NVE gjev løyve til å teste havvindteknologi i Mehuken vindkraftverk

Mehuken vindkraftverk i Kinn kommune har i dag elleve vindturbinar i drift. NVE har no gjeve løyve til å etablere ein testturbin for offshore vindteknologi i same område. Turbinen skal settast opp på land, der det tidlegare har stått ein annan vindturbin.
– Mehuken testturbin representerer utvikling av ny teknologi for flytande havvind, og vertskommunen er positiv. Vi har lagt stor vekt på dette i avgjerda vår. I tillegg er testturbinen i tråd med fleire stortingsvedtak og regjeringa sine mål om teknologiutvikling knytt til flytande havvind, seier Svein Grotli Skogen, seksjonssjef i NVE.
Testturbinen er ein ny type teknologi for flytande vindkraft til havs. For å få verifisert og typegodkjent teknologien, lyt selskapet teste turbinen i eit kystnært område med høge vindhastigheitar. Målet med teknologien, som testturbinen er ein del av, er vesentleg reduksjon i kostnadane for flytande havvind.
Får løyve for tre år
Testturbinen får løyve for ein driftsperiode på tre år. Turbinen vert 65 meter høg og vil ha ei installert effekt på inntil 1 MW.
I løpet av dei tre åra skal turbinen testast i to ulike oppsett, med tre og fire rotorblad. Målet er å observere korleis turbinen presterer med dei forskjellige rotorane. Rotorfarta og rotordiameteren er lik for begge oppsetta.
Må gjennomføre støymålingar
NVE har lagt vekt på støy og visuelle verknader knytt til testturbinen. Medan sistnemnde i liten grad kan reduserast, har NVE sett vilkår i løyvet om kva det maksimale støynivået frå testturbinen kan vere. NVE har og pålagt konsesjonær å gjennomføre støymålingar to gonger i løpet av driftsperioden, for å dokumentere støynivået.
Les meir om saka på konsesjonssidene til NVE.
Nøkkelord
Kontakter
Svein Grotli Skogen, seksjonssjef for energikonsesjonar
E-post: svgrsk@nve.no
Tlf: 22 95 91 70
Marte Lundsbakken, sakshandsamar
E-post: many@nve.no
Tlf: 22 95 90 38
Bilder


Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom