Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førdefestivalen har sleppt heile programmet

Del
Med DRAUMAR som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer. -Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet. Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør. -Saman med alle andre i festivalbransjen håpar vi at publikum for alvor finn vegen tilbake til konsertane og den levande musikken.
Breabach - årets folkemusikgruppe i Skottland i 2022 spelar i Førde i sommar,
Breabach - årets folkemusikgruppe i Skottland i 2022 spelar i Førde i sommar,

Ønskjer å overraske

Førdefestivalen ønskjer å skape forståing på tvers av kulturar, religion og tradisjonar. -Vi vil vere ei motvekt til mainstream-kulturen ved å tilby eit program som kan overraske og gje publikum nye impulsar, seier den nye direktøren. Artistlista på Førdefestivalen er, har vore og skal vere utan sidestykke i Norge!

I år byggjer festivalen på temaet DRAUMAR. -Etter eit par spesielle år både globalt og lokalt, er det behov for litt lettare tema, litt luft under vengjene, seier festivaldirektøren. Gjennom musikken kan ein drøyme seg bort, og i musikken kan ein vere fri. Draumar er noko vi alle ber på, det er noko festivalen ønskjer å formidle.  

Artistar med store draumar

Draumen om fridom er ei viktig drivkraft for fleire av artistane på festivalen. Til dømes haïti-amerikanske Leyla McCalla som i prosjektet Breaking the Termometer to hide the fever hentar fram den sterke historia til radiostasjonen Radio Haiti, som vart folket si stemme i kampen mot den diktatoriske presidenten. Eigaren av Radio Haiti ofra alt for draumen om fridom for folket!

Yungchen Lhamo frå Tibet er verdskjend for si utanomjordisk vakre stemme. Ho har sunge med kjende namn som Peter Gabriel, U2, Sir Paul McCartney, Annie Lennox og Sinnead O’Connor og fleire andre. -Yungchen Lhamo syng iallfall som ein draum, og om musikk kan gje deg sjelefred, må det vere musikken hennar, meiner festivaldirektøren, og tipsar om årets kyrkjekonsert på Førdefestivalen.

Festivalpasset – attraktivt for endå fleire

Førdefestivalen har eksistert i over 30 år, og mykje har endra seg sidan dei første utgåvene. Utvikling og testing er nøkkelord for å gjere festivalen attraktiv for fleire, og i år gjer vi det vi vi må kalle ei stor endring i innhaldet i festivalpasset, fortel Lien. Prinsippet er det same som før, at du ved å kjøpe festivalpass får tilgang til fem store konsertar og i tillegg oppnår stor rabatt på andre konsertar, men til sommaren vil tre av dei fem konsertane vere på laurdag.

Sjekk kva du får for ein tusenlapp på Førdefestivalen: Opningskonserten – DRAUMAR torsdag; konsert med songdronninga Eneida Marta frå Guinea Bissau fredag kveld; laurdag ettermiddag får du konsert med det colombianske fyrverkeriet Cimarrón i parken, og litt seinare får du ein nydeleg dobbelkonsert, med det skotske superbandet Breabach og Gatehouse frå Irland i idrettshallen, før du rundar av med FESTIVALNATTA i Sunnfjordsalen på Scandic, der Nkumba System slår til med sin energiske miks av afrikanske og karibiske rytmar før Kanda Bongo Man, sjølve kongen av soukous, vartar opp med den heitaste dansemusikken som har kome frå Afrika på fleire tiår. -Og i tillegg gjev passet store rabattar på alle andre arrangement på festivalen, legg direktøren til.

Skotske, irske og ungarske stjerner

Breabach er ein av dei største internasjonale suksessane i skotsk folkemusikk, og har stått på festivalen si ønskjeliste lenge. -Når dei no endeleg kjem til Førde, var det berre å rydde plass på den største scena, seier Lien, og gler seg til ein storslagen irsk/skotsk konsert på laurdagskvelden. Breabach deler konsert med kvartetten Gatehouse, som leverer vakre irske musikkperler på ei snor!

Søndag ettermiddag byr på eit nytt møte med ungarske Mónika Lakatos og hennar nyaste ensemble, The Gypsy Voices. MónikaLakatos har vunne internasjonale prisar for arbeidet sitt med å ta vare på og fremje Oláh Romani-tradisjonen. -Musikken er kvikk og energisk, med sterk fleirstemd vokal, og musikarar som trakterer viktige tradisjonsinstrument som mjølkespann og skeier! Ein liten fest av ein konsert trur direktøren det blir.

Mongolsk strupesong og musikalsk siesta

Førdefestivalen var først ute med å presentere mongolsk strupesong på ei norsk scene. Det skjedde på nittitalet, og sidan har denne songtradisjonen stått på programmet i Førde med ujamne mellomrom. I år følgjer den nye direktøren opp med å presentere ein av sine favorittar, Khusugtun, og deira unike fleirstemde overtone- og strupesong.

I år får publikum også tilbod om ein ‘musikalsk siesta’. Når duoen Ablaye Cissoko & Cyrille Brotto spelar i festsalen, vil salen vere rigga for at publikum skal få litt ekstra komfort, så dei kan lene seg tilbake, late att auga og drøyme seg inn i musikken.


Fest på festivalhotellet

På ei av dei beste konsertscenene i landet, Larris Scene, på Scandic Sunnfjord Hotel, blir det mange og varierte godbitar i løpet av festivalen. Alt onsdag kveld er det duka for eksotiske rytmar når den unge ørkenblues-stjerna frå Mali, Kader Tarhanine, går på scena.

Torsdag etter opningskonserten vil det norske fenomenet Gangar ta folkemusikkfesten til eit nytt nivå med sin elleville kombinasjon av folkemusikk og alle moglege sjangrar. -Er du blant dei som har sakna eit norsk folkrock band, så har du dei her! Mattias Thedens og hans menn er eit konsertband som leverer hardt og godt frå første slått; Kompromisslaust tradisjonelt og veldig rocka på ein gong, i følgje festivaldirektør Lien.

Fredag kveld blir det dobbelkonsert med fabelaktige musikarar. Først Daniel Lazar sitt tingingsverk Phantasmagoria, der han stiller med stjernemusikarar både frå Balkan og Norge: Jelena Tomasevic, ein av dei største songstjernene i Serbia, Almir Meskovic frå Bosnia, Daniel Herskedal, den norske tubaisten som har fått sitt internasjonale gjennombrot dei siste åra, og Greg Miszczyszyn, ein trollmann på elektronikk.

Same kveld, og på same billett, får du oppleve den fransk-marokkanske gruppa Bab L’Bluz, som har teke verda med storm med sin marokkanske gnawa-blues. I tillegg spelar DJ Nefertiti både mellom setta og til slutt på kvelden.


Folkemusikklandslaget til Førde

Landslaget for spelemenn er tittelen på ein stor jubileumsproduksjon i samband med 100 års-jubileet for FolkOrg (tidlegare LFS - Landslaget for spelemenn). Landslaget anno 2023 er leia av manager og strateg Jørund Fluge Samuelsen og anker Veslemøy Narvesen. Spelarane er: Sondre Meisfjord, Ronny Kjøsen, Juhani Silvola, Ragnhild Furebotten, Erik Sollid og Tuva Syvertsen. På benken i Førde sit Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken og Indre Sunnfjord Spelemannslag. Denne konsertproduksjonen skjer i samarbeid med FolkOrg, Riksscenen og Vossa Jazz.

Benedicte Maurseth, Sivert Holmen og Silje Onstad Hålien spelar ikkje på folkemusikklandslaget, men kjem med sine eigne framsyningar til Førde. Maurseth viser Systerspel, ei framsyning der ho fortel historia om kvinnene sin plass i tradisjonen. Dei to andre vert å sjå i urpremieren på Differens, ein duett mellom ein koreograferande dansar og ein dansande musikar!

Stort barne- og familieprogram

Førdefestivalen er ein vibrerande møteplass for alle generasjonar, og satsar på eit kvalitetsprogram for barn og barnefamiliar. Onsdag ettermiddag går det etter kvart tradisjonsrike Ut på tur, aldri sur!-arrangementet av stabelen på Sunnfjord Museum. Tur først, så konsert med Nina Fjeldet og Silje Onstad Hålien og deira Danse, sa fela! Laurdag står Reglebein, reglebein! på programmet, ein fantasifull familiekonsert med ni musikarar og dansarar på scena.

I tillegg får fem barnehagar i Førde, Jølster, Bygstad og Naustdal gratis Morgonstund-konsertar. Tre føremiddagar er det gratiskonsertar på Torgscena ved Elvetorget, laurdag er det stor internasjonal frukost i parken på Festplassen, og same stad er det søndag gratis familiesøndag med musikk og aktivitetar. - I år har vi også draumefangarverkstad og ikkje minst ein spennande drageverkstad, der borna får lære å lage drage av Ajaz Ul Haq, som er verdas beste drageflygar, fortel ein stolt direktør.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Breabach - årets folkemusikgruppe i Skottland i 2022 spelar i Førde i sommar,
Breabach - årets folkemusikgruppe i Skottland i 2022 spelar i Førde i sommar,
Last ned bilde
Ablaye Cissoko & Cyrille Brotto
Ablaye Cissoko & Cyrille Brotto
Last ned bilde
Benecicte Maurseth kjem med konsertframsyninga Systerspel.
Benecicte Maurseth kjem med konsertframsyninga Systerspel.
Last ned bilde
Haitisk-amerikanske Leyla McCalla kjem med sin konsert Breaking the thermometer.
Haitisk-amerikanske Leyla McCalla kjem med sin konsert Breaking the thermometer.
Last ned bilde
Colombianske Cimarrón kjem tilbake til Førdefestialen etter 13 år.
Colombianske Cimarrón kjem tilbake til Førdefestialen etter 13 år.
Last ned bilde
Tibetanske Yungchen Lhamo har det vi må kalle ei magisk vakker stemme.
Tibetanske Yungchen Lhamo har det vi må kalle ei magisk vakker stemme.
Last ned bilde
Eneida Marta er songdronning og sosialaktivist frå Guinea-Bissau
Eneida Marta er songdronning og sosialaktivist frå Guinea-Bissau
Last ned bilde
Folkemusikklandslaget
Folkemusikklandslaget
Last ned bilde
Ajaz Ul Haq er verdsmeister i drageflyging og har  dragebyggingsverkstad på festivalen.
Ajaz Ul Haq er verdsmeister i drageflyging og har dragebyggingsverkstad på festivalen.
Last ned bilde
Daniel Lazar har tingingsverket på årets festival.
Daniel Lazar har tingingsverket på årets festival.
Last ned bilde
Gangar er det nye, norske folkrockbandet som er på full fart ut i verda!
Gangar er det nye, norske folkrockbandet som er på full fart ut i verda!
Last ned bilde
Kkhusugtun - eit av dei fremste strupesong-ensemble i Mongolia.
Kkhusugtun - eit av dei fremste strupesong-ensemble i Mongolia.
Last ned bilde

Lenker

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde

46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/

Ein av dei fem beste i Europa!
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år. 

Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding

Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e

Førdefestivalen arrangerer gratis familiefest18.11.2021 14:58:00 CET | Pressemelding

-Sidan hausten 2020 har Bornas Verdsdag Førde vorte avlyst, flytta og avlyst igjen, men no er vi endeleg klare for ei ny utgåve av denne fine internasjonale familiedagen i Førdehuset, seier prosjektleiar Ingebjørg Nomeland. Ho og resten av festivalstaben, saman med fleire frivillige, gler seg til å fylle heile Førdehuset med miniverkstader, aktivitetar, internasjonal mat og ikkje minst ein herleg gratis familiekonsert med Igor & Fe3ne. Igor & Fe3ne, er Igor Dunderovic, Daniel Lazar, Almir Meskovic og Elvis Medic, fire superseriøse musikarar som alle har opphav utanfor Norge, har laga sine heilt egne versjonar av dei mest kjende barnesongane våre. Dei har gjort det av kjærleik til sitt nye heimland, men dei har miksa både tekstane og musikken med sine eigne opphav, balkanrytmane, og hundrevis av historier dei har samla, eller laga, om mystiske karakterar: Ali Baba, Baba Lille Lam, Lille fetter Eddy Yerkov, Mikha Ilrev, Shimshiri Omnshimshiri, Katarina Paus, og fleire andre som alle snak

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye