Høgskulen i Volda

I landstoppen på å bli ferdig i tide

Del
Høgskulen i Volda hamnar på topp-3 på lista over kor mange av studentane som gjennomfører bachelorgraden på normert tid blant dei statlege høgskulane og universiteta. Hos mastergradene ser ein ei kraftig auke i dette talet i Volda.

Ferske tal viser at fleire av studentane ved Høgskulen i Volda fullførte graden sin på normert tid i 2021 enn tidlegare år.

Tala er så gode for gjennomføring av bachelorgrader at det er ny rekord for Høgskulen i Volda (HVO). 66 prosent av dei som skulle vere ferdige med bachelorgraden sin våren 2021, etter tre år som er normert tid, var det ved HVO. I dei fleste av dei føregåande åra har ein klart å bikke 60 prosent, men det er første gong ein bikkar over 65-talet.

Samanliknar ein med gjennomsnittet for statlege høgskular og universitet blir ikkje tala akkurat dårlegare. Gjennomsnittet på landsbasis er 51 prosent, og det er berre Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, med ein prosent, og Kunsthøgskolen som har høgare tal å vise til enn HVO. Det gjer at Høgskulen Volda hamnar på ein tredjeplass over alle høgskulane og universiteta i landet når det kjem til gjennomføring av bachelorgrader på normert tid.

– Dette er svært gledeleg, spesielt midt i ein pandemi, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO.

Imponert over studentane i pandemien

HVO har tradisjonelt sett lege høgt på denne lista. At ein under ein pandemi skulle oppleve eit rekordår er ei positiv overrasking for leiinga ved høgskulen.

– Vi var litt bekymra for at tala heller skulle gå litt ned i lys av pandemien. Da er det ekstra moro at det går andre vegen, smiler prorektor Tonheim.

Han vil takke studentane og dei tilsette for at dei saman har klart å få til ein skulekvardag som tydelegvis har vore fruktbar.

– Studentane har vore mottakelege for store endringar i studiekvardagen og klart å følgje med i studieløpet sitt. Det er eg imponert over!, fastslår Tonheim før han held fram:

– Dei tilsette har tilpassa seg ein annan måte å undervise på, og klart å ta i bruk nye undervisningsmetodar. Det har gjort at vi har kunne heldt fram med undervisning og eksamen.

Systematisk arbeid

Prorektoren trur ikkje god innstilling og godt arbeid under pandemien kan ta all æra for dei positive tala. Mykje av det handlar om arbeid over ein lengre periode.

– Vi har arbeidd meir systematisk dei siste åra for å få opp talet på gjennomstrøyming. Avdelingane har tatt ansvar og dei ulike fagmiljøa har sett på korleis dei skal jobbe og legge til rette for at studentane skal bli ferdig på normert tid.

– Dette er ein del av studiekvalitetsarbeidet ved høgskulen og blir tatt alvorleg. En del av det arbeidet er å ha kontakt med og lytte til studentane gjennom ulike fora og undersøkingar. God undervisning gir motiverte studentar, som igjen gir høgare del studentar som gjennomfører til normert tid, slår Tonheim fast.

Kraftig oppgang – kan bli betre

Når prorektoren snakkar om dette tenkjer han også på den positive utviklinga med mastergradene ved HVO. Medan 14 prosent gjennomførte på normert tid i 2020, er det ei svært så markant auke opp til 39 prosent for 2021. Talet har vore høgare berre i 2014 og snittet for dei siste seks åra er 20 prosent.

– Vi er veldig glade for å sjå denne auka hos mastergradene. Det har vore laga handlingsplanar for kvar enkelt mastergrad der dette med gjennomstrøyming har vore sentralt, fortel Tonheim.

Gjennomsnittet for dei statlege høgskulane og universiteta fortel at 52 prosent av studentane gjennomfører mastergraden på normert tid.

– Vi seier oss ikkje nøgd med 39 prosent, vi må opp på rundt gjennomsnittet i landet for at vi skal vere det. Difor vil vi halde fram med det målretta arbeidet vi har starta med og håper det vil bere fleire frukter.

Tala i denne artikkelen er henta frå Database for statistikk om høyere utdanning (DBH). DBH presiserer at tala for 2021 må reknast som foreløpige fram til 20. februar 2022

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye