Høgskulen i Volda

Journalistikk framleis mest populært i Volda

Del
Høgskulen i Volda (HVO) har ein markant nedgang i søkarar til høgare utdanning. Det er i tråd med den nasjonale utviklinga der Samordna opptak melder om nærare 20 000 færre søkarar nasjonalt. Ved HVO er det knapt 300 færre som har Volda på førsteplass samanlikna med i fjor. Det ser likevel ut til å bli lang kø til dei tradisjonelt mest populære studia – og det er nokre nykomarar på topplista.

1.131 søkarar har HVO som sitt førsteval i år, mot tilsvarande tal i fjor på 1.413 såkalla førsteprioritetssøkarar. Det er ein nedgang på nesten 20 prosent, og det er færre søkarar på dei fleste fagområda skulen tilbyr. Etter fleire år med auke i søkartala opplevde Høgskulen i Volda i 2021 ein nedgang i søkartala i fjor. Rektor Johann Roppen er diverre ikkje overraska over at trenden held fram. - Vi ser nok ein pandemieffekt her, utan at vi har svara på nøyaktig korleis dette påverkar folk sine val om å søke seg til høgare utdanning.

Færre frå eige fylke

Høgskulen i Volda har fleste studentar frå Møre og Romsdal, og her ser høgskulen ein klar tilbakegang. – Vi ser også tilbakegang i aldersgruppa 21-22 år. Dette er ei svært stor gruppe studentar. Kanskje folk ønskjer seg ut i ei pandemifri verd, undrar Roppen.

Elles ser høgskulen at det er færre søkarar i alle aldersgrupper, noko som samsvarar med det nasjonale biletet. Aldersgrupper som gjekk fram hos HVO under pandemien, er no attende på normalt eller lågare nivå samanlikna med dei siste åra.

Journalistikk flest søkarar, sosialt arbeid og barnevern størst

Bachelor i journalistikk er i år som i fjor studietilbodet med flest søkarar ved HVO. Det nyare studietilbodet medieproduksjon har vokse kraftig, og hadde ein «all time high» i fjor. I år er det nedgang for det populære studiet, men som Roppen påpeiker: Det er det nest beste søkartalet vårt her nokon gong, så vi får seie oss glade for det ligg stabilt høgt. Det gjer også dei andre mediefaga der det som vanleg vert ventelister når studentane får svar på søknaden sin i juli.

Sjølv om journalistikk har flest søkarar, så er det samla sett flest søkarar til dei to bachelorgradene i sosialt arbeid, sosionom og barnevern.

– Søkartala går berre litt ned på sosialt arbeid, seier rektor Roppen. – Dette er viktige fagområde for oss, og pandemien har diverre vist at det er bruk for mange sosionomar og barnevernspedagogar framover, så vi er glade for at desse søkartala held seg høge, held Roppen fram.

Nedslåande tal for barnehagelærarutdanninga

Lærarutdanningane har hatt nokre tøffe år med nedgang i søkarar. På nokre av studietilboda har søkartala stabilisert seg, men for andre er det ikkje betring, fortel Johann Roppen: – Det er færre som vil bli lærarar og barnehagelærarar, og det merker vi oss i Volda for dette er store og viktige studium for oss.

For barnehagelærarutdanninga var det i mange år svært stabile søkartal, men i 2021 gjekk søkartala kraftig ned og i 2022 har tala ikkje vorte betre. - Vi lurer på om dette kan vere ein korona-effekt. Vi veit at tilsette i barnehagar har hatt tøffe kår under pandemien. Her har vi sjølvsagt ikkje fasit enno, men vi ser at biletet er det same også andre stader og at også andre høgskular har markant nedgang i søkartala på barnehagelærarutdanning, seier Roppen.

For grunnskulelærarutdanninga er resultata meir blanda. Søkinga til 5-10. trinn har hatt ein jamn nedgang siste åra og held fram også i 2022. Men for Master i grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn, er det lyspunkt:

– Vi har same søkartal som i fjor, og nokre fleire menn! Dette er noko vi har ønska oss i lang tid, så det tek vi med oss som ei god nyheit, seier Roppen.

Han reknar med nedgangen i søking til lærarutdanningane vil vere tema på nasjonalt nivå, som det har vore ei stund no.

– Og vi i universitets- og høgskulesektoren må sjå på kva vi kan bidra med for å gjere læraryrka meir attraktive igjen, seier Roppen. – Dette vert utruleg viktig framover!

Planlegging og administrasjon aukar, kulturfag populære

Det er også studietilbod som opplever auke i søkartala, og blant dei finn vi Bachelor i planlegging og administrasjon. Her fortel Roppen at fagmiljøet har gjort ein god jobb med å synleggjere kva ein kan nytte seg av denne utdanninga til. – Vi er glade for å sjå at fleire søker seg til ei så allsidig og spanande utdanning, seier rektoren.

Andre studium som «går i pluss» ved HVO er mellom anna kulturfag som Årsstudium i musikk og Bachelor i kunst og handverk. Avdeling for kulturfag husar også det HVO-tilbodet som går att i toppen nasjonalt som det mest populære studiet per studieplass: Friluftsliv. Også i år er friluftsliv årrstudium det studiet med flerst søkarar per studieplass ved HVO. Her må søkarane belage seg på ventelister, sjølv om det totale talet på søkarar er noko ned mot fjoråret.

Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt fleire studentar enn nokon gong med rundt 4.500 studentar i alt. Det ser ut til at vi hausten 2022 vil få noko færre studentar enn dei siste åra. - Vi veit at vårt gode og aktive studentmiljø gir studentar gode opplevingar som igjen fører til at vi får nye studentar, seier Roppen.

– Studentmiljøet har lide under koronaen, men no våren 2022 har aktivitetane vorte sveiva i gang att etter pandemien. Eg håper og trur difor at hausten 2022 vil bli ein etterlengta «normal» studiestart for dei tusenvis av studentane som kjem til Høgskulen i Volda. X2-festivalen og Dokumentarfilmfestivalen som nett har vorte arrangert var strålande døme på dette, så eg er optimist med tanke på studieåret 2022 og rekrutteringa i 2023, seier Roppen.

Kontakter

Bilder

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye