Høgskolen i Innlandet

Lyser ut tre prorektor-stillingar

Del

Tre åremål som prorektorar for utdanning, forsking og utvikling (FoU) og samfunnskontakt er ledige ved Høgskulen i Innlandet.

Høgskolen i Innlandet søker etter ledere til tre prorektorstillinger. Foto: Høgskolen i Innlandet.
Høgskolen i Innlandet søker etter ledere til tre prorektorstillinger. Foto: Høgskolen i Innlandet.

– Dei som vert tilsette i stillingane vil utgjere rektoratet ved høgskulen saman med meg som rektor. Dei vil jobbe tett med den strategiske utviklinga av institusjonen, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.

Dette er mellom dei mest sentrale leiarstillingane ved høgskulen, og dei som vert tilsette blir del av rektor si leiargruppe.

Stillingane vert lyst ledige fordi dei er åremålsstillingar, og dagens åremål går ut ved årsskiftet.

  • Prorektor utdanning har det overordna strategiske og administrative ansvaret for området utdanning, og skal mellom anna bidra til å sikre at høgskulen tilbyr relevante studiar med høg kvalitet. Den som ver tilsett vil vere leiar for høgskulen si utdanningsavdeling. 
  • Prorektor forsking og utvikling (FoU) har overordna og strategisk ansvar for FoU ved høgskulen. Det inneber mellom anna ansvar for utvikling av forskingssatsingar på tvers av fag og fakultet. Den som vert tilsett vil vere leiar for høgskulen si forskingsavdeling.
  • Prorektor samfunnskontakt har overordna strategiske ansvaret for eksterne samarbeidsrelasjonar, omdømmebygging og media-/samfunnskontakt. Den som vert tilsett vil vere leiar for Avdeling for kommunikasjon, samfunnskontakt og marknadsføring.
    Søknadsfristen for stillingane er sett til 6. oktober 2021.

Det vert sett ned eit innstillingsutval for alle tre stillingane, leia av rektor.

Utvalet leverer innstilling til høgskulestyret som gjer tilsettingane seinare i haust.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Høgskolen i Innlandet søker etter ledere til tre prorektorstillinger. Foto: Høgskolen i Innlandet.
Høgskolen i Innlandet søker etter ledere til tre prorektorstillinger. Foto: Høgskolen i Innlandet.
Last ned bilde

Lenker

Om Høgskolen i Innlandet

Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Innlandet
Postboks 400
2418 Elverum

62 43 00 00http://www.inn.no