Høyring på reglar om fiske av pukkellaks i sjø
17.3.2023 13:32:33 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding

Forslaget inneber at det ikkje blir opna for noko ordinært sjølaksefiske i Finnmark i 2023, i tråd med oppdraget frå Klima- og miljødepartementet. Høyringa har frist 11. April.
Sjå meir om forslaget i pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.
Miljødirektoratet har foreslått følgjande presiseringar:
- Det vil vere ope for fiske etter pukkellaks frå måndag til laurdag i sjøregion Fjordene i Vest-Finnmark. Andre regionar i Finnmark vil vere opne for fiske frå måndag til fredag, med unntak av Tanafjorden og nærliggjande område der det ikkje vil bli opna for fiske.
- Kilenøtene skal røktast minst tre gonger i døgnet.
- Fangst skal rapporterast elektronisk.
På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet tidlegare utarbeidd eit notat, som vurderer om det er mogleg å gjere eit fiske etter pukkellaks i sjø effektivt, og utan at skadane på dei naturleg heimehøyrande artane blir for store. Notatet var basert på blant anna ein rapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Færre rovviltskader også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskader på sau. Dette er de nest laveste tallene siden registreringen startet i 2002.
Færre rovviltskadar også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
