Høgskulen i Volda

Kraftig kvinnebyks på karrierestigen ved HVO

Del
Sidan 2016 har Høgskulen i Volda dobla talet på kvinnelege tilsette med toppkompetanse. Berre det siste rapporteringsåret har fem kvinnelege tilsette fått opprykk til professor eller dosent, som er ei auke frå 26 til 37 prosent.
Dei kvinnelege toppkompetente ved HVO – ni professorar og éin dosent. Frå venstre: Ellen Lexerød Hovlid, Marie Nedregotten Sørbø, Wenke Mork Rogne, Siv Måseidvåg Gamlem, Inger Marie Okkenhaug, Nathalie Homlong, Birgitte Fondevik, Helga Synnevåg Løvoll og Wenche Torrissen (Kari Elisabeth Bachmann var ikkje til stades då biletet vart tatt). Foto: Høgskulen i Volda / Per Straume.
Dei kvinnelege toppkompetente ved HVO – ni professorar og éin dosent. Frå venstre: Ellen Lexerød Hovlid, Marie Nedregotten Sørbø, Wenke Mork Rogne, Siv Måseidvåg Gamlem, Inger Marie Okkenhaug, Nathalie Homlong, Birgitte Fondevik, Helga Synnevåg Løvoll og Wenche Torrissen (Kari Elisabeth Bachmann var ikkje til stades då biletet vart tatt). Foto: Høgskulen i Volda / Per Straume.

– Dette er eit svært gledeleg resultat. Forskingsrådet meiner at forsking blir betre når begge kjønn deltek i forskinga, seier Henriette Hafsaas, forskingssjef og prosjektleiar ved Høgskulen i Volda (HVO). Ho fortel vidare at kor mange som blir førsteamanuensis er omtrent likestilt, men berre ein av tre på professornivå er kvinner.

Balanse-prosjekt sterkt medverkande til auke

HVO fekk midlar gjennom Balanse-programmet til Forskingsrådet for perioden 2021-22, og høgskulen sitt Balanse-prosjekt heiter Kvinneløftet. Det overordna målet med prosjektet er å auke talet på kvinner med toppkompetanse, og arbeidet ved HVO har fått utteljing.

– Dette er ein høgskule med overvekt av kvinnelege studentar. Eg trur det er viktig at studentane møter kvinnelege vitskaplege rollemodellar i undervisningsrommet, fortel Hafsaas. Ho er prosjektleiar for Kvinneløftet ved HVO.

– Dette er eit viktig prosjekt som har vore sterkt medverkande til at så mange kvinnelege tilsette har fått toppkompetanse, eller arbeider med det. Eg håper prosjektet har avmystifisert dette med fagleg opprykk, og at det er naturleg for kvinnelege tilsette å setje seg mål om å oppnå toppkompetanse, seier rektor Johann Roppen.

Kan føre til betre forsking

Gjennom Kvinneløftet har HVO sett i verk ulike hovudtiltak som er særleg retta mot at fleire kvinnelege førsteamanuensar skal oppnå toppkompetanse gjennom riktig motivasjon og støtte. Mellom anna mentorordning og kurs med fokus på å skrive ein vitskapleg artikkel.

Eit anna tiltak var å etablere eit lokalt nettverk for kvinner innan forsking som Trude Carlsen, rådgjevar i forskingsadministrasjonen, er koordinator for.

– Vi inviterer både eksterne og interne til å bidra på treffa. Det er cirka 15-20 som deltek på kvart treff, og det er fagleg tilsette på alle avdelingane som deltek, seier Carlsen. Kvinnenettverket har fire treff i året.

Andre tiltak har vore årlege opprykksseminar på Kvinnedagen 8. mars og forskingsleiingsprogram.

– Kjønnsbalanse er viktig fordi kvinner og menn er ulike, eller har ulike erfaringar, og kan derfor bidra med utforsking av forskingsspørsmål frå ulike perspektiv og standpunkt. Dette kan føre til betre forsking, og ny innovativ kunnskap, seier Carlsen.

mentorordninga mot toppkompetanse har både kvinner og menn delteke, og i 2022 er det ti kandidatar i ordninga, der sju av desse er kvinner. Det er organisert gjennom fire samlingar i året og kandidatane har moglegheit til å knyte seg til ein mentor i arbeidet med opprykksprosessen.

Fekk opprykk til professor

Wenke Mork Rogne er ei av kvinnene som har delteke i aktivitetane i kvinnenettverket. Ho fekk opprykk til professor i haust, og seier at ho har opplevd mykje støtte frå HVO på vegen mot professorkompetanse.

– Det er mykje hardt arbeid og eigeninnsats for å få denne kompetansen godkjent, sidan ein skal ha på plass vitskapleg arbeid som tilsvarar tre doktorgrader i tillegg til omfattande pedagogisk erfaring og utdanning. Eg var difor letta då eg fekk vite at eg vart professor i norskdidaktikk i september, seier Rogne.

Etter at Rogne disputerte i november 2014, jobba ho systematisk for å oppnå professorkompetanse. I tre år fekk ho professorstipend frå HVO, som innebar økonomisk stønad og frikjøp frå undervising. Det gjorde det lettare å reise på konferansar og kjøpe utstyr som ho treng.

Vil erstatte stereotypien

Då Kvinneløftet kom, opna det seg fleire moglegheiter til å møte og utveksle erfaringar med kollegaer, diskutere utkast til søknad om opprykk, få informasjon om kva som krevst for å oppnå professorkompetanse, samt finansielle stønadsordningar. I så måte har Kvinneløftet og kvinnenettverket vore veldig nyttig for ho.

– Sjølv om det til sjuande og sist er eg som må gjere den tunge «jobben» med publiseringar og skriving av søknad, har det vore godt å vite at ein har eit nettverk i ryggen som kan legge til rette og støtte meg i dette arbeidet, fortel Rogne.

Ho seier det har vore fint å vite at Hafsaas, Carlsen og kvinnenettverket har lagt alt til rette for at ho sjølv fekk støtte og inspirasjon til å gå heile vegen fram mot professorkompetanse.

– Men kanskje det viktigaste med Kvinneløftet har vore at det har endra noko med haldningar til korleis vi som kolleguim snakkar om professorar på Høgskulen i Volda, som ein veit er viktig både nasjonalt og internasjonalt. Stereotypien av den mannlege middelaldrande professoren med kvitt hår og briller er erstatta av ein ny type professor. Ein professor som jobbar i team, som løfter og inspirerer kollegaene sine, i tillegg til å undervise studentar og å leie og støtte i forskingsarbeid og initiere nye prosjekt.

Det er ein slik professor Wenke Mork Rogne ynskjer å vere, seier ho.

– Viktig at kvinner får toppstillingar

– Veldig mange av kvinnene, og for så vidt mennene, har fått professor- eller dosentstipend, ei ordning rektor Johann Roppen var med og starta i si tid. Ordninga, og at det vert prioritert stønad til dette, er nok delaktig i at vi har fått eit kompetanseløft no, seier prosjektleiar og forskingssjef Henriette Hafsaas.

Roppen fortel at denne ordninga vart innført i 2014. Til no har 16 HVO-tilsette fått professor- eller dosentstipend, og ni av desse har så langt fått fagleg opprykk. Seks kvinner og tre menn.

– Desse ni utgjer ein tredjedel av professorane og dosentane ved høgskulen. Eg meiner dette viser at det er ei god ordning som fungerer. Det trur eg også dei tilsette meiner, for ved kvar utlysing har vi fleire søkarar enn stipend, seier Roppen.

– Det er viktig at kvinner får toppstillingar då dette er ein av dei siste mannsbastionane i akademia. Høgskulen i Volda har hatt fleirtal av kvinnelege studentar i hundre år, men det er først det siste tiåret at kvinner har vore i fleirtal blant dei faglege tilsette, legg Roppen til.

Fleire kvinnelege førebilete i akademia

Kompetanseløftet er svært kjærkomen, men arbeidet med å heve prosentdelen enda meir må halde fram, seier forskingssjefen. Ho håper også at kvinnenettverket og dei andre tiltaka gjennom Kvinneløftet kan halde fram etter at prosjektet i Balanse-programmet går ut.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei som har vore med. Det er framleis viktig at HVO har fokus på å auke talet på kvinner med toppkompetanse. Vi ser at det ber frukter når vi set fokus på det, jobbar konsekvent med kompetanseheving og at dei tilsette får støtte og mentorering når dei skal skrive søknaden sin om opprykk, fortel Hafsaas.

– No er det på tide at dei tek siste steget og vi også får god balanse i toppstillingane. Det er bra for den einskilde, bra for høgskulen, bra for samfunnet – og for alle jenter og kvinnelege studentar som får fleire kvinnelege førebilete også i akademia, supplerer rektor Johann Roppen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Dei kvinnelege toppkompetente ved HVO – ni professorar og éin dosent. Frå venstre: Ellen Lexerød Hovlid, Marie Nedregotten Sørbø, Wenke Mork Rogne, Siv Måseidvåg Gamlem, Inger Marie Okkenhaug, Nathalie Homlong, Birgitte Fondevik, Helga Synnevåg Løvoll og Wenche Torrissen (Kari Elisabeth Bachmann var ikkje til stades då biletet vart tatt). Foto: Høgskulen i Volda / Per Straume.
Dei kvinnelege toppkompetente ved HVO – ni professorar og éin dosent. Frå venstre: Ellen Lexerød Hovlid, Marie Nedregotten Sørbø, Wenke Mork Rogne, Siv Måseidvåg Gamlem, Inger Marie Okkenhaug, Nathalie Homlong, Birgitte Fondevik, Helga Synnevåg Løvoll og Wenche Torrissen (Kari Elisabeth Bachmann var ikkje til stades då biletet vart tatt). Foto: Høgskulen i Volda / Per Straume.
Last ned bilde
Henriette Hafsaas, prosjektleiar og forskingssjef ved HVO. Foto: Høgskulen i Volda / Tone Solhaug.
Henriette Hafsaas, prosjektleiar og forskingssjef ved HVO. Foto: Høgskulen i Volda / Tone Solhaug.
Last ned bilde
Trude Carlsen, rådgjevar i forskingsadministrasjonen ved HVO. Foto: Privat.
Trude Carlsen, rådgjevar i forskingsadministrasjonen ved HVO. Foto: Privat.
Last ned bilde
Wenke Mork Rogne fekk opprykk til professor i norskdidaktikk i september. Foto: Høgskulen i Volda / Lea Albertsen.
Wenke Mork Rogne fekk opprykk til professor i norskdidaktikk i september. Foto: Høgskulen i Volda / Lea Albertsen.
Last ned bilde
Johann Roppen, rektor ved HVO. Foto: Høgskulen i Volda / Tone Solhaug.
Johann Roppen, rektor ved HVO. Foto: Høgskulen i Volda / Tone Solhaug.
Last ned bilde

Lenker

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye