Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Døsjagrovi småkraftverk

Del
NVE gjev løyve til å bygge Døsjagrovi småkraftverk i elva Døsjagrovi, Luster kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på i overkant av 16 GWh, noko som tilsvarar forbruket til 800 husstandar.

Selskapet Døsjagrovi Kraftverk BA, eigd av Luster Energiverk og Harastølen AS, står bak utbygginga. Døsjagrovi kraftverk vil erstatte to tidlegare kraftverk i Døsjagrovi og utnytte eit fall på  om lag 740 m og redusere vassføringa  på ei 2,1 km lang elvestrekning mellom Røssete og Lustrafjorden.

Kraftstasjonen skal plasserast i tilknyting til den gamle kraftstasjon ved riksveg 55. Rørgate skal gravast ned på heile strekninga. For å redusere inngrepsomfanget med rørgate og hjelpeanlegg i den relativt bratte lisida skal nedre del leggast med taubane. Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve m.a. på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 150  l/s i sommarhalvåret og 40 l/s resten av året.

NVE har lagt vekt på at Døsjgrovi kraftverk vil vere ei reetablering av tidlegare kraftproduksjon  i Døsjagrovi og medverke til auka fornybar energiproduksjon med avgrensa verknader for allmenne interesser. Med avbøtande tiltak vurderer NVE nytten av tiltaket til å vere større enn skadene og ulempene for private og allmenne interesser og gjev Døsjagrovi Kraftverk BA løyve til å bygge Døsjagrovi kraftverk.

Les meir om Døsjagrovi kraftverk.    

For nærmare informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt  22 95 91 89 / 901 98 216
Senioringeniør Magne Geir Verlo  22 95 95 34

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye