland, men mindre enn normalt lengst i nord. Resultat for 2021 vart dermed underskot for alle breane.
Negativ massebalanse i lengre tid
Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Breane i Noreg har den same utviklinga som dei fleste breane i resten av verden. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik dei siste 20 åra.
– Når breane trekk seg tilbake så dannar det seg ofte eit vatn framfor brefronten. Dette skuldast at mange brear ligg i forsenkingar i dalføret eller i ein botn. Forsenkingane har breane sjølv erodert ut over svært lang tid. Når slike brekantsjøar veks fram, så forsterkar det bresmeltinga, forklarar Hallgeir Elvehøy.
Sogn og Fjordane
I breområda i Sogn og Fjordane har ni målte brear i snitt trekt seg tilbake 30 meter. Størst tilbakegang hadde Austerdalsbreen i Luster med 130 meter i år og 544 meter dei siste 20 åra. Austerdalsbreen endar no i eit vatn. Nigardsbreen trakk seg tilbake 39 meter i år, og har trekt seg tilbake 618 meter sidan 2001. I Hurrungane i Vest-Jotunheimen har Styggedalsbreen trekt seg tilbake 37 meter i år og 221 meter dei siste 20 åra. Etter som brefronten har trekt seg tilbake har det vokse fram eit vatn framfor breen.
På Ålfotbreen i Bremanger og Nigardsbreen i Luster kom det mindre snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga var større enn normalt. Massebalansemålingane på Nigardsbreen og Ålfotbreen viste dermed eit stort underskot i år. Massebalansemålingane har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 20 meter tynnare dei siste 20 åra, medan Nigardsbreen har minka med om lag 5 meter. Den store forskjellen mellom disse breane er at Nigardsbreen ligg mykje høgare over havet enn Ålfotbreen.
Les mer på nve.no.
Kontakter
Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, 92 44 61 89
Seksjonsjef Rune Engeset, 99 03 88 68
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Vindkraftkommuner får utbetalt 332 millioner kroner18.9.2026 08:18:26 CEST | Pressemelding
Vindkraftprodusenter må hvert år betale en produksjonsavgift, som NVE fordeler til vertskommunene. Dette sikrer at kommuner som stiller areal til rådighet for vindkraft får noe av kraftinntektene. Årets utbetaling til norske vindkraftkommuner er på rett under 332 millioner kroner.
Nå kan man søke om konsesjon til store vannkraftprosjekter digitalt10.9.2026 12:05:00 CEST | Pressemelding
Fra nå av skal også søknader om større vannkraftsaker sendes inn digitalt. Kraftprodusentene får en oversikt over sine konsesjoner og kan foreslå en prioritering av sine saker. Med den nye løsningen på plass, vil NVE få digital støtte til å gjennomføre en tidlig kvalitetssikring, slik at saken er kan sendes ut på høring med en gang etter at den er tatt til behandling. Dette vil bidra til kortere samlet ledetid.
NVE har startet boreprosjekt på ustabilt fjellparti i Kåfjord8.9.2026 08:50:22 CEST | Pressemelding
Siden begynnelsen av august har NVE boret i det ustabile fjellpartiet Indre Nordnes i Kåfjord kommune. Målet er å få mer kunnskap om hva som skjer inne i fjellet og styrke overvåkingen av området.
Nå er over halvparten av vindkraften her til lands norskeid2.9.2026 09:22:17 CEST | Pressemelding
Flere eierskifter de siste årene har gjort at norsk eierskap i vindkraft nå er på 51 prosent. Den norske eierandelen øker også for vann- og solkraft. Det viser nye tall fra Norges vassdrags- og energidirektorat.
NVE fremmer ikke innsigelse til revidert reguleringsplan for småhusområder i Oslo1.9.2026 10:05:19 CEST | Pressemelding
NVE har etter en samlet vurdering valgt å ikke fremme innsigelse til den reviderte detaljreguleringsplanen for småhusområder i Oslos ytre by. Samtidig understreker NVE at Oslo kommune fortsatt har et lovpålagt ansvar for å avklare naturfare før det kan gis byggetillatelse i de områdene der dette ennå ikke er tilstrekkelig avklart.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
