Løyve til Faurefjellet vindkraftverk og avslag til Holmafjellet vindkraftverk
15.9.2014 11:13:19 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Hybrid Technology AS er tiltakshavar på Faurefjellet vindkraftverk, som vil gje omlag 180 GWh ny kraftproduksjon per år, noko som svarar til straumbruken til 9000 husstandar.
NVE legg vekt på at det er gode vindforhold i planområdet og at området er godt eigna for vindkraftproduksjon. Utbygging av vindkraftverket vil gje eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.
Zephyr AS er tiltakshavar til Holmafjellet vindkraftverk. I avslaget har NVE lagt vekt på negative verknader for kringliggande bustadar i form av visuelle verknader, støy og skuggekast over eller tett opp mot anbefalte grenseverdiar. Holmafjellet vindkraftverk vil samstundes forsterke dei samla negative verknadene av vindkraftverk i heile regionen.
I handsaminga av søknadene har NVE vurdert fordelane ved ny fornybar kraftproduksjon opp mot ulempene tiltaka fører med seg. NVE meiner dei viktigaste negative verknadene er knytt til støy, visuelle verknader og reduksjon av kystlynghei, som er i god hevd.
Det var søkt om samordna nettilknyting for dei to vindkraftverka. Denne fell bort som fylgje av avslaget til Holmafjellet. NVE understrekar at løyvet til Faurefjellet vindkraftverk set vilkår om akseptabel nettilknyting til Måkaknuten transformatorstasjon og eigen søknad for dette.
NVE registrerer at Bjerkreim kommune er positiv til Faurefjellet vindkraftverk og fylkeskommunen stiller seg positiv til begge prosjekta. Kommunene Gjesdal og Bjerkreim stiller seg negative til Holmafjellet vindkraftverk.
Fylkesmannen i Rogaland har fremja motsegn til begge prosjekta. Årsaken er ei samla vurdering av verknadane for viktige landskaps-, natur- og friluftsverdiar. Avgjersla om å gje løyve til Faurefjellet vil difor bli sendt til Olje- og energidepartementet for klagehandsaming etter at klagefristen har gått ut.
Les meir om Faurefjellet vindkraftverk.
Les meir om Holmafjellet vindkraftverk.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf: 41 67 82 03
Sakshandsamar Hilde Aass (Faurefjellet vindkraftverk), tlf: 22 95 98 85
Sakshandsamar Marte Nyheim (Holmafjellet vindkraftverk ), tlf: 22 95 90 38
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
NVE inviterer til høring og møter om havvindanlegg utenfor Utsira og Karmøy5.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
De to selskapene Utsira Nord Havvind DA og Harald Hårfagre AS ønsker å bygge havvindanlegg utenfor kysten av Rogaland. Det er planlagt å koble anleggene til kraftnettet på land i de to kommunene Utsira og Karmøy. Norges vassdrags- og energidirektorat inviterer til en offentlig høring og folkemøter i juni.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
