NVE gir løyve til vassuttak og fiskepassasje i elva Kaldvella i Trøndelag
Kultiveringsanlegget på Ler er eit eksisterande anlegg som NVE har kalt inn til konsesjonshandsaming, fordi tersklar tilhøyrande inntakskonstruksjonen i dag sperrer for vidare oppgang av sjøøaure og laks i elva. Dette er til vesentleg ulempe for naturmangfald.
NVE gir Settefiskanlegget Lundamo løyve etter vassressurslova til eit maksimalt vassuttak på 66 liter i sekundet frå Kaldvella i Gaulavassdraget. Vatnet skal brukast til produksjon av fisk for utsetting i vassdrag. Dette formaliserer eksisterande drift ved anlegget.
Tiltak skal betre forholda for sjøaure
Kaldvella er ei sideelv til Gaula, og viktig gyte- og oppvekstområde for sjøaure. Det skal leggast til rette for fiskevandring i øvre del av Kaldvella ved at nedre terskel blir fjerna, og at det blir etablert tovegs fiskepassasje forbi øvre terskel ved inntaket til anlegget. Tiltaka vil føre til at 5,3 km elvestrekning (24 000 m2 ) blir tilgjengeleg for sjøaure og laks. Dette arealet inneheld gode gyte- og oppvekstareal for særleg sjøaure. Betring av moglegheita for fiskevandring i Kaldvella er et av dei største enkelttiltaka for å betre forholda for sjøaure i Gaulavassdraget.
Gaulavassdraget er både verna vassdrag og nasjonalt laksevassdrag. Etter en heilskapleg vurdering meiner NVE at tiltaka er positivt for ivaretaking av verneverdiane til Gaulavassdraget og ikkje i konflikt med beskyttelsesregimet for nasjonale laksevassdrag
Les meir om konsesjon til vassuttak frå Kaldvella og løyve til etablering av fiskepassasje
Kontakter
Seksjonssjef Gry Berg
Tlf: 41293086
E-post:gbe@nve.no
Seniorrådgjevar Ellen Lian Halten
Tlf: 41205617
E-post: elha@nve.no
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom