Arbeidstilsynet

Helsa til mange fjørfebønder i fare

Del

Verken arbeidsgivarar eller arbeidstakarar veit nok om helserisikoen dei utset seg for når dei jobbar med fjørfe. Det kom fram da Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn og rettleiing hos 49 fjørfebønder i fjor.

Bønder er særleg utset for luftvegsplager
Bønder er særleg utset for luftvegsplager

I Noreg er det cirka 530 bønder som jobbar med egg og kvitt kjøt. Gjennom desse tilsyna har Arbeidstilsynet vore på tilsyn hos omtrent 10% av næringa, der det var særleg lagt vekt på kjemisk og biologisk helsefare. Hensikta med tilsyna var å kontrollere om det var satt i verk tilstrekkelege tiltak for å redusere risikoen for luftvegslidingar og hudplager ved arbeid med fjørfe.

Reaksjon i nær 7 av 10 tilsyn

Nesten halvparten av fjørfebøndene hadde manglar når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv, gass og informasjon om slik eksponering. Det ble avdekt brot i omtrent halvparten av verksemdene når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv og gass, og informasjon om slik eksponering. Det ble gitt reaksjon i 67 prosent av tilsyna, dei fleste som vedtak om pålegg. I tre tilsyn var det nødvendig med vedtak om tvangsmulkt for å få fjørfebøndene til å oppfylle pålegga.

Les rapporten her: Kjemisk eksponering i fjørfehold

- Funna viser at det framleis er behov for merksemd på luftvegsplager i fjørfehaldnæringa, seier seniorrådgivar i Arbeidstilsynet, Anne Marie Lund Eikrem.

Det som ikkje er på plass hos fleire av verksemdene er blant anna

  • kartlegging og risikovurdering
  • tilstrekkelege risikoreduserande tiltak
  • informasjon og opplæring til arbeidstakarar

Bønder særleg utset for luftvegsplager

Ein studie gjort av Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viste at heile 14 prosent av norske husdyrbønder har kols. Samanlikna med yrkeskollegaer som driver med planteproduksjon, har husdyrbøndene 30 prosent høgare førekomst av kols.

Les meir: Biologiske faktorer i arbeidslivet

Lufta i fjørfehus er ofte forureina av støv som kjem frå dyra, strø, fôr og ekskrement. Fjørfebønder kan derfor puste inn store mengder støv i arbeidet. Finstøvet inneheld eit mangfald av biologiske komponentar, som bakteriar, soppsporer, midd og allergen som igjen kan føre til betennelsar og sjukdom i lunger og luftvegar. Fjørfebønder kan også bli eksponert for ammoniakk som blir danna ved kjemiske reaksjonar i dyreekskrement. Ammoniakk kan i låge konsentrasjonar irritere auge, nase og øvre luftvegar. I tillegg nyttar dei ofte helsefarlege kjemikaliar til reingjering. 

Kva kan ein gjere? 

Bortsett frå at dei som jobbar med fjørfehold bør ta jamlege og målretta helseundersøkingar, er det viktig med gode ventilasjonsanlegg i fjøsa.

Reingjeringsmetodar som minimerer støv, er også et viktig tiltak. Tilsyna  viste at grovreingjeringa blir gjort på mange ulike måtar. Nokre av metodane er særleg uheldige med tanke på oppvirvling av støv. Dette gjeld for eksempel bruk av trykkluft, lauvblåser eller bruk av kost, spade og trillebår. Fleire av dei besøkte verksemdene brukte desse metodane. Av dei betre metodane inspektørane såg var bruk av industristøvsugar, som minimerer danninga av støv.   

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bønder er særleg utset for luftvegsplager
Bønder er særleg utset for luftvegsplager
Last ned bilde

Om Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet
Prinsens Gate 1
7013 Trondheim

73 19 97 00http://www.arbeidstilsynet.no

Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og sosialdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.

Følg saker fra Arbeidstilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Arbeidstilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom