Måndag vert rv. 5 Kjøsnestunnelen stengd i to timar grunna beredskapsøving

Det vil bli kolonnekøyring frå 17.00 - 18.00 i begge retningar, og heilt stengd tunnel frå klokka 18.00 - 20.00. Det vil bli brukt røyk under øvinga.
Det er naudetatar og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.
– Vi har forståing for at stengd tunnel på ei strekning utan lokal omkøyringsveg kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei. Ei slik stenging er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.
Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal på køyretur. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.
Rv. 5 Kjøsnestunnelen er heilt ny, og vart opna for trafikk for dryge to veker sidan, 9. november. Tunnelen er 8600 meter lang og ligg på strekninga Skei -Sogndal.
Nøkkelord
Kontakter
Svein Rune VieBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:97161150svein.rune.vie@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgiverStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ryfylke - offisiell opning av Juvo rasteplass14.11.2025 14:08:20 CET | Pressemelding
Tysdag 11. november opna Statens vegvesen ein ny rasteplass i Brattlandsdalen langs Nasjonal turistveg Ryfylke. Torbjørn Indrebø, varaordførar i Suldal kommune, stod for den offisielle opninga.
Veioppmerking vil gi kø på E18 fra fredag til lørdag13.11.2025 14:08:03 CET | Pressemelding
Fra fredag kveld til lørdag formiddag blir det arbeidet med veioppmerking på E18, det vil gi innsnevringer og kø også denne helgen.
Testar eigen kolonne for tungbilar over E134 Haukelifjell13.11.2025 14:00:28 CET | Pressemelding
Kommande vinter vil Statens vegvesen prøva ut eigen tungbilkolonne når Haukelifjellet blir stengd for vanlege køyretøy. Det blir strenge krav for å bli med.
Vil du prøvekjøre ny riksveg 3 forbi Messeltsvingene?12.11.2025 11:16:08 CET | Presseinvitasjon
Statens vegvesen åpner ny veg forbi de ulykkesutsatte Messeltsvingene på rv. 3, onsdag 26. november. Onsdag 19. november 10:00-12:00 kan media prøvekjøre den nye vegstrekningen sammen med Olsbakk transport og Vegvesenet.
Øving i Skogafjellstunnelen12.11.2025 07:56:34 CET | Pressemelding
Måndag 17. og 24. november held Statens vegvesen brannvernøving i E39 Skogafjellstunnelen i Bjørnafjorden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
