Helse Vest og Sectra inngår avtale om digital patologi-løysing
11.11.2020 09:28:00 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding
Vevsprøver skal studerast digitalt på skjerm i staden for gjennom eit mikroskop – og samhandling på tvers av patolog og helsetenester vert kraftig forenkla.
Denne veka har årets største milepæl vorte nådd i det digitale patologi-prosjektet i sjukehusa på Vestlandet; kontraktsinngåing med Sectra. Frå før av har Helse Vest avtale med den svenske leverandøren for røntgen-system, og forhandlingane i haust har no ført fram til at dei skal levere ei eiga løysing for digital patologi.
Status i dag
Prosjektleiar Kristine Bø frå Helse Vest IKT fortel at det er eit strengt fokus på brukarane sine behov som har danna heile grunnlaget for avtalen som no er inngått.
– Det har vore kritisk å sikre eit system som gjer kvardagen enklare for patologiavdelingane våre, ikkje eit som krev meir av dei. Prosjektet har no valt å utløyse ein opsjon vi allereie hadde moglegheita for i vår eksisterande avtale med Sectra, og vi opplever Sectra som ein leverandør med lang erfaring og mykje kunnskap knytt til digital innføring innafor patologiområdet, seier ho.
Målbilete
Saman med leverandørane skal det no leggast detaljerte planar for å sikre måla – lik, rask og riktig diagnostikk på alle patologiavdelingar i Helse Vest.
– Over jul startar eit tett arbeid med kjernen i prosjektet vårt – brukarane. Det er dei som skal utforme systemløysinga som er anskaffa.
Helse Førde har allereie starta med digital flyt, og dette gjer dei til eit godt utgangspunkt for ei vellukka oppstart i 2021, før dei andre patologiavdelingane i Helse Vest rask kjem etter.
Prosjektet til Helse Vest er ein del av det nasjonale prosjektet Digital patologi, som på lik linje med regionalt nivå skal sikre at patologisystema snakkar saman på nasjonalt nivå.
Nøkkelord
Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
Ny direktør for digitalisering i Helse Vest RHF11.9.2025 08:25:01 CEST | Pressemelding
Ørjan Andersen er tilsett som ny direktør for digitalisering i Helse Vest RHF.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
