Høgskulen i Volda

Jublar for ny barnevernsmaster til hausten

Del
1. januar 2031 skal 80 prosent av alle tilsette i barnevernet ha masterutdanning. Fagmiljøet ved Høgskulen i Volda jublar for at dei frå hausten 2023 kan tilby ein ny master i barnevernsarbeid.
Administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud og høgskulelektorane Ellen Synnøve Aarseth og Betina Haug Olson er svært glade for at Høgskulen i Volda er med på å heve kompetansen blant tilsette i barnevernet gjennom ein ny barnevernsmaster. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

– Dette er ein tverrfagleg barnevernsmaster som er open for alle som jobbar med barn og unge. Det kan vere alt frå tilsette i barnevernet, til andre som har eller skal byrje på ei treårig relevant høgskuleutdanning, og som har ambisjonar om å oppfylle krav om mastergrad.

Det seier høgskulelektorane Betina Haug Olson og Ellen Synnøve Aarseth ved Institutt for sosialfag.

Ny reform, lov og to masterutdanningar

I 2019 slo Bufdir fast i ein rapport at tilsette i barnevernet må ha meir kompetanse, og både fagdirektoratet og Solberg-regjeringa jobba i fleire år med ein kompetansestrategi for barnevernet. Etter kvart blei ein ny barnevernsreform vedtatt, der kommunene får større ansvar for barnevernsområdet både økonomisk og fagleg, og den nye barnevernlova blei innført med verknad frå 1. januar 2023.

Eitt av tiltaka for å heve kompetansen blant barnevernstilsette er innføringa av to nye masterutdanningar. Den eine er ein femårig master i barnevern som har opptak for barnevernspedagogar. Den andre er ein master i barnevernsarbeid som er tverrfagleg og opnar opp for andre relevante profesjonar, som sosionomar og vernepleiarar.

Det er den sistnemnde masteren Høgskulen i Volda er glade for å kunne tilby frå hausten 2023.

– Vi har totalt 40 plassar per år i masteren, og vitrur at plassane kjem til å bli fylt opp, seier administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud ved avdeling for samfunnsfag og historie.

Har du annan relevant helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, minimun eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar og minst C i snitt frå bachelorgraden, kan du også søkje på den nye barnevernsmasteren ved Høgskulen i Volda

Glade for kompetanseheving

Olson, Aarseth og Dagfinrud viser til at det har kome fram fleire tilsynssaker i media frå heile landet, som viser at lovverk har blitt brote.

– Det kan mellom anna vere fristbrot, eller at ein ikkje dokumenterer godt nok kva vurderingar ein har gjort. Etter mi vurdering betyr ikkje det nødvendigvis at dei tilsette ikkje har den menneskelege kompetansen, men at ein kanskje ikkje har god nok kompetanse knytt til saksbehandling. Derfor har fokuset på barnevern blitt så stort dei siste åra, seier Olson.

– Myndigheitene sitt svar på dette er at vi må ha meir kompetanse og meir ressursar. Og det er vi svært glade for, legg Dagfinrud til.

Skal bli betre på jus

I Bufdir-rapporten blei det foreslått, og seinare bestemt, å ha ein nasjonal deleksamen i jus i dei nye masterutdanningane. At det no er vert satsa på auka krav til kompetanse, og at det i tillegg blir ein obligatorisk juseksamen, meiner Olson og Aarseth er viktig.

– Dei som jobbar i barnevernet sit med veldig komplekse saker med mange ulike problemstillingar i ei og same sak. For å handtere dette på best mogleg måte, krev det at ein har rett og god kompetanse og rett analytisk evne, seier Aarseth og held fram:

– Vi håper at dei tilsette i barnevernet blir meir stødige til å gjere gode vurderingar og utvikle enda betre kritisk refleksjon gjennom den nye masterutdanninga vår.

Innovasjon og fagutvikling, barnevernsjus og kritisk refleksjon skal vere stolpar i masteren i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda.

– Det er også fleire krav i den nye reforma om at profesjonar i barnevernet skal drive med fagutvikling. At du skal kunne lese deg opp på forsking, vurdere det kritisk og ta det i bruk i praksis. Det har vi eit eige emne på, som handlar om fagutvikling i praksis. Då skal du ut i praksis og jobbe med fagutvikling i nært samarbeid med tenestene, seier Olson.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud og høgskulelektorane Ellen Synnøve Aarseth og Betina Haug Olson er svært glade for at Høgskulen i Volda er med på å heve kompetansen blant tilsette i barnevernet gjennom ein ny barnevernsmaster. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.
Administrasjonssjef Kjell Einar Dagfinrud og høgskulelektorane Ellen Synnøve Aarseth og Betina Haug Olson er svært glade for at Høgskulen i Volda er med på å heve kompetansen blant tilsette i barnevernet gjennom ein ny barnevernsmaster. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.
Last ned bilde
– Dette er ein tverrfagleg barnevernsmaster som er open for alle som jobbar med barn og unge, seier høgskulelektorane Betina Haug Olson (t.v.) og Ellen Synnøve Aarseth om den nye masteren i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Kjell Einar Dagfinrud, administrasjonssjef i avdeling for samfunnsfag og historie, trur alle dei 40 plassane i den nye masteren blir fylt opp. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.
Kjell Einar Dagfinrud, administrasjonssjef i avdeling for samfunnsfag og historie, trur alle dei 40 plassane i den nye masteren blir fylt opp. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye