Diskrimineringsnemnda

Ikkje diskriminerande å oppmode somaliske helsearbeidarar til å koronateste seg

Del

Antirasistisk senter klaga Stavanger kommune inn for Diskrimineringsnemnda for diskriminering på grunn av etnisitet. Årsaka var at kommunen hadde oppmoda tilsette i helse- og omsorgstenesta med somalisk bakgrunn om å testa seg for covid-19. I avgjerd av 17. juli kom nemnda fram til at oppmodinga ikkje var i strid med diskrimineringsregelverket.

Foto: Mostphotos
Foto: Mostphotos

Auke i smittetrykket i kommunen

I Stavanger kommune var det ei auke covid-19-smitte i siste halvdel av desember 2020 samanlikna med tidlegare under pandemien. I perioden 22. til 27. desember var 103 av 152 positive prøvar i Stavanger knytt til dei somaliske miljøa i kommunen.

Stavanger kommune oppmoda tilsette i helse- og omsorgstenesta med somalisk bakgrunn eller med tilknytning til somaliske miljø om å teste seg for covid-19. Oppmodinga gjaldt i tidsrommet 24. desember 2020 til 4. januar 2021.

Antirasistisk senter klaga inn saka

Antirasistisk senter meinte forskjellsbehandlinga var diskriminerande, og klaga Stavanger kommune inn for Diskrimineringsnemnda for diskriminering på grunn av etnisitet.

Ei konkret vurdering

Nemnda føretok ei konkret vurdering av saka, og kom til at vilkåra for lovleg forskjellsbehandling i likestillings- og diskrimineringslova § 9 var oppfylt. Det vil seia at nemnda meinte at forskjellsbehandlinga var sakleg, nødvendig og høvesvis og soleis lovleg.

Ikkje i strid med regelverket

Grunngjevinga for kommunen si oppmoding var å verna sårbare pasientar og brukarar mot smitte. Nemnda vurderte dette som eit sakleg formål etter likestillings- og diskrimineringslova. Nemnda meinte også at oppmodinga var nødvendig, fordi smittetrykket i det aktuelle tidsrommet var dokumentert å vera langt høgare for personar med somalisk bakgrunn eller tilknyting til det somaliske miljøet enn elles i Stavanger. På grunn av talet på tilsette, var det ikkje realistisk å testa alt helsepersonell på så kort tid det her var snakk om. Nemnda meinte også at oppmodinga var høvesvis. Dei viste til at oppmodinga gjaldt i eit kort tidsrom, at ulempene med testing for den einskilde var små og at det var ingen sanksjonar knytt til å la vera å testa seg. I vurderinga la nemnda også vekt på at oppmodinga gjekk til tilsette i helse- og omsorgtenesta. For brukarane av slike tenester er det særleg viktig å ikkje verta utsett for smitte, då mange av desse vil vera sårbare grunna alder og/eller underliggjande sjukdomar.

Smittevernomsyn kan gjera forskjellsbehandling lovleg

Avgjerda visar at smittevernomsyn mot covid-19 kan gjera forskjellsbehandling lovleg, uttalar direktør i nemnda, Ashan Nishantha. Han tilføyer at nemnda må føreta ei konkret vurdering i den einskilde sak.

Les heile avgjerda i sak 21/76 på Diskrimineringsnemnda sine heimesider.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Foto: Mostphotos
Foto: Mostphotos
Last ned bilde

Om Diskrimineringsnemnda

Diskrimineringsnemnda
Diskrimineringsnemnda
Postboks 208 Sentrum
5804 Bergen

+47 90 93 31 25https://diskrimineringsnemnda.no/

Følg pressemeldinger fra Diskrimineringsnemnda

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Diskrimineringsnemnda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Diskrimineringsnemnda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom