No kan du søke Medietilsynet for å bygge ut anlegg for DAB-sendingar på Helgeland
2.6.2022 09:23:37 CEST | Medietilsynet | Pressemelding

Dersom det kjem inn fleire søknader, kan tildelinga bli avgjord ved auksjon. Dersom Medietilsynet ikkje får konkurrerande søknader innan fristen, kan anleggskonsesjonen for region 30 Helgeland i Lokalradioblokka bli tildelt søkaren. Konsesjonen varer til 31. desember 2031.
Slik søker du anleggskonsesjon
Søknaden om anleggskonsesjon skal vere skriftleg. Om du bruker e-post, må du skanne vedlegga og legge dei ved som PDF-filer. Søknaden må innehalde informasjon om:
- namnet, adressa og organisasjonsnummeret til søkaren
- kontaktperson (namn, telefonnummer og e-post)
- eigenerklæring som viser relevant teknisk kompetanse til å opprette og drifte sendaranlegg
- firmaattest
Søknaden må vere underskriven av den eller dei som har fullmakt til å binde selskapet i samsvar med firmaattesten. Søknadsfrist er 23. juni 2022.
Merk søknaden med «Anleggskonsesjon – Lokalradioblokka», og send han til post@medietilsynet.no, eller til Medietilsynet, Att: Lokalradioblokka, Nygata 4, 1607 Fredrikstad., eller til Medietilsynet, Att: Lokalradioblokka, Nygata 4, 1607 Fredrikstad.
Hugs å søke om frekvensløyve
For å kunne bruke konsesjonen til å distribuere kringkasting er det, i tillegg til anleggskonsesjon, eit krav om frekvensløyve. Send søknaden til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Sjå informasjon og rettleiing på Nkom sine sider.
Sjå også sak om denne utlysinga på Nkom sine sider
Dersom søknader inneheld forretningsløyndommar, skal desse opplysningane haldast utanfor offentleg innsyn, jf. reglane i offentleglova og forvaltningslova. Også identiteten til føretak som søker, vil etter ei nærare vurdering kunne haldast utanfor offentleg innsyn. Dersom ein søkar meiner det er grunnlag for å halde opplysningar utanfor offentleg innsyn, må søkaren gjere Medietilsynet merksam på dette.
Les meir om korleis du startar og driftar radio i Noreg på Medietilsynets nettsider
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Forbod mot radio- og tv-reklame to dagar i påska1.4.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og første påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane.
Ny handlingsplan mot spilleproblemer: Medietilsynet styrker innsatsen mot problematisk dataspilling27.3.2026 17:43:20 CET | Pressemelding
Råd til foreldre og yrkesgrupper som jobber med barn og unge om hvordan problematisk dataspilling kan forebygges, er blant Medietilsynets tiltak i regjeringens nye handlingsplan mot spilleproblemer.
Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 202427.3.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet gav to åtvaringar og eitt gebyr i 2025. Dermed blei det gitt færre sanksjonar enn dei tre siste åra, og langt færre enn året før, da det blei gitt seks åtvaringar og tre gebyr for brott på lovverket.
Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur19.3.2026 10:23:51 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.
Lagabui 46 miljovnna mediadoarjagis sámi gillii ja kultuvrii19.3.2026 10:23:08 CET | Pressemelding
Norgga Mediabearráigeahčču rahpá dál mediadoarjaga ohcamušaid sámi ođas- ja áigeguovdilis mediain. Dán jagi juogaduvvo measta 46 miljovnna ruvnno ođđa njuolggadusaid mielde doarjagiid birra sámi ođas- ja áigeguovdilis mediaide.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
