Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har dei mest fornøgde lærarstudentane i landet

Del
Grunnskulelærarstudentane 1.-7. trinn ved Høgskulen i Volda tronar på toppen av lista over kor fornøgd lærarstudentane landet over er. Det viser den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret.
Grunnskulelærarstudentar i Volda er godt nøgd med utdanninga si.
Grunnskulelærarstudentar i Volda er godt nøgd med utdanninga si.

Tysdag vart resultata frå Studiebarometeret 2021 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

Det mest brukte og viktigaste talet frå undersøkinga er overordna tilfredsheit. Her gir Grunnskulelærarstudentane 1.-7. trinn ved Høgskulen i Volda (HVO) karakteren 4,3 der 5 er høgst og 1 er lågast. Gjennomsnittet for alle grunnskulelærarutdanningar er 3,6.

– Dette er fantastiske nyhende! Vi jobbar kvar dag for å gi studentane den beste undervisningskvaliteten og rammer som gjer studiekvardagen så god som mogleg, da er det kjekt å sjå at det gir resultat, seier Eivind Patrick Hanevik, studieleiar for grunnskulelærarutdanninga ved HVO.

Hanevik peiker på fleire grunnar til at studentane er så godt nøgde. 

– Vi jobbar systematisk med studiekvalitet og er opptatt av å lytte til studentane og eg håper studentane opplever at vi tek dei på alvor. Eg trur heller ikkje det er ei ulempe å vere ein relativ liten høgskule med tette band til praksisfeltet. Dette meiner eg gir oss nokre fordelar i forhold til dei større institusjonane, seier Hanevik.

Studieleiaren meiner ein no ser resultatet av fleire år med auka satsing på å få enda betre kvalitet i utdanninga. – Samtidig har vi det siste året jobba systematisk og godt innanfor dei områda som vi har sett potensiale for forbetring. Blant annet har vi jobba ein del med å betre informasjonsflyt og organisering, så det er gledeleg å nå sjå at dette har gitt resultat, fortel Hanevik.

– Ekstra gledeleg

Undersøkinga består av fleire spørsmål og dei nemnde grunnskulelærarstudentane scorar best på korleis studieprogrammet er organisert, og det same for eksamen.

– Dette er ei fin fjør i hatten for oss. Vi utdanna lærarar i over 150 år i Volda og har dyktige folk som driv med det. Lærarutdanningane er viktige for Høgskulen i Volda, difor er dette ekstra gledeleg, synest Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO.

Barnehagelærarstudentane ved HVO gir også tilbakemelding om at dei er godt fornøgde. Barnehagelærarutdanning deltid får karakteren 4,3, mens talet er 3,9 for heiltid.

Grunnskulelærarstudentane 5.-10. trinn er meir på landssnittet i si tilbakemelding med ein score på 3,5.

Friluftsliv, idrett og teater gjer det godt

Studentane på bachelorstudiet i friluftsliv og naturguide held fram med å gi god tilbakemelding for studiet. For andre år på rad oppnår studiet karakteren 4,4.

Bachelor i teater og drama oppnådde skyhøge 4,8 i 2020 og held fram med den sterke karakteren 4,3 for 2021. 

Same karakter oppnår også bachelor i idrett og kroppsøving, som studentane tradisjonelt sett har gitt gode tilbakemeldingar til.

– Desse studia ligg jamt over det nasjonale snittet og held fram med å gjere det godt. Ein ting er å forbetre studium som går mindre godt, men ei anna og like så viktig øving er å klare å halde stabilitet etter gode tilbakemeldingar. Det er det godt å sjå at desse klarer, kommenterer prorektor Tonheim.

Nyvinning med kjempekarakter

Master i helseledelse, som er eit samarbeid mellom HVO, NTNU og Høgskolen i Molde, starta opp hausten 2020. Det er difor første gang studentar frå denne mastergraden svarar på Studiebarometeret – og for ein kanonstart! For studentane på master i helseledelse gir studiet karakteren 4,7.

– Det er veldig kjekt å sjå at denne masteren har fått ein så god start. Det er alltid spennande med nye studium, da er ei slik tilbakemelding god å få, seier Tonheim.

Godt ut kjem også den nettbaserte bacheloren i historie, som var svært populær og fekk høg søking då den såg dagens lys i 2019. Studentane gir studiet karakteren 4,3.

Sosialt arbeid kan også vise til gode tilbakemeldingar frå sine studentar, sosionomstudentane svarar med karakteren 4,2 og dei som går barnevernspedagog 4,0.

Journalistikk framleis i toppen

Den landskjende journalistikkutdanninga held fram med å score godt. Studentane gir den sterke karakteren 4,4 som si tilbakemelding. 

Bacheloren i medieproduksjon har dei siste åra opplevd ei solid auke i talet søkarar. Kraftig oppgang opplever studiet også i Studiebarometeret, med ein oppgang på 1,1 som betyr at studiet får karakteren 4,2 for 2021.

I gang med forbetringar

Master in Media Practices (MMP) arbeider heile tida med å utvikle seg, og har allereie sett i gang arbeidet med å betre det som ligg bak karakteren 2,3 frå Studiebarometeret. Lars Julius Halvorsen, programansvarleg for MMP, fortel at dei kjenner til to konkrete forhold som kan knytast til resultatet.

– Vi har ikkje hatt eit godt nok tilbod innan design på andre semester. Dette har vi fått på plass for årets kull, seier Halvorsen og held fram:

– Vi har flytta inn i eit nytt flott bygg, men i innkøyringsfasa har det oppstått nokre problem. Dette har ført til at vi har mangla kapasitet på nokre typar utstyr og rom, spesielt for studentar med animasjonsbakgrunn og som produserer film. Dette har vi no fått på plass ei god løysing for.  

Halvorsen nemner også eit tredje forhold som kan ha spelt inn: Dei som har svara på barometeret er det første kullet som berre har studert under korona. – Vår utdanning fungerer langt betre analogt, slår Halvorsen fast.

Han er klar på at dei vil gå nøye gjennom resultata frå Studiebarometeret saman med studentrepresentantane og sjå etter forbetringsmoglegheitene.

Studiebarometeret viser at studentane i stor grad føretrekker fysisk undervisning. Prorektor Tonheim synes det er interessant å sjå, og meiner tilbakemeldingar frå studentane i Studiebarometeret er gull verdt for høgskulens kvalitetsarbeid: – Det er studentane vi er her for og deira tilbakemeldingar er viktige for å lage gode utdanningar ved høgskulen.

Fornøgd med bibliotek, eksamen og undervisning

På spørsmål om den generelle tilfredsheita ved HVO gir studentane karakteren 3,9 samla sett for hele undersøkinga. Det er på linje med det nasjonale gjennomsnittet som er 4,0.
Det blir spurt om 11 hovudområde i undersøkinga. HVO er over landssnittet på seks av dei, to er på snittet og tre er under.

Biblioteket ved høgskulen er eit av punkta som scorar godt, med karakteren 4,4. Slike karakterar har biblioteket blitt vande med. – Biblioteket har lege høgt i mange år – det er eit fantastisk komplement frå studentane. All ære til dei tilsette ved biblioteket som utviklar seg og legg godt til rette for studentane, seier Tonheim.

Eksamen og undervisning er også punkt der ein ved HVO er over landssnittet. Det er prorektoren svært glad for å sjå.

– Vi har fagmiljø som arbeider langsiktig med kvalitetsarbeidet. Da er det hyggeleg å få slike tilbakemeldingar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Grunnskulelærarstudentar i Volda er godt nøgd med utdanninga si.
Grunnskulelærarstudentar i Volda er godt nøgd med utdanninga si.
Last ned bilde
Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim
Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim
Last ned bilde
Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane Eivind Patrick Hanevik
Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane Eivind Patrick Hanevik
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye