På grunn av ulempene som koronapandemien påfører transportselskapa, har regjeringa bestemt at tilskotsordninga for kommersielle buss- og passasjerbåtruter blir forlenga ut 2020 og inn i 2021.

Omfanget av ordninga er avgrensa av midlane som Stortinget løyver. Det er hittil løyvd 100 millionar kroner i 2020.

Har foreslått løyving på 100 millionar kroner i første halvår 2021
I forslag til statsbudsjett for 2021 går regjeringa inn for å løyve ytterlegare 100 millionar kroner Desse midlane skal gjelde for perioden januar til juni til neste år. I fall koronapandemien held fram, kjem regjeringa til å vurdere om det er behov for ytterlegare løyvingar.    

Samferdselsdepartementet har tidlegare i år gitt Jernbanedirektoratet i oppgåve å administrere den mellombelse ordninga for kommersielle buss- og passasjerbåtruter.

For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev av 5. november 2020 frå Samferdselsdepartementet til NHO Transport
  • Pressemelding av 20. juli 2020 frå Samferdselsdepartementet om støtteordninga