Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 2022

Del
Kongen av sevdah, Damir Imamovic, frå Bosnia-Herzegovina er ein av årets temaartistar på Førdefestivalen.
Kongen av sevdah, Damir Imamovic, frå Bosnia-Herzegovina er ein av årets temaartistar på Førdefestivalen.

Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen.

Musikk i kriser

Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon eller brukar musikken til å kjempe for fridom, rettferd og fred. -Førdefestivalen vil først og fremst heidre musikken og hylle dei som gjer at den lever og vil leve i framtida, forklarer Almås.

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Norske minoritetar

-I ekstreme tilfelle veit vi at styresmakter forbyr musikk i alle former. Her i Norge er det samane som har kjent eit forbod på kroppen, då joik var forbode til langt ut på 70-talet. Joiken spelte ei viktig rolle i den samiske kampen mot undertrykking, og takka vere modige og kloke songarar står denne tradisjonen sterkare i dag enn nokon gong. På plakaten i Førde står Aššû medUlla PirttijärviogOlav Torget. 

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

-Førdefestivalen har ved fleire høve presentert romfolket sine sterke musikktradisjonar frå andre kantar av verda. I år er vi så heldige at den store stemma tilElias Akselsenskal formidle songane frå den norske tatertradisjonen. Med seg har han ingen ringare ennStian Carstensen fortel Almås.

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Bosnisk nasjonalskatt

Musikk lækjar hjarta våre og får oss gjennom alt. Den trøystar i vanskelege tider, og utfordrar i gode. Så er det tider, som dei vi lever i no, då vi treng å lækje musikken. For å gjengjelde ei teneste til ein god ven, seier sevdah-kongen, Damir Imamovic, frå Bosnia-Herzegovina. Sevdahtradisjonen i har røter tilbake til 1500-talet og utvikla seg på kafeane i Sarajevo og Mostar på 1900-talet. Musikkforma var svært populær i Jugoslavia i 20 og 30-åra, og under kommunismen frå 45-90, var det sevdah-musikken som underheldt massane. Sevdah kunne gått inn i historia som ein utdatert kultur som tilhøyrde Tito-regimet, men under bosniakrigen fekk den ein ny vår, takka vere ein ny generasjon musikarar, ikkje minst Damir Imamovic.

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Ørkenblues-aktivisme

Ebo Krdumvar aktiv og brukte musikken sin i den fredelege revolusjonen mot det korrupte og valdelege regimet i krigen i Darfur i heimlandet Sudan. 21 år gamal flykta han til Sverige. For å bli musikar og for å skape endring gjennom musikk. Musikarane i bandet hans, Genuine Mezziga, er handplukka. Dei syng på daju, pels, svensk, engelsk, arabisk og fransk. -Det er så fint. Eg ønskjer verkeleg at folk, sjølv i flyktningleirar i Sudan skal kunne ta del i det vi syng om, om politikk, kjærleik og fridom, seier Ebo Krdum, som kjem med sin ørkenblues-aktivisme til Førde.

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Kongolesisk rumba

Hit kjem ogsåDizzy Mandjeku& Odembe OK All Stars. -Mandjeku er ei levande legende når det gjeld å ta vare på og utvikle Kongo sin verdskjende musikktradisjon, kongolesisk rumba. Rumbaen oppstod i Sentral-Afrika, og kom med slavane til Karibia. Her vart den påverka av cubansk son, før den igjen gjorde sitt inntog i Kongo. -Den kongolesiske rumbaen spelte ei sentral politisk rolle i landet sin kamp mot koloniherrane på 1900-talet, og det er denne rolla i motstandskampen som har inspirert musikarar verda over. Musikktradisjonen er ein viktig del av identiteten til begge dei kongolesiske republikkane i dag, og 14. desember 2021 fekk kongolesisk rumba Unesco-status på linje med jamaikansk reggae, spansk flamenco og folkemusikk frå Setesdal.

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Armenia, Tyrkia, Iran og Palestina

Armenia og Tyrkia har ei blodig historie, men har også mange kulturtradisjonar til felles. DudukspelarenVardan Hovanissianog saz-meisterenEmre Gültekinhar utforska dei tette banda mellom tyrkiske og armenske tradisjonar i mange år. Med musikken sin opnar dei dørene til den rike musikktradisjonen i dette urolege beltet, som også omfattar Georgia, Iran og dei kurdiske områda.

Hvis du vil se dette innholdet fra resources.mynewsdesk.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

IAtine, kjem tre av dei fem kvinnelege musikarane frå Iran, eit land der kvinner ikkje har kan opptre offentleg. Dei hentar inspirasjon frå persisk musikk på slutten av 1800-talet byrjinga av 1900, men Atine tek både musikk og tekstar inn i si eiga tid. - Musikken vår er fri, seier Atine. Vi vil ikkje kopiere, men skape noko nytt, og vi ønskjer å vise kva det er å vere persisk i dag. At det handlar meir om å vere fri enn å hugse.

Kunst i kriser - tema på konferanse

På Førdekonferansen 2022, dagskonferansen som vert arrangert torsdag 7. juli, vil temaetKunst i kriserbli drøfta av spennande norske og internasjonale innleiarar.

 

Artistar til Førdefestivalen 2022 - pr 28. januar 2022:

Assu - Sapmi / Norge; Atine - Iran / Palestina / Frankrike; Damir Imamovic - Bosnia-Herzegovina; Ebo Krdum - Sudan; Dizzy Mandjeku & Ok All stars - Kongo; Vardan Hovanissian & Emre Gültekin - Armenia / Tyrkia; Elias Akselsen / Stian Carstensen / Ola Kvernberg - Norge

Fullt program og komplett artistliste kjem 31. mars. 

Related links

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Kongen av sevdah, Damir Imamovic, frå Bosnia-Herzegovina er ein av årets temaartistar på Førdefestivalen.
Kongen av sevdah, Damir Imamovic, frå Bosnia-Herzegovina er ein av årets temaartistar på Førdefestivalen.
Last ned bilde
Dizzi Mandjeku & Odemba Ok All Stars
Dizzi Mandjeku & Odemba Ok All Stars
Last ned bilde
Vardan Hovanisisan & EmreGultekin-Dieter Telemans (37)
Vardan Hovanisisan & EmreGultekin-Dieter Telemans (37)
Last ned bilde
ATINE Foto: JEFF LE CARDIET
ATINE Foto: JEFF LE CARDIET
Last ned bilde
Damir Imamovic - Foto: Samir Cerić Kovačević
Damir Imamovic - Foto: Samir Cerić Kovačević
Last ned bilde
Ebo Krdum - Foto: Olof Grind
Ebo Krdum - Foto: Olof Grind
Last ned bilde
ASSU - Olav Torget - Ulla Pirttijärvi
ASSU - Olav Torget - Ulla Pirttijärvi
Last ned bilde
Elias Akselsen - Foto: Knut Utler
Elias Akselsen - Foto: Knut Utler
Last ned bilde

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde

46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år. 

Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førdefestivalen har sleppt heile programmet30.3.2023 15:00:36 CEST | Pressemelding

Med DRAUMAR som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer. -Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet. Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør. -Saman med alle andre i festivalbransjen håpar vi at publikum for alvor finn vegen tilbake til konsertane og den levande musikken.

DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

Førdefestivalen arrangerer gratis familiefest18.11.2021 14:58:00 CET | Pressemelding

-Sidan hausten 2020 har Bornas Verdsdag Førde vorte avlyst, flytta og avlyst igjen, men no er vi endeleg klare for ei ny utgåve av denne fine internasjonale familiedagen i Førdehuset, seier prosjektleiar Ingebjørg Nomeland. Ho og resten av festivalstaben, saman med fleire frivillige, gler seg til å fylle heile Førdehuset med miniverkstader, aktivitetar, internasjonal mat og ikkje minst ein herleg gratis familiekonsert med Igor & Fe3ne. Igor & Fe3ne, er Igor Dunderovic, Daniel Lazar, Almir Meskovic og Elvis Medic, fire superseriøse musikarar som alle har opphav utanfor Norge, har laga sine heilt egne versjonar av dei mest kjende barnesongane våre. Dei har gjort det av kjærleik til sitt nye heimland, men dei har miksa både tekstane og musikken med sine eigne opphav, balkanrytmane, og hundrevis av historier dei har samla, eller laga, om mystiske karakterar: Ali Baba, Baba Lille Lam, Lille fetter Eddy Yerkov, Mikha Ilrev, Shimshiri Omnshimshiri, Katarina Paus, og fleire andre som alle snak

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye