Høgskulen i Volda

Nasjonal forskarkonferanse jubilerer på Høgskulen i Volda

Del

Dette er ikkje kvardagskost i studiebygda Volda: ein stor forskingskonferanse med 100 deltakarar frå heile landet.

NOA 2023, den nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk, går av stabelen for tiande gong 25.–26. mai. Konferansen skal jubilere, og arrangøren skal debutere: Dette er første gongen Høgskulen i Volda (HVO) er vertskap for NOA-konferansen.

– Det er stas å få arrangere dette. Vi var også positivt overraska over at så mange ville ta turen; konferansen var tidleg fullteikna, seier Birgitte Fondevik, dosent ved Institutt for språk og litteratur ved HVO.

Fondevik og Randi Myklebust, førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, er fagleg ansvarlege for konferansen, som leiarar av forskingsgruppa Språkleg og kulturelt mangfald i utdanning ved HVO.

– Vi er stolte over å ha klart å utvikle eit fagmiljø ved høgskulen over tid som er synleg nasjonalt og gjer det mogleg å arrangere ein slik konferanse her, fortel Fondevik.

Rikhaldig program

Temaet for årets konferanse er Språkleg og kulturelt mangfald i utdanning. Det blir eit tettpakka program med parallelle presentasjonar om alt frå imitasjon av innvandrarnorsk i standupkomedie til korleis spel kan hjelpe barn med lite norskerfaring til å øve på uttale. Fleire forskarar frå HVO skal også ha innlegg under sesjonane.

– For forskingsgruppa vår betyr det mykje å få konferansen hit til Volda, kanskje spesielt for yngre forskarar. Ein får byggje nettverk, kjenne på eit fagleg fellesskap og få motivasjon og inspirasjon til si eiga forsking, seier Myklebust.

Norsk som andrespråk er eit fagfelt som har vakse fram saman med innvandringa til Noreg. Forskinga på feltet tek mellom anna føre seg fleirspråklegheit, andrespråksutvikling og andrespråksdidaktikk.

– Det kjem både språkforskarar og pedagogar til konferansen, og forskinga som skal presenterast, gjeld alt frå praktisk språkopplæring til grammatisk analyse av spesielle språktrekk, forklarer Myklebust.

Forsking tett på verkelegheita

Norsk som andrespråk er eit fagfelt som ligg tett på dei praktiske behova og den verkelege verda.

– Det er også viktig for regionen vår at HVO har dette som forskingsfelt. Mange studerer og tek vidareutdanning hos oss i fleirspråklegheit og mangfald for arbeid i skule og barnehage, og eit godt forskingsmiljø her gir eit oppdatert praksisfelt der ute, seier Myklebust.

Fondevik og Myklebust forskar også sjølve og er rundt i skular og barnehagar. Dei erfarer at barnehagelærarar og lærarar ønskjer skolering, og at det er interesse for å lære meir om språkleg og kulturelt mangfald i utdanning.

– Mangfaldet i skulen i dag er stort og komplekst, så lærarane kan lett bli utrygge på korleis dei best går fram, til dømes når det gjeld kva rolle ulike morsmål skal kunne ha i opplæringa, forklarer Myklebust.

Med NOA-konferansen får dei som forskar på norsk som andrespråk, viktig fagleg påfyll, noko som både kan styrke undervisninga og lærebøkene innan dette fagfeltet.

Gjev pris skal delast ut

Det knyter seg òg spenning til kven som blir tildelt den gjeve Anne Hvenekilde-prisen 2023.

Prisen, som har vore utdelt under NOA-konferansen sidan starten i 2004, skal stimulere til forsking på fagfeltet. Prisen går til éin eller fleire forskingsrekruttar som nyleg har levert ei utmerkt masteroppgåve eller doktoravhandling.

Anne Hvenekilde (1940–2001) var den første professoren i norsk som andrespråk. Ho hadde ei unik rolle i etableringa og utviklinga av dette fagområdet, både forskingsfeltet og undervisingstilbodet, innanfor heile utdanningsløpet. Ho la stor vekt på å stimulere andre til engasjement på feltet og var spesielt oppteken av å støtte og synleggjere hovudfagsstudentane i norsk som andrespråk.

Prismottakaren skal stå for Anne Hvenekilde-forelesinga under konferansen.

– Det er eit ærefullt oppdrag for prisvinnaren. Som relativt fersk forskar får ein halde foredrag her i plenum over det ein har skrive avhandling om, og heidre den første fagpersonen på feltet, avsluttar Myklebust.

Kontakter

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye