Story House Egmont

Herborg Kråkeviks bestseljande Juleroser garanterer julestemning!

Del
Julehefta Juleroser og Barnas Juleroser 2021 har bidrag frå Agnes Ravatn, Ingrid Bjønov, Edvard Hoem, Gulraiz Sharif, Åge Aleksandersen, Karoline Krüger, Malin Falck med fleire. Herborg Kråkevik er redaktør for begge julehefta.
Herborg Kråkevik er redaktør for begge Juleroser-hefta
Herborg Kråkevik er redaktør for begge Juleroser-hefta

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. I 2018 vart også tradisjonen med julehefte for barn tatt opp att med Barnas Juleroser. I adventstida i år er ho også aktuell med Barnas Juleroser-album (Grappa Musikkforlag) og Juleroser-turné saman med Juleroser kvintetten, Mathias Eick, Linda Eide og Vigdis Hjort

Juleroser 2021 har bidrag frå mellom andre Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger, Tone Selboe, Knut Hoem, Mona Høvring, Karin Boye, Tor Jonsson, Marthe Minde, Håkon Gullvåg og Erle Kyllingmark. Demian Vitanza og Christer Karlstad har laga ein ekfrase, Alfred Fidjestøl har intervjua Åge Aleksandersen, Karoline Krüger har skrive den nye julesongen «Syng sang», og framsida er illustrert av Christopher Rådlund. I tillegg ligg det ved tre kunsttrykk som ein kan ta ut og ramme inn. 

Barnas juleroser 2021 for barn mellom 6-12 år har bidrag frå mellom anna Tegne-Hanne, Gulraiz Sharif, Bjørn F. Rørvik, Helge Torvund, Anna R. Folkestad, Harald Nortun og Martin Ernstsen. Framsida er illustrert av Malin Falch. Barnas Juleroser er underhaldande og spekka med glade juleforteljingar, teikneseriar, dikt, songar og ikkje minst leikne og morosame illustrasjonar signert nokre av våre fremste barnebokillustratørar.

Juleroser og Barnas Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Herborg Kråkevik er redaktør for begge Juleroser-hefta
Herborg Kråkevik er redaktør for begge Juleroser-hefta
Last ned bilde

Lenker

Om Story House Egmont

Story House Egmont
Story House Egmont
Nydalsveien 12
0441 Oslo

+47 22 77 20 00http://www.egmont.no

Story House Egmont er Norges største utgiver av blader, magasiner, tegneserier og digitale tjenester til voksne, barn og unge. Selskapet har også investeringer i e-handel og digitalbyråer, og utgir over hundre kjente merkevarer. Story House er en del av Egmont - et av Nordens største mediekonsern med 6600 ansatte og aktivitet i 30 land. Vårt motte We bring stories to life har sterke publisistiske verdier. Egmont står bak mer enn 700 magasiner, tegneserier, Klikk.no, TV 2, Nordisk Film, kinodrift, samt flere deleide selskaper. Egmont er en stiftelse som årlig deler ut over 100 millioner kroner til et bedre liv for barn og unge.

Følg pressemeldinger fra Story House Egmont

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Story House Egmont på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Story House Egmont

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye