Mord i Volda – rektor ved Høgskulen vil løyse mysteriet
5.10.2021 15:12:30 CEST | Høgskulen i Volda | Pressemelding
Kan eit brutalt drap i Fredrikstad henge saman med ei forsvinning i Moss? Og korleis kjem Volda inn i biletet, bokstavleg tala? Kvifor er rektor på Høgskulen i Volda, Johann Roppen, på takkelista til suksessforfattar Jan-Erik Fjell i den nye boka hans, Ringmannen? Svar på dei fleste av desse mysteria får du når nettopp rektor Roppen bokbadar krimkongen Fjell på ein av dei lokale serveringsstadene som er med i boka: Tredet.
Presse er velkomne til Tredet i Volda, onsdag 13. oktober kl. 19.00
Intervju med Jan-Erik Fjell kan gjennomførast etter bokbadet
Frå forfattaren si heimeside: JAN-ERIK FJELL (f. 1982) frå Fredrikstad har opplevd ein eventyrleg suksess med krimromanane Tysteren, Skyggerom, Hevneren, Rovdyret, Lykkejegeren og Gjemsel. Han er den yngste som har motteke Bokhandlerprisen for debutkrimmen Tysteren i 2010. I 2011 mottok han Frederikprisen, som vert delt ut til unge, lovande kulturutøvarar. Fjell er utdanna innan IT, kontor og administrasjon, men er no forfattar på heiltid. Ringmannen er sjuande bok i serien om kriposetterforskar Anton Brekke. Serien har solgt i meir enn 500 000 eksemplar og er til salgs i 14 land. No har Anton Brekke vore i Volda!
Nøkkelord
Kontakter
Johann RoppenRektor
Tel:+47 70 07 50 20Tel:+47 472 86 423johann.roppen@hivolda.noLine Lauvsnes OddekalvKommunikasjonssjef
Tel:+47 481 04 676line.lauvsnes.oddekalv@hivolda.noBilder


Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Doktordisputas: Reidar Haug20.2.2026 12:39:38 CET | Pressemelding
6. mars skal Reidar Haug forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Velkomen til Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda9.2.2026 13:44:51 CET | Presseinvitasjon
Onsdag 11. februar inviterer Høgskulen i Volda til Internasjonal dag – ein festdag og markering av internasjonal aktivitet ved høgskulen.
Hans Strøm 300 år: Jubileet opnar med lunsjseminar 23.1.13.1.2026 11:19:05 CET | Presseinvitasjon
I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Fredag 23. januar kl. 11.30 ønskjer vi velkomen til opning av 300-årsjubileet med lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda.
Å lære koding gir unge trua tilbake8.1.2026 13:59:00 CET | Pressemelding
Med rett hjelp kan gaming-interesse bli både IT-kompetanse og ny giv. Unge i utanforskap får motivasjon og moglegheiter gjennom Nav-tilbodet «Grunnleggande programmering», viser forsking frå Høgskulen i Volda.
Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad1.12.2025 10:27:06 CET | Pressemelding
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
