No kan media søke om 21 millionar kroner i innovasjonsstøtte

Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedium.
– I tillegg til å prioritere små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal omkring halvparten av støtta gå til aviser som blir særleg ramma av endringane med færre postomdelingsdagar, seier Velsand.
Media kan søke støtte til felles prosjekt
Også søknader om støtte til innovasjons- og utviklingstiltak som rettar seg mot innvandrarar og språklege minoritetar, skal prioriterast i tildelinga for 2022. Det same gjeld prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.
Støtta kan ikkje vere høgare enn 40 prosent av prosjektkostnadene, men prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, kan få støtte som svarer til inntil 50 prosent av prosjektkostnadene. Fleire kan gå saman om å søke om tilskott til fellesprosjekt.
Fristen for å søke innovasjons- og utviklingsstøtte for 2022 er 15. desember 2021.
Søk via Medietilsynets søknadsportal Min side her
Her kan du lese meir om støtteordninga
Fakta om innovasjons- og utviklingsstøtte til nyheits- og aktualitetsmedium
- Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018, og er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- I forslaget til statsbudsjett for 2022 er det sett av 20,9 millionar kroner til ordninga. Fristen for å søke støtte for 2022 er 15. desember 2021. Pengane blir fordelte i éin tildelingsrunde.
- Aviser som har utfordringar med distribusjonen på grunn av færre postomdelingsdagar, kan få støtte til digitalisering og omstilling gjennom ordninga.
- Prosjekt i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte. Det same gjer prosjekt som rettar seg mot innvandrarar, språklege minoritetar, og som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsetjingar.
For spørsmål om innovasjonsstøtteordninga ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium18.12.2025 11:20:15 CET | Pressemelding
Lokalradio, lokal-tv, podkast og ikkje-direktesende bildeprogram med sendingar for eit lokalt publikum, kan nå søke Medietilsynet om støtte for 2026. Til saman 24,7 millionar kroner skal fordelast gjennom tilskottsordninga for lokale lyd- og bildemedium i 2026.
Nå kan også digitale medium søke tilskott for journalistikk på samisk17.12.2025 08:25:14 CET | Pressemelding
Den nye tilskottsordninga for samiske nyheits- og aktualitetsmedium opnar for søknader også frå digitale medium. Til nå har ordninga berre vore omfatta av aviser som kjem ut på papir.
TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket12.12.2025 07:51:30 CET | Pressemelding
Medietilsynet gir TV 2 gebyr på 300 000 kroner for brot på sponsereglane under sommarens Tour de France. Sponsorplakatane i sendingane hadde for lang varigheit.
X får 1,4 milliarder kroner i bot av EU – viktig for brukernes sikkerhet, sier Medietilsynet11.12.2025 12:31:32 CET | Pressemelding
EU-kommisjonen bøtelegger X med 120 millioner euro, drøyt 1,4 milliarder kroner, for alvorlige brudd på Digital Services Act, DSA.
Medietilsynet foreslår endringer i mediestøtten19.11.2025 13:22:08 CET | Pressemelding
Flere endringer foreslås for å gjøre de direkte mediestøtteordningene mer treffsikre og forutsigbare.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
