Grappa Musikkforlag AS

HAUGTUSSA i kvedardrakt

Del
Øyonn Groven Myhren slepp ei mektig musikalsk tolkning av Arne Garborgs (1851–1924) fengslande diktforteljing Haugtussa (1895). Med ei imponerande samling på 34 nummer spreidd over tre CD-ar, er dette den mest omfattande songsyklusen skapt over Garborgs rike forteljing om ungjenta Veslemøy, eller Haugtussa som ho vert kalla. I eit variert kvedaruttrykk, nennsamt orkestrert med folkemusikkinstrument, melodisk slagverk og perkusjon, gir Øyonn liv til soga.
Øyonn Groven Myhren. Foto: Knut Utler.
Øyonn Groven Myhren. Foto: Knut Utler.

Release: 21. april, 2023 

Tekst av Arne Garborg 
Musikk av Øyonn Groven Myhren 
 
Øyonn Groven Myhren – song, seljefløyte, kraviklyrer, basslangeleik 
Rasmus Kjorstadlangeleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele 
Tomas Nilsson hakkebrett, klokkespel, vibrafon, ‘blåhauginstrument 

Høyr HAUGTUSSA forteljing i songar Vol. I her: https://orcd.co/haugtussa

«Då Folkemusikkveka på Åli Hallingdal i 2019 tinga ny musikk til Haugtussa, visste eg med ein gong at eg ville kvede forteljinga, for Garborg nyttar sjølv ord som kvad og song om verket sitt», seier Øyonn Groven Myhren. «Eg tenkte først å kvede forteljinga utan instrumentfølgje, men ettersom arbeidet voks, ville eg ha innslag av seljefløyte, klimpring, felespel og slagverk. For Garborgs tekst finst både fløyte, harpelåt, langeleik, stillare strengir, fele-ljom, springar, sylvklokke-kling, bjøllur, ringlig, bummel, bammel, gryte og kjelsom læt ein lått, som ingen visste, og meir til. Eg var heldig å ja frå musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson, og då hadde eg alt dette å boltre meg i.» 

I Haugtussa følgjer vi tenåringsjenta Veslemøy som er synsk og kan sjå både huldrefolk, troll, hekser og dei som er døde. Vi møter henne heime på garden og som gjetarjente fjellet der ho blir kjærast med Jon. Då Jon svik henne, tar sorg og nedbrytande krefter overhand. På motsett side står Veslemøys døde søster som ei klok og varm rettleiar. Vi følgjer Veslemøys kamp i striden mellom lys og mørker, og til slutt syner «visdoms volve» seg. 

Skiftinga mellom årstidene spelar ei viktig rolle forteljinga, og utgjevinga er delt inn i tre årstidsbolkar: Vol. 1: vinter, Vol. 2: vår og sumar, og Vol. 3: haust og vinter. Vol. 1 kjem ut digitalt samstundes med den fysiske utgåva, medan digitale lanseringar av Vol. 2 og Vol. 3 kjem seinare, to ulike tidspunkt.

Velkommen til plateslepp på Riksscenen 23. april!

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Øyonn Groven Myhren. Foto: Knut Utler.
Øyonn Groven Myhren. Foto: Knut Utler.
Last ned bilde
Cover: HAUGTUSSA - forteljing i songar. Cover design: Rune Mortensen.
Cover: HAUGTUSSA - forteljing i songar. Cover design: Rune Mortensen.
Last ned bilde
Rasmus Kjorstad. Foto: Knut Utler.
Rasmus Kjorstad. Foto: Knut Utler.
Last ned bilde
Tomas Nilsson. Foto: Knut Utler.
Tomas Nilsson. Foto: Knut Utler.
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag AS

Grappa Musikkforlag AS
Grappa Musikkforlag AS
Akersgata 7
0158 Oslo

23 35 80 00http://www.grappa.no/no

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye