Handel truar mange artar
5.7.2022 09:21:38 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding

Er du i utlandet, og kjøper til dømes ei klokkereim, ei veske, eit belte, nye sko, kosttilskot, kaviar eller korallar, så kan det hende at produktet blir omfatta av eit regelverk kalla Cites. Det regulerer internasjonal handel med trua artar.
- Om lag 6 000 dyreartar og 33 000 planteartar er oppførte i listene til Cites-konvensjonen. Rundt 1 100 er så sterkt trua at handel med dei er heilt forbode. For mange av dei andre krevst det løyve frå styresmaktene for inn- eller utførsel til Noreg, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Lovleg handel?
I butikkar og på marknader i utlandet kan slike artar ofte blir selde heilt ope. Det gjeld også produkt som inneheld slike artar. Men det er viktig å vere klar over at varene kjøpt på ferie kan bidra til at situasjonen for sårbare og utryddingstrua dyr og plantar blir forverra.
- Det kan vere vanskeleg som privatperson å ha oversikt over kva varer som er lovlege å føra over landegrensene, enten det er på reise eller ved handel over internett. Du bør unngå shopping i utlandet som fører til at du bryt norsk regelverk. Når du kjem til grensa til Noreg, risikerer du uansett å bli fråteken varen i Tollen. Du kan også få bot eller bli meldt til politiet, seier Hambro.
Ulovleg eller regulert handel?
Hovudregelen er at det er ulovleg å handle med utryddingstrua artar, eller produkt av desse. Men i visse tilfelle kan du kjøpe og ta med varer til Noreg, viss du har søkt og fått løyve frå styresmaktene på førehand.
Regelverket avgrensar handelen med trua artar, slik at styresmaktene betre kan ha kontroll med artar som er sårbare, og dermed står i fare for å bli utryddingstrua.
Miljødirektoratet har utvikla nye rettleiarar som viser deg kva du kan ta med deg frå utlandet, kva som krev løyve frå styresmaktene og kva som er forbode.
Er du tvil om det er lovleg i Noreg? La vere å handle!
På verdsbasis er den ulovlege handelen med trua artar stor. Den er faktisk den fjerde største ulovlege handelen, etter handel med narkotika, våpen og menneske. Det er difor viktig å vere på vakt mot dette, slik at ein unngår å bryte reglane på reise. Unngå å bidra til ein industri du ikkje vil vere ein del av!
- Er du det minste i tvil om det er lovleg å ta med ei vare inn i Noreg - så er det beste rådet å la vere å kjøpe det, seier Hambro.
Nøkkelord
Bilder

Lenker
Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Færre rovviltskader også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskader på sau. Dette er de nest laveste tallene siden registreringen startet i 2002.
Færre rovviltskadar også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
