Lotteri- og stiftelsestilsynet

Hjelpelinjen blir vidareført

Del
Sykehuset Innlandet har varsla at dei ikkje lenger ønsker å drifte tilbodet frå 2024, men Hjelpelinjen skal likevel vidareførast.
Bjørn Leirdal er konstituert kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Bjørn Leirdal er konstituert kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Lotteritilsynet har avtale om drift av Hjelpelinjen med Sykehuset Innlandet fram til 31. desember 2023. Hjelpelinjen skal likevel vidareførast og vidareutviklast. Lotteritilsynet skal lyse ut ny driftsavtale på anbod i 2023.

- Det er synd at Sykehuset Innlandet ikkje lenger vil drifte tilbodet då dei har bygd opp solid kompetanse på pengespelproblematikk sidan 2003, seier konstituert kommunikasjons- og strategidirektør Bjørn Leirdal i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

At Sykehuset Innlandet ikkje lenger vil drifte tilbodet, betyr ikkje at Hjelpelinjen sitt tilbod blir lagt ned. I Regjeringa sin Handlingsplan mot spilleproblemer 2022-25, står det at Hjelpelinjen skal vidareutviklast.

Hjelpelinjen er eit viktig lågterskeltilbod som hjelper både spelarar og pårørande. Det er også eit tilbod stadig fleire brukar. I 2022 hadde Hjelpelinjen 825 samtalar, det er fleire enn i 2021.

- 55 000 nordmenn har problemer med spel og 122 000 er i risikosona. Det er mange der ute som treng hjelp og Hjelpelinjen er eit av fleire viktige tilbod til desse.

Lotteritilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre ansvarlege pengespel, samt forebygge speleavhengigheit og negative konsekvensar av pengespeltilbodet i Norge.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bjørn Leirdal er konstituert kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Bjørn Leirdal er konstituert kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Last ned bilde

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Storehagen 1B
6800 FØRDE

57 82 80 00https://lottstift.no/nb/

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Les meir på www.lottstift.no  

Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye