Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

​Heime i verda, Heime på Førdefestivalen: Dette er opningskonserten

Del
I år er lyden av Førdefestivalen lyden av mangfaldet i landet vårt. Velkommen Heim og velkommen til opningskonsert!
Samiske Kajsa Balto er ein av artistane på opningskonserten i Førde, torsdag 8. juli.
Samiske Kajsa Balto er ein av artistane på opningskonserten i Førde, torsdag 8. juli.

Ingen artistar krysser landegrensene for å spele på Førdefestivalen i år. Likevel representerer dei 24 ulike nasjonar og tradisjonar.

Kvart år er opningskonserten torsdag og gallakonserten laurdag er dei to største konsertane under Førdefestivalen. Her får publikum ei rekke glimt og smakebitar av det festivalen har å by på. For den som har tungt for å velje, gjev desse konsertane eit tverrsnitt av årets festival.

På opningskonserten får publikum møte seks artistar frå åtte ulike musikktradisjonar: Kartellet (Norge), Meelodi (Norge, Iran, Syria), Kajsa Balto (Norge/Sapmi), Hamid akhizada (Afghanistan), Kvedarkvintetten (Norge) og RIID (Serbia, Mexico, Spania, Norge).

Konferansierar for kvelden er Irene Kinuda Afriyie og Finn Tokvam.

Kort omtale av artistane: 

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Kartellet (Norge)

To menn og to kvinner dansar og leikar i Kartellet sitt univers. Eit univers av rå, folkeleg kraft, kombinert med tøvete leik og uventa kombinasjonar.

Å danse staur eller å staure er eit nordnorsk uttrykk for å danse med nokon av same kjønn. Dette var vanleg mellom anna under Lofotfisket der menn dansa med menn på lik linje med å spele kort, slåss og synge. Å danse staur vart på same måte brukt når kvinner dansa saman. Intimsoner mellom menneske er i stadig forandring, og når kan to av same kjønn leike?

Koreografi:Kartellet
Tone Ingvaldsen- dans
Inge Martin Helgesen- dans
Ådne Geicke Kolbjørnshus- dans
Dina Bruun Arnesen- dans
Nina Fjeldet- fele
Mariann Torset- trøorgel


Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Meelodi (Norge, Iran, Syria)

Bergensgruppa Meelodi består av den iranske vokalisten Medi Farmani, den syriske oudspelaren og vokalisten Nawar Alnaddaf og gitarist Ole André Farstad, kjend for mange som gitarist i black-metal bandet Abbath. Farstad har reist verda rundt og studert tradisjonelle strengeinstrument og perkusjon i verdas kulturar, og desse instrumenta er langt framme i lydbildet til Meelodi. Songtekstar hentar Meelodi frå til den persiske matematikaren, astronomen, filosofen og poeten Omar Kayyam.

Ole Andre Farstad - perkusjon
Medi Farmani - vokal
Nawar Alnaddaf - vokal, oud
Snorre Bjerck - perkusjon, vokal
Torbjørn Hillersøy - bass
Per Jørgensen - trompet, perkusjon, vokal

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Kajsa Balto (Norge/Sapmi)

Urkraft møter det moderne i Kajsa Balto sitt heilt unike musikalske uttrykk, der joik og nordsamisk tekst vert presentert i eit moderne og spennande lydbilde. Albumet Buot eallá (alt lever) vart sleppt i mai 2020, og fekk strålande mottaking hos norske musikkpresse.Tittelen refererer til den gamle samiske trua på at alt i naturen har sjel, og plata er ei samling personjoikar frå Balto si eiga familie og songar som byggjer på tradisjonar frå Sápmi. Musikken vert omtala som vakker, kraftfull og lyrisk; ei utvidande og stemningsfull reise som hyllar moder jord.

Kajsa Balto- vokal
Ragnhild Tronsmo Haugland- cello
David Aleksander Sjølie- gitar
Karoline Bjørhei- trommer, perkusjon

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Hamid Sakhizada (Afghanistan)

Med livet som innsats løftar den afghanske musikaren Hamid Sakhizada fram tradisjonen sin, den eineståande hazaramusikken. I årevis har hazarane sin kulturarv og tradisjonar vorte latterleggjorde og undertrykte. Hamid tek tradisjonen på alvor, og formidlar den med varme og innleving. Den høgt respekterte musikaren frå Afghanistan har ein altoppslukande lidenskap for hazara-tradisjonen og damburaen, ein type lutt med to strengar. Damburaen gjev både melodi, akkordar og ein særprega rytme til den vakre afghanske folkemusikken. Saman med indisk fiolin, persisk tromme og norsk munnharpe, vert det skapt eit lydbilde som på den eine sida gjev inntrykk av tradisjon og folkemusikk, men som på same tid er nytt og kreativt.

Hamid Sakhizada- vokal, dambura
Harpreet Bansal- fiolin
Birger Mistereggen- munnharpe, slåttetromme, perkusjon
Kaveh Mahmudiyan- tombak, daf, bandir

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Kvedarkvintetten (Norge)

Tagaler eit nyskrive verk som utforskar den ordlause delen av folkesongen. Komponert av Jorun Marie Kvernberg for vokalgruppa Kvedarkvintetten. “Tagal” kan omsetjast til å teie still, vere taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande. Kvedarkvintetten består av fem folkesongarar frå Hallingdal. Gruppa har vore sentral på den norske folkemusikkscena gjennom mange år. Kvar for seg er dei framtredande utøvarar innan folkemusikk og folkedans, og som kvintett er dei av dei leiande vokalgruppene i Noreg som dyrkar folkesong i a capella format.

Margit Myhr- vokal
Sina Myhr- vokal
Helga Myhr- vokal og hardingfele
Tonje Risdal Liahagen- vokal
Silje Risdal Liahagen- vokal

Hvis du vil se dette innholdet fra res.cloudinary.com, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

RIID (Serbia, Mexico, Spania, Norge)

Kva skjer om du blandar rytmar frå Balkan, temperamentet i flamenco og det inderlege i nordiske tonar? Dette spørsmålet er utgangspunktet for RIID, prosjektet som forfører, forbausar og går nye vegar. Artistar frå Mexico, Norge, Bosnia og Serbia/Romania har skapt ‘balkansk flamenco’ - eit nytt og spennande uttrykk.

Almir Meskovic- akkordeon
Daniel Lazar- fiolin
Ingrid Jasmin Vogt- vokal
Bellali Austria- dans 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Samiske Kajsa Balto er ein av artistane på opningskonserten i Førde, torsdag 8. juli.
Samiske Kajsa Balto er ein av artistane på opningskonserten i Førde, torsdag 8. juli.
Last ned bilde
Meelodi - Foto: Francisco Muñoz
Meelodi - Foto: Francisco Muñoz
Last ned bilde

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde

46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år. 

Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førdefestivalen har sleppt heile programmet30.3.2023 15:00:36 CEST | Pressemelding

Med DRAUMAR som tema inviterer Førdefestivalen til sin 33. festival, 5.-9. juli i år. På programmet står artistar frå 25 land, og festivalen tek i bruk 30 store og små arenaer. -Eit skikkeleg møysommeleg puslespel, seier direktør Sølvi Lien om det å lage ein internasjonal festival av dette kaliberet. Ho ser fram til å få programmet ut til folket, og komme i gang med billettsalet for sin første festival som direktør. -Saman med alle andre i festivalbransjen håpar vi at publikum for alvor finn vegen tilbake til konsertane og den levande musikken.

DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding

Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye