Medietilsynet

Lokalradioane får dobbelt så mykje i driftsstøtte til digitalisering

Del
Medietilsynet tildeler 8,2 millionar kroner i driftsstøtte til digitalisering av lokalradio i år, nesten ei dobling av støtta frå 2022. – Vi vel å følge råda frå bransjen om å prioritere driftsstøtta til digitalisering, og set i år av litt mindre til utbygging av DAB-nett, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Medietilsynet vel å prioritere driftsstøtta til digitalisering av lokalradio etter ein kraftig auke i kostnadene den siste tida. Foto Medietilsynet
Medietilsynet vel å prioritere driftsstøtta til digitalisering av lokalradio etter ein kraftig auke i kostnadene den siste tida. Foto Medietilsynet

Kostnadene ved å drive digital radio (DAB) har auka kraftig den siste tida, blant anna som følge av auka straumutgifter. Dette gjeld spesielt drifta av dei lokale DAB-netta rundt om i landet. Fleire lokalradioar har også sagt opp leigeavtalar i DAB-netta.

– Medietilsynet er opptatt av å støtte opp om overgangen til DAB i lokalradioane. Økonomien til lokalradioane er sårbar, og vi meiner at det er nødvendig og riktig å auke driftsstøtta til digitalisering i år, både til kvar enkelt radio og til verksemdene som driv DAB-anlegg, seier Sekkelsten.

57 lokalradioar og verksemder får driftsstøtte til digitalisering

Til saman får 17 verksemder som opererer lokale DAB-anlegg 4,3 millionar kroner i digitaliseringsstøtte, mens 40 lokalradioar får til saman 3,9 millionar kroner.

Medietilsynet tildeler også driftsstøtte til 12 lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper og 4 bransjeorganisasjonar. I tillegg blir det gitt støtte til deltaking på nasjonale arrangement og konferansar for lokalradio.

Sjå kva for lokalradioar og verksemder som får driftsstøtte til digitalisering her.

Over 20 millionar kroner går til lokal-tv og lokalradio i år

Totalt er det sett av 22,2 millionar kroner i støtte til lokalkringkasting for 2023.

Seinare denne våren får lokalradioane tildelt støtte frå Medietilsynet til programproduksjon, utviklingsprosjekt, kompetansehevande prosjekt og investeringsstøtte til å bygge ut lokale DAB-nett.

Les meir om støtteordninga for lokalkringkasting her.

Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt med Jon Stjernstedt.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Medietilsynet vel å prioritere driftsstøtta til digitalisering av lokalradio etter ein kraftig auke i kostnadene den siste tida. Foto Medietilsynet
Medietilsynet vel å prioritere driftsstøtta til digitalisering av lokalradio etter ein kraftig auke i kostnadene den siste tida. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Dokumenter

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye