Halvparten av dei unge har fått reklame for produkt for slanking og større musklar
Over halvparten av 13–18-åringane har fått reklame for produkt for å gå ned i vekt og for å få større musklar. Det visar nye tal frå Medietilsynet. – Det er eit stort problem når så mange barn og unge får slik reklame. Vi fryktar at dette kan bidra til større kroppspress, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Mens reklame for produkt som skal gi større musklar treffer både jenter og gutar, er jenter særleg utsette for å få reklame for slanke- og skjønnheitsprodukt. Meir enn tre av ti 13–18-åringar har fått reklame for kosmetiske behandlingar, viser undersøkinga Barn og medier 2022 frå Medietilsynet.
Fleire tidlegare undersøkingar viser at reklame påverkar kroppsbildet til dei unge i negativ retning, og at det er ein samanheng mellom misnøye med eigen utsjånad og psykiske helseplager.
– Det er viktig å få redusert reklame og anna innhald som kan føre til kroppspress overfor barn og unge. Her bør både plattformene som tilbyr tenester i sosiale medium og influensarar med unge følgarar ta ansvar, seier Velsand.
Medietilsynet meiner bruken av algoritmar er problematisk
Sosiale medium er bygde opp med algoritmar som gjer at brukarane blir eksponerte for meir av den type saker dei leser eller reagerer på. Det viste NRK nyleg i ei sak der den fiktive guten «Samuel» i løpet av få timar fekk nesten berre innhald om ekstrem trening i TikTok-straumen sin.
– Dette er eit døme på det problematiske med plattformene sin bruk av algoritmar. Barn og unge er i ein sårbar og lett påverkeleg alder, og det er spesielt problematisk når dei blir eksponerte for store mengder innhald som kan vere skadeleg for dei, seier Velsand.
Tal frå Medietilsynets undersøking Barn og medier 2022 viser at ni av ti 9–18-åringar er på sosiale medium. TikTok er det sosiale mediet der bruken aukar mest, frå 65 prosent i 2020 til 73 prosent i 2022.
Nye EU-reglar skal bidra til å gjere den digitale kvardagen tryggare
Den nye EU-forordninga Digital Services Act (DSA) skal mellom anna bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Dei nye EU-reglane pålegg sosiale medium-aktørar å vere meir opne om korleis algoritmane fungerer, og brukarane skal kunne velje vekk algoritmar og anbefalingssystem. DSA skal også gjere det enklare å få fjerna innhald som er ulovleg etter norsk lov. Vidare blir det forbode å målrette annonsar mot barn baserte på innhenta persondata om deira interesser og vanar.
DSA skal gjelde i alle land i EU og EØS – og dermed også i Noreg.
– Vi meiner dei nye EU-reglane kommer til å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge tryggare når reglane etter kvart blir ein del av norsk lov. I mellomtida vil vi frå Medietilsynet si side oppmode dei globale plattformene til å ta grep for å redusere innhald og marknadsføring som kan vere skadeleg for barn og unge, seier Velsand.
Reklame som kan bidra til auka kroppspress
- 64 prosent av 13–18-åringane svarer at dei har fått reklame for skjønnheitsprodukt via nettet. Over dobbelt så mange jenter (84 prosent) som gutar (37 prosent) har fått slik reklame.
- 53 prosent av 13-18-åringane og 25 prosent av 9–12-åringane, seier at dei har fått reklame på nettet for produkt som skal gi større musklar. Her er det små kjønnsforskjeller.
- 52 prosent av 13–18-åringane og 25 prosent av 9–12-åringane seier dei har fått reklame på nettet for produkt for å gå ned i vekt. Frå og med 13-årsalderen er det langt fleire jenter enn gutar som har fått slik reklame. Blant 17–18-åringane har dobbelt så mange jenter (67 prosent) som gutar (34 prosent) fått slik reklame.
- 34 prosent av 13–18-åringane svarer at dei har fått reklame for kosmetiske behandlingar. Rundt dobbelt så mange jenter (43 prosent) som gutar (23 prosent) har fått slik reklame.
- 24 prosent av 13–18-åringane svarer at dei har fått reklame for plastisk kirurgi. Ein klart høgare andel jenter (28 prosent) enn gutar (18 prosent) svarer at dei har fått slik reklame.
Kjelde: Barn og medier 2022 (Medietilsynet). Data er samla inn og tilrettelagde av Kantar Public på oppdrag frå Medietilsynet.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet fordeler 4,6 millionar til forsking på medium og dataspel1.2.2023 07:10:00 CET | Pressemelding
Hovudtyngda av prosjekta som får støtte, handlar om kritisk medieforståing og tar utgangspunkt i utfordringar knytte til dagens mediebruk. – Vi støttar blant anna prosjekt om personvern og bildedeling av barn, og korleis innhald laga med kunstig intelligens påverkar samfunnet og enkeltmenneske, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Medietilsynet skal fordele 21,5 millionar til innovasjon i media27.1.2023 09:24:18 CET | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele 21,5 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2023, og opnar no for søknader. – Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
TV 2 får advarsel for brudd på reklameregler under ski-sprint25.1.2023 07:15:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet har gitt TV 2 en advarsel etter at kanalen sendte reklame som gikk ut over seeropplevelsen under en verdenscup i langrennssprint. – Reklamesendingen førte til at seerne ikke fikk se hele sprinten i fullskjerm, sier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Sekkelsten.
Medietilsynet og politiet mener: Ta nakenbildepraten for å forebygge20.1.2023 13:56:22 CET | Leserinnlegg
Halvparten av jentene og hver femte gutt på 13–14 år er blitt spurt om å dele nakenbilder av seg selv. Vi voksne bør starte samtalen om digital bildedeling tidligere enn vi kanskje tror.
Medietilsynet støtter forslag om å åpne for politisk reklame på tv20.1.2023 09:26:24 CET | Pressemelding
Medietilsynet støtter Ytringsfrihetskommisjonens forslag om å droppe forbudet for politisk reklame på tv. – Nordmenn bruker mindre tid på tv, og mer tid på digitale medier, der formidlingskraften er minst like sterk. Derfor er argumentene for et fortsatt reklameforbud på tv betydelig svekket, sier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom