Norske sjukehus sparte over 37 000 tonn CO2-utslepp i 2020

I rapporten er klimarekneskapen for 2020 summert opp. Færre reiser på grunn av koronapandemien, nye digitale måtar å jobbe på og eit varmt år gav lågare energiforbruk i sjukehussektoren. Ifølgje Meteorologisk institutt var 2020 det varmaste året sidan målingane starta for 120 år sidan.
Tilsette i spesialisthelsetenesta gjennomførte 71 prosent færre flyreiser i 2020 samanlikna med året før. Dette er ein reduksjon på nesten 10 000 tonn CO2, som svarar til 1800 gonger rundt jorda med fly og over 130 millionar kroner spart i flybillettar.
Sårstell med videokonferanse
2020 sette fart i bruk av digitale verktøy i alle helseføretaka i Noreg. I rapporten kan du lese at UNN Harstad steller sår via videokonferanse. St. Olavs hospital har målt at den utovervende digitale verksemda (telefon og video) har auka frå 3 til 22 prosent i 2020.
I dag er 26 prosent av kjøretøyparken ved Oslo universitetssykehus fri for utslepp, med god hjelp frå elbilsatsinga i transportavdelinga og prehospital klinikk. Målet om 15 prosent kjøretøy frie for utslepp innan 2020 blei nådd med god margin.
Spesialisthelsetenesta skal vera leiande i sitt arbeid med miljø og berekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennleg drift.
Selskap med statleg eigardel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er leiande på sine område. I tillegg til forventingar knytte til klima og miljø skal sjukehusa også jobbe systematisk med menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Sjukehusinnkjøp har blant anna hatt ei vellukka oppfølging av ein fabrikk i Malaysia, som sikra oss nok eingongshanskar under pandemien.
Eit viktig samfunnsansvar
Denne rapporten er den tredje fellesrapporten dei fire regionale helseføretaka presenterer om spesialisthelsetenesta sitt arbeid med samfunnsansvar. Rapporten omfattar alle helseføretak i landet og dei felleseigde selskapa. Innhaldet i rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrett, i tillegg til antikorrupsjon.
Spesialisthelsetenestan ønskjer å vere leiande i sitt arbeid som ansvarleg verksemd og bidra til ei berekraftig utvikling. Som ein av dei største eigendomsforvaltarane i Noreg, er Helse Sør-Øst sitt ansvar bevisst og har slutta seg til strakstiltaka i eigedomssektorens vegkart for grøn omstilling.
Nøkkelord
Kontakter
Ivar Eriksen
eigardirektør
Helse Vest RHF
415 33 814
Brita Mauritzen Næss
seniorrådgivar
Helse Vest RHF
906 74 555
Bilder



Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Tar for mange prøvar: Ni tiltak mot overforbruk1.7.2025 11:58:49 CEST | Pressemelding
I heile landet har talet på laboratorieanalysar auka kraftig dei siste åra. Mange av desse analysane vert gjort utan at det er god medisinsk grunn. Ni tiltak skal få ned overforbruket.
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom