Gled deg – no blir det kundeutbytte!
Styret i Sparebanken Vest vil bruke 339 millionar kroner av overskotet for 2019 til utbetaling av kundeutbytte. I tillegg vil 112 millionar kome lokalsamfunna på Vestlandet til gode i form av gåvemidlar.

– Det er viktig for oss at kundane våre får ta del i banken si verdiskaping. Derfor er det veldig kjekt at vi no kan gje endå meir tilbake til kundane, som faktisk er våre største eigarar, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.
Du og familien din kan få mellom 100 til 16 000 kroner i årleg kundeutbytte, avhengig av kor mykje de har i lån og sparepengar hos oss.
Ein kunde med eit bustadlån på ca. to millionar kroner kan få fleire tusen kroner i kundeutbytte.
Største bank i Noreg med kundeutbytte
Sparebanken Vest er den største banken i Noreg som delar ut kundeutbytte til kundane sine. Dette er ein del av samfunnsansvaret vårt.
– Den positive utviklinga dei siste åra er grunnen til at vi no er i posisjon til å utbetale kundeutbytte. Kundane er svært positive til kundeutbytte og vi jobbar no med korleis vi best mogleg skal presentere det for kvar enkelt.
Les meir om korleis vi bereknar kundeutbytte på spv.no og finne fleire fakta om kundeutbytte nedst på sida.
I tillegg til kundeutbytte kjem gåveutdelingar til allmennyttige formål på Vestlandet på 112 millionar kroner. Dei siste ti åra har vi og kundane våre skapt over ein milliard kroner i utbytte til Vestlandet.
200 millionar til berekraftige prosjekt
Sparebanken Vest har som mål å vere leiande i finansbransjen når det kjem til klimarisiko og berekraft. Satsinga på berekraft gir utslag i alle deler av drifta – vi har konkrete og offensive berekraftsmål for vår eigen verksemd, leverandørar, kundar og samfunn.
– Vi har ambisiøse mål for å vere best mogleg rusta for det som ligg framfor oss på kort, mellomlang og lang sikt. Vi fortsett også arbeidet med å redusere eigne utslepp som skal vere halvert frå 2018 til 2025, vi set klare klimakrav til leverandørar og vi er godt førebudd på å kunne skrive ut grøne obligasjonar i tråd med EU sin nye standard, seier Kjerpeseth.
Konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth. Foto: Eivind Senneseth.
I 2019 delte vi ut pengar til fleire prosjekt på Vestlandet som fremmar berekraft, og det skal vi fortsette med i 2020. Til saman har vi satt av 200 millionar til dette – les meir om det her:
- Sparebanken Vest bidrar til verdens første elfly-rute
- Grøn skipsfart med grønt hydrogen
- HVL opprettar unik stilling i klimadanning
Rekordsterkt årsresultat
Sparebanken Vest har eit resultat før skatt på 625 millionar kroner for 4. kvartal 2019. Eit årsresultat på 2,6 milliardar gir ein solid eigenkapitalavkastning på 13,5 prosent som vitnar om god lønnsemd.
– Vi avsluttar eit rekordår med eit sterkt kvartal der vi leverer solid nominell rentenetto, god kostnadsutvikling og eit svært godt resultatbidrag frå Frende Forsikring på 54 millionar kroner. Vi går ut av 2019 godt rusta for vidare vekst og med betydelege mogelegheiter framfor oss, oppsummar konsernsjefen i Sparebanken Vest.
Fakta om kundeutbytte
-
SPV-kundar med lån og/eller sparepengar kan få utbetalt kundeutbytte, også bedriftskundar, lag og foreiningar.
-
Du kan få kundeutbytte basert på inntil 2 millionar kroner i lån og 2 millionar kroner i innskot.
- Dersom du har blitt kunde i løpet av året, vil kundeutbytte vere berekna og basert på kor lenge du har vore kunde. Ein ny kunde frå 30. juni vil for eksempel oppnå 50 prosent av maks beløp.
- Dersom du har avslutta kundeforholdet i løpet av perioden, vil du framleis få utbetalt kundeutbytte.
- Totalbeløpet for kundeutbytte er avhengig av endeleg godkjenning i Sparebanken Vest si Generalforsamling i mars.
Les meir om resultatet for 4. kvartal 2019 og årsresultatet i børsmeldinga frå 30.01.2020 «Sterkt Q4-resultat avsluttar eit rekordår prega av offensive strategiske grep». Du kan også sjå opptak av presentasjonen på nettsida vår.
Nøkkelord
Kontakter
Johannes DobsonKommunikasjonssjef
Tel:906 77 262johannes.dobson@spv.noBjarte FauskeØkonomisjef og Investor Relations
Tel:91 56 16 98bjarte.fauske@spv.noBilder



Om Sparebanken Vest
Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.
Følg saker fra Sparebanken Vest
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Sparebanken Vest
Jobbskaperbarometeret viser: jobbvekst på Vestlandet18.2.2021 08:15:00 CET | Pressemelding
Vestlandsfylkene Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland hadde 10 937 flere folk i arbeid i 4. kvartal 2020 sammenlignet med kvartalet før. Dette er likevel 17 779 færre enn samme periode i 2019.
Fullt kundeutbytte i Sparebanken Vest10.2.2021 12:52:38 CET | Pressemelding
Styret i Sparebanken Vest går inn for maks kundeutbytte i år! Med 354 millioner kroner i potten, kan par med boliglån i banken glede seg til inntil 8 000 kroner rett inn på konto i mai. Maks sparing gir ytterligere 8 000 kroner til.
Fullt kundeutbytte i Sparebanken Vest10.2.2021 12:46:51 CET | Pressemelding
Styret i Sparebanken Vest går inn for maks kundeutbytte i år! Med 354 millionar kroner i potten, kan par med bustadlån i banken gle seg til inntil 8 000 kroner rett inn på konto i mai. Maks sparing gir ytterlegare 8 000 kroner til.
Sterkt resultat og reduserte kostnader i fjerde kvartal10.2.2021 12:08:12 CET | Pressemelding
Sparebanken Vest har i fjerde kvartal 2020 et resultat før skatt på 900 (625) millioner kroner og en egenkapitalavkastning på 18,2 (12,1) prosent. Økt nominell rentenetto mot foregående kvartal, reduserte kostnader, godt resultatbidrag fra Frende Forsikring og gevinst fra salg av Jonsvollskvartalet AS bidrar til det sterke resultatet. Ved utgangen av året har banken en solid ren kjernekapitaldekning på 18,0 (17,5) prosent.
100 nye millioner til lag, frivillighet og kultur på Vestlandet9.2.2021 12:12:39 CET | Pressemelding
Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest bevilger 100 millioner kroner i allmennyttige midler til organisasjonene som skaper de gode, inkluderende lokalmiljøene på Vestlandet.
Sysselsettingsfall i Vestland25.11.2020 11:41:29 CET | Pressemelding
Jobbskaperbarometeret til Finans Norge viser at Vestland fylke har hatt en nedgang på 16.239 arbeidsplasser i tredje kvartal sammenlignet med samme periode i 2019. – En bekreftelse på at omstillingen regionen skal gjennom har kommet nærmere dørstokken vår, sier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.
Vestlandsbedriftene har sett gjeninnhentinga på pause23.11.2020 08:15:00 CET | Pressemelding
Optimismen som næringslivet på Vestlandet melde om på seinsommaren er ikkje like tydeleg no. Auka uvisse gjer at verksemdene snur seg til kvarandre i krisen, viser Vestlandsindeksen. 1 av 4 bedrifter har gjeve kundane sine forlenga betalingsfrist.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom