Medietilsynet ber om tydeleg merking av retusjert reklame

Tal frå Medietilsynet viser at ungdom blir utsette for store mengder reklame som kan føre til kroppspress. Omkring halvparten av norske 13–18-åringar har fått reklame i sosiale medium for produkt som skal sørge for vekttap eller gi større musklar, ifølge Barn og medier 2020.
I fjor vedtok regjeringa ei lovendring i marknadsføringslova som gjer at retusjert reklame må merkast. Reklamen skal merkast dersom ein kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er retusjert eller manipulert. Medietilsynet har gitt innspel til Barne- og familiedepartementet i ei høyring om korleis den retusjerte reklamen bør merkast. Dei nye krava til merking skal etter planen takast i bruk frå 1. juli i år.
– Vi meiner merkinga skal vere tydeleg, ho skal vare lenge nok til at barn og unge får den med seg, og det skal ikkje vere i tvil om kva merkinga betyr. Kravet om å merke retusjert reklame kan bidra til å redusere kroppspresset som barn og unge er utsette for, og styrke den kritiske medieforståinga til barna, seier Sekkelsten.
Reklame retta mot unge på nettet og i sosiale medium
- 61 prosent av 13–18-åringane og 28 prosent av 9–12-åringane har fått reklame for produkt for å gå ned i vekt.
- 50 prosent av 13–18-åringane og 26 prosent av 9–12-åringane har fått reklame for produkt som skal gi større musklar.
- Over ein tredel av 13–18-åringane har fått reklame for kosmetiske behandlingar (37 prosent) og solarium (33 prosent).
- 20 prosent av 13–18-åringane har fått reklame for plastisk kirurgi.
Kjelde: Barn og medier 2020 (Medietilsynet). Respondentane er cirka 3400 barn i alderen 9–18 år. Berre 13–18-åringane fekk svaralternativa «kosmetiske behandlingar», «plastisk kirurgi» og «solarium».
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Forbod mot radio- og tv-reklame 1. juledag23.12.2025 08:55:00 CET | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame torsdag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon22.12.2025 07:55:00 CET | Pressemelding
Eit ambisiøst prosjekt for å nå unge og eit konkret KI-prosjekt med stor læringsverdi er blant tiltaka som får støtte når Medietilsynet tildeler årets innovasjonstilskott.
Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium18.12.2025 11:20:15 CET | Pressemelding
Lokalradio, lokal-tv, podkast og ikkje-direktesende bildeprogram med sendingar for eit lokalt publikum, kan nå søke Medietilsynet om støtte for 2026. Til saman 24,7 millionar kroner skal fordelast gjennom tilskottsordninga for lokale lyd- og bildemedium i 2026.
Nå kan også digitale medium søke tilskott for journalistikk på samisk17.12.2025 08:25:14 CET | Pressemelding
Den nye tilskottsordninga for samiske nyheits- og aktualitetsmedium opnar for søknader også frå digitale medium. Til nå har ordninga berre vore omfatta av aviser som kjem ut på papir.
TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket12.12.2025 07:51:30 CET | Pressemelding
Medietilsynet gir TV 2 gebyr på 300 000 kroner for brot på sponsereglane under sommarens Tour de France. Sponsorplakatane i sendingane hadde for lang varigheit.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
