Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje utsett frist for Bremangerlandet vindkraftverk

Del

NVE har i dag avslått søknaden frå Bremangerlandet Vindpark AS om utsett frist for Bremangerlandet vindkraftverk. Anlegget er planlagt i Bremanger kommune i Vestland, og hadde frist for å vere satt i drift 1. september i år.

Bremangerlandet Vindpark AS (BVAS) søkte i mars i år om utsett frist for å idriftsette Bremangerlandet vindkraftverk frå 1.9.2022 til 31.12.2025. BVAS grunngjev søknaden med at forhold utanfor deira kontroll, særleg manglande avklaringar frå offentlege styresmakter, har gjort det umogeleg å gjennomføra prosjektet innan noverande frist.

NVE er ikkje samde i at det er forhold utanfor BVAS’ kontroll som gjev grunnlag for å gjere unntak frå gjeldande forvaltningspraksis. Denne inneber at søknadar om utsett frist for vindkraftverk på land ikkje skal innvilgast. NVE har i avslaget lagt vekt på at BVAS sjølv har valt å søke om vesentlege endringar i prosjektet etter at endeleg konsesjon vart gjeven i 2017. Vi vektlegg og at Bremanger kommune ikkje har uttrykt tydeleg støtte til gjennomføring av prosjektet, og at Bremangerlandet vindkraftverk manglar avklaring mot gjeldande kommunal arealplan.

Linja AS søkte samtidig om utsett frist for idriftsetting av ny 132 kV kraftleidning for vindkraftverket. NVE har med bakgrunn i avslaget på søknaden frå BVAS avslått søknaden frå Linja.

Les meir om sakane på våre nettsider:

Kontakter

Seksjonssjef Svein Grotli Skogen, 932 62 482
Seniorrådgjevar Marte Lundsbakken, 991 50 873

Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom