Samferdselsdepartementet

Nordøyvegen får 60,5 millionar kroner årleg når vegen opnar

Del
- Vi har no avgjort at Nordøyvegen i Møre og Romsdal er omfatta av ferjeavløysingsordninga. Det betyr at Møre og Romsdal vil få pengar frå staten fordi ferjesambanda vertlagt ned når prosjektet opnar. Den nye vegen vil lette kvardagen til innbyggjarane på øyane. Prosjektet knyter saman heile den nye storkommunen Ålesund, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet har tatt avgjersla om at prosjektet er omfatta av ferjeavløysingsordninga. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett summen på utbetalinga. Denne arbeidsdelinga er i tråd med retningslinene for den fylkeskommunale ferjeavløysingsordninga.

- Dersom alt går etter planen, opnar vegen i 2022. Det betyr at prosjektet får 60,5 millionar kroner i året frå staten frå 2023. Dette er meir pengar enn det fylkeskommunen har vorte stilt i utsikt tidlegare. Desse pengane skal gå til fylkeskommunen for å delfinansiere prosjektet. Dette styrkjer distrikts-Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Nordøyvegen er eit prosjekt som bind saman fem øyar nord for Ålesund i Møre og Romsdal. Tre tunnelar og eitt brusamband skal byggjast. Prosjektet blei vedtatt av Møre og Romsdal fylkesting i 2018, og arbeidet starta opp i 2019.

Øyane låg tidlegare i Haram og Sandøy kommunar, men desse kommunane vart ein del av Ålesund kommune frå 1. januar 2020. Når vegen er ferdig, har øyane fastlandsamband med resten av kommunen.

Fylkeskommunen får utbetalt ferjeavløysingsmidlar for nominelle byggjekostnadar, minus bompengar og meirverdikompensasjon pluss 50 prosent av berekna rentekostnader. Midlane vert prisomrekna i utbetalingsperioden. Med dagens rentenivå vil utbetalingsperioden vere 42 år.

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Ny Stortingsmelding skal sikre Norges posisjon som foregangsland for droner og ny luftmobilitet25.4.2024 07:00:00 CEST | Pressemelding

– Vi står overfor et paradigmeskifte i luftfarten, hvor vi ved hjelp av stadig mer avanserte droner kan løse stadig flere og mer komplekse oppgaver i samfunnet. Dette kan i tillegg gjøres mer effektivt og sikkert, til lavere kostnader og med reduserte utslipp. Vi har som mål at Norge fortsatt skal være et foregangsland for droner. Derfor starter vi arbeidet Norges første stortingsmelding for droner og ny luftmobilitet. Denne skal være klar i løpet av våren 2025, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye