Mange vil montera nye tunnellys

På Riksveg 7 er det snakk om to tunnelar i Måbødalen, Dalbergtunnelen og Storegjeltunnelen. På Riksveg 13 er det den 681 meter lange Lausasteintunnelen (opna i 1995) rett sør for Odda det handlar om.
Alle desse tunnelane vart opna på ei tid der krava til belysning var andre enn i dag. I tillegg må alle tunnellys etter kvart skiftast ut på grunn av levetid.
Den 335 meter lange Dalbergtunnelen vart opna i 1967, medan Storegjeltunnelen (842 meter) vart teken i drift i 1978.
Slik går trafikken
Det vil bli arbeid både i og utanfor tunnelane. Inne i tunnelane vil arbeidet utelukkande verta gjort på nattestid for å minimera ulempa for bilistane. Jobben vil verta gjort om nettene måndag til fredag. Med natt meinast klokka 2000-0600, noko som betyr at arbeidsveka for prosjektet startar sundag kveld klokka 20.000.
Det vil bli gjennomkøyring annankvar time for dei fleste trafikantar. Unnataka er rutebussar og utrykningskøyretøy som til ei kvar tid vil kunna passera.
Det blir etablert eitt teknisk bygg, felles for tunnelane i Måbødalen, og eitt bygg for Lausasteintunnelen. Dette arbeidet utanfor tunnelane vil skje på dagtid.
Fem entreprenørar har levert tilbod på prosjektet. Alle summane er eksklusive mva.
| Tilbydar | Tilbodssum ekskl. mva: |
| Bilfinger Industrial Services Norway | 18.164.867,00 |
| OneCo Infra AS | 21.143.744,80 |
| Roxel Infra AS | 24.131.317,48 |
| Aventi Installation AS | 26.303.851,76 |
| Mesta AS | 27.205.954,14 |
Skal vera ferdig i år
– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.
Statens vegvesen forventar at arbeida er ferdige innan 1. desember.
Nøkkelord
Kontakter
Frode LykkebøProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:92885533Tel:91595865frode.lykkebo@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Søndag flyttes E18-trafikk inn i Stabekklokket25.11.2025 11:07:56 CET | Pressemelding
Til helgen flyttes østgående E18-trafikk inn i Stabekklokket. Det blir første smakebit av nye E18 Vestkorridoren der veien er flyttet under bakken.
E134 Vats får veglys24.11.2025 08:30:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal montera veglys på E134 i Vindafjord, frå Øvre Vats Bedehus til krysset mot Øygardsvegen.
Her får trafikantane 4,4 kilometer ny E39 i tidleg julegåve22.11.2025 12:01:55 CET | Pressemelding
No rullar trafikken på ny E39 mellom Barhals og Staurset. Strekninga er ein del av den 10,5 kilometer lange parsellen mellom Stormyra og Staurset, som skal stå ferdig hausten 2026.
E16 Bjørum–Skaret åpner for trafikk tirsdag 16. desember21.11.2025 11:29:06 CET | Pressemelding
Delstrekningen E16 Bjørum-Skaret er en firefelts motorvei som gir bedre trafikksikkerhet, kortere reisetid og økt forutsigbarhet mellom Oslo og Hønefoss.
Vegomlegging av E134 på Liamyrane i Røldal20.11.2025 13:47:30 CET | Pressemelding
Fredag 20. november blir E134 lagt over på ny veg på Liamyrane. Ny trase skal sikre trafikkflyt under drivinga av Røldalstunnelen frå austsida av fjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
