Innovasjon Norge

Lagar kulturell duett av opera og geit i Kandal!

Del

Sølvane Gard AS i Gloppen stakk av med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland.

Torstein Kollevåg og Eivind Kandal. Foto: Innovasjon Norge
Torstein Kollevåg og Eivind Kandal. Foto: Innovasjon Norge

-På gården har vi fokus på kultur, turisme og lokalmat, og sammen med bygdas gårder har vi bygget opp en unik destinasjon med gjester fra hele verden, seier gardseigar Eivind Kandal.

Bakgrunnen til Torstein Kollevåg og Eivind Kandal er kvar for seg og tilsaman unik. Dei har utdanning og kompetanse frå kultur-,musikk- og eventbransjen og opera- og kokkefaget, noko som gjer til at gjennomføringsevna på konseptet Sølvane Gard har vore svært god. Konseptet deira er unikt i distriktssamanheng.

Eivind er odelsgut frå Kandal i Gloppen og Torstein tjuagut frå Bergen. Ein operaturne til Åmot Operagard fekk Torstein til å tenkja nytt og sjå potensiale som låg i heimgarden til Eivind; han fekk ei åpenbaring!

Dei to flytta dermed frå Oslo tilbake til den vesle geitebygda Kandal i Gloppen kommune, tok over garden og har fram til no utvikla eit særeigent kulturbasert reiselivs- og lokalmatkonsept som har blitt lagt merke til langt utover fylket. Dette har dei fram til no gjort med enkle fasilitetar.

- Lite visste vi at opera og geitekjøtt skulle bli det store trekkplasteret i den lille bygda Kandal. Det at vi får denne bekreftelsen på at vi har gjort noe riktig betyr svært mye for oss, og gir oss energi til å fortsette å nyskape og utvikle bygda. Det bor kun 60 mennesker i Kandal og vi gjør alt vi kan for å skape et levende samfunn for oss og for kommende generasjoner, seier dagleg leiar på Sølvane Gard, Torstein Kollevåg 

Frå geitemjølk til bygdeutvikling

Like viktig som oppbygginga av verksemda Sølvane Gard AS, er det at Torstein og Eivind i tillegg har skapt ein optimisme i den vesle “geitebygda” Kandal og fått med seg naboane i ulike deler av satsinga. Satsinga deira har vist kva som er råd å få til på ein litt “avsides” plass som Kandal og kan absolutt definerast som bygdeutvikling i praksis.

Dei leverer kvalitet, bidreg til stoltheit i bygda og har vore med og vidareutvikla geit som ein ressurs i landbruket og som tilleggsnæring. Sølvane Gard er ein god ambassadør og inspirator med god tilknyting til landbruket. 

Frå kulturarrangør til ein komplett reiselivstilbydar 

Kollevåg og Kandal har vekstambisjonar og dei har gjennom satsinga Kandal Klyngetun no fått på plass meir overnattingskapasitet og ein flott restaurant. Her har dei gjort ei vellukka “nytolking” av dei gamle klyngetuna og fått med seg ein lokal investor.

Juryen si grunngjeving

Det var i år tre finalistar til Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland. Kandidatane vart vurdert ut frå kriteria økonomisk, sosial og miljømessig berekraft og innovasjon/nyskaping. 

Det største konkurransefortrinnet til Sølvane Gard AS er høg og relevant kompetanse hjå eigarane/drivarane Torstein og Eivind og det breie nettverket deira. Dette har dei opparbeidd seg gjennom lang og variert utdanning og praksis i inn- og utland. I Kandal har dei teke dette med seg inn i ei ny og unik “setting” i det nye “livsprosjektet” på Sølvane Gard.

-Sølvane Gard har no på plass eit solid fundament for vidare satsing nasjonalt og internasjonalt. Dei har også motteke Vekst-støtte frå Utviklingsprogrammet i 2022, noko som viser at dei har vidare vekstambisjonar”, seier Nina Broch Mathisen, juryleiar og regiondirektør for Innovasjon Norge i Vestland. 

-Det er også imponerande at dei har hatt den omsetningsutviklinga dei har hatt den korte perioden frå 2019, sett opp mot dei spesielle forholda som har vore kring pandemien, tilføyer Nina Broch Mathisen.

Årets jury har bestått av Kjersti Sognnes frå Vestland fylkeskommune, Eirik Brynjelsen frå Statsforvaltaren i Vestland, Åse Marie Reisæter, felles representant for Bonde- og Småbrukarlaga i Sogn og Fjordane og Hordaland. Juryen vart leia av Nina Broch Mathisen, regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland.

Fakta om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar. 

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.

Nøkkelord

Kontakter

Sølvane Gard AS, Torstein Kollevåg, mob 480 43 228
Innovasjon Norge Vestland, Nina Broch Mathisen, mob 917 15 453

Bilder

Torstein Kollevåg og Eivind Kandal. Foto: Innovasjon Norge
Torstein Kollevåg og Eivind Kandal. Foto: Innovasjon Norge
Last ned bilde
Torstein Kollevåg, Eivind Kandal og Nina Broch Mathisen fra Innovasjon Norge. Foto: Innovasjon Norge
Torstein Kollevåg, Eivind Kandal og Nina Broch Mathisen fra Innovasjon Norge. Foto: Innovasjon Norge
Last ned bilde

Lenker

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0104 Oslo

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål. 

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom