Medietilsynet opprettheld avslag på støttesøknad frå Nett.no: Saka går til Medieklagenemnda
31.3.2020 13:00:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding

Nettavisa Nett.no søkte om produksjonstilskott for første gong i fjor, men Medietilsynet avslo søknaden etter å ha konkludert med at publikasjonen ikkje oppfyller krava til formålet og innhaldet for ordninga. Nett.no dekkjer 23 kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre, og skriv i all hovudsak om næringsliv.
Medietilsynet: Nett.no oppfyller ikkje kravet til breitt tilbod frå ulike samfunnsområde
Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane. Formålet med ordninga er å leggje til rette for ein brei samfunnsdebatt, og å halde befolkninga breitt og generelt orientert om ulike samfunnsspørsmål.
Fleire vilkår må vere oppfylte for at ein publikasjon skal kvalifisere til å få støtte. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta og ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.
Medietilsynet grunngir avslaget på søknaden frå Nett.no med at publikasjonen ikkje oppfyller kravet til eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde. Årsaka er at publikasjonen har ein svært høg del næringslivsstoff og ein svært låg del kommentar- og debattstoff.
– Etter å ha gått grundig gjennom klaga finn Medietilsynet ingen grunn til å endre den opphavlege vurderinga vår, seier Velsand.
Saka går til Medieklagenemnda for endeleg behandling
Nett.no meiner at ein innhaldsanalyse frå Høgskulen i Volda, som var ein del av grunnlaget for vurderinga i Medietilsynet, inneheld metodefeil. Vidare stiller Nett.no spørsmål ved at innhaldet deira er samanlikna med innhaldet i Fiskeribladet og Dagsavisen.
– Metodikken Høgskulen i Volda har brukt i analysen sin, byggjer på godkjende, veletablerte og etterprøvbare medievitskaplege forskingstradisjonar. Fiskeribladet er valt i samanlikninga fordi denne avisa best representerer unntaket frå kravet til breidde i innhaldet. Dagsavisen er eit allment nyheitsmedium, og er derfor teken med i analysen som eit ekstra referansepunkt, seier Velsand.
Nett.no har i klaga også vist til ein utfordrande konkurransesituasjon i regionen.
– Både Nett.no og den andre avisa på same utgivarstaden går med overskot, og vi kan derfor ikkje sjå at det er grunnlag for å gi dispensasjon frå reglane i forskrifta for å halde oppe konkurransen på utgivarstaden, seier Velsand.
Medietilsynet står derfor fast på avslaget til Nett.no på søknaden om produksjonstilskott for 2019 og sender innstillinga si til Medieklagenemnda for endeleg behandling.
Fakta om produksjonstilskottet
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere. berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader.
- Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Medietilsynet skal fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott i år.
- Produksjonstilskottet blei fordelt for første gong i 1969.
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
Les innstillinga frå Medietilsynet til Medieklagenemnda om klaga frå Nett.no her.
Les meir om produksjonstilskottet på Medietilsynets nettsider.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BjerkeRådgiver, avdeling for kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:41934154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet forlenger innholdskonsesjonene på FM ut 203110.9.2026 10:42:21 CEST | Pressemelding
Medietilsynet vil så snart som mulig, og senest innen årsskiftet, forlenge lokalradioenes innholdskonsesjoner på FM frem til 31.12.2031.
Søk om støtte til forsking på medier og dataspill27.8.2026 11:26:29 CEST | Pressemelding
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Gutter og jenter møter ulike verdener i sosiale medier12.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Jenter er mer eksponert for innhold om livsstil, mote, skjønnhet og mental helse, mens gutter i større grad ser innhold om gaming, idrett og nyheter. Det viser en analyse fra Medietilsynet av ungdommers feeder på TikTok og YouTube.
Over halvparten tar nyhetspauser11.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
55 prosent av de mellom 25 og 67 år tar bevisste pauser fra nyhetene, viser en ny undersøkelse fra Medietilsynet. For noen dreier det seg om kortere pauser, mens 12 prosent kobler seg av mer varig.
Barn og medier 2026: Tydelige kjønnsforskjeller i tenåringenes mediebruk10.8.2026 14:58:00 CEST | Pressemelding
Fra barna blir tenåringer, er deres digitale hverdag preget av betydelige kjønnsforskjeller, viser Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2026. Dette gjelder både bruk av teknologi, type digitale aktiviteter og hva slags innhold ungdommene ser og følger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
