Riksantikvaren

Gamlebyen i Odessa hasteinnskriven på verdsarvlista

Del

Gamlebyen i Odessa vart i dag hasteinnskriven på Unesco si liste over verdas kulturarv og samtundes på lista over verdsarv i fare, saman med “Ancient Kingdom of Saba” i Yemen og “Karami International Fair” i Libanon. Desse stadane står også i fare for å forsvinne som følgje av krig og forfall.

Primorsky bulevard. Foto: Alex Levitsky & Dmitry Shamatazhi, CC BY-SA 3.0. Link: https://en.wikipedia.org/wiki/Odesa#/media/File:Primorskiy-bulvar-7-8-5.jpg
Primorsky bulevard. Foto: Alex Levitsky & Dmitry Shamatazhi, CC BY-SA 3.0. Link: https://en.wikipedia.org/wiki/Odesa#/media/File:Primorskiy-bulvar-7-8-5.jpg

Denne veka vart det arrangert eit ekstraordinært møte i verdsarvkomiteen. Føremålet med møtet var blant anna sakar knytt til “Sites of Memory”, det vil seie kulturobjekt eller -område som knyter seg til vanskeleg historie.

I tillegg har innskrivinga av tre nye stader på verdsarvlista og farelista blitt diskutert.

- Dei tre nye stadene som vart skriven inn på verdsarvlista i dag hamnar også rett på farelista til Unesco. Dette er ei liste som syner umisteleg kulturarv som står i fare for å bli øydelagt og forsvinne, seier riksantikvar Hanna Geiran.

UNESCO har to lister som omfattast av verdsarvkonvensjonen. Det er lista over verdas natur- og kulturarv (verdsarvlista) og lista over verdsarv i fare. Å skrive inn kulturarv på verdensarvkonvensjonens liste over verdsarv i fare er eit sterkt signal frå verda, FN og Unesco om at vi ser at denne kulturarven blir utsatt for stor fare og øydelegging på grunn av krig, uro og vandalisme.

Ukraina, Yemen og Libanon

Verdsarvstadene som er foreslått innskrivne pregast av krig og intern uro. “Rachid Karami International Fair” ligg i Tripoli. Det er ein stor utstillingsplass som vart reist på 1960-talet. Plassen er utforma av den verdskjende brasilianske arkitekten Oscar Niemeyer. I Yemen er det eit arkeologisk område som høyrer til guvernementet Marib. Det er ein del av verdsarven “Ancient Kingdom of Saba” og syner viktige deler av den Sabeeiske kulturen. I Ukraina trugast gamlebyen i Odessa av den pågåande angrepskrigen som leiast av Russland. I Odessa finn ein blant anna “Potemkin trappa”, som er verdskjent frå filmen “Panserkrysseren Potemkin”.

Kulturarv i krig og konflikt

Kulturarv har til alle tider blitt brukt som både mål og middel i konflikt. Ei “farelisting”, gjev mogelgheit for fagleg og økonomisk samarbeid, og støtte. Verdssamfunnet har moglegheit til å etablere ei berekraftig og god bevaring av den aktuelle kulturarven. Det kan blant anna bidra til betre forvalting, konservering, forsking, formidling, juridisk vern og økonomisk sikkerheit.

Lenker til UNESCO:

Oversikt over øydelagd kulturarv i Ukraina

18th extraordinary session of the World Heritage Committee

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Primorsky bulevard. Foto: Alex Levitsky & Dmitry Shamatazhi, CC BY-SA 3.0. Link: https://en.wikipedia.org/wiki/Odesa#/media/File:Primorskiy-bulvar-7-8-5.jpg
Primorsky bulevard. Foto: Alex Levitsky & Dmitry Shamatazhi, CC BY-SA 3.0. Link: https://en.wikipedia.org/wiki/Odesa#/media/File:Primorskiy-bulvar-7-8-5.jpg
Last ned bilde

Lenker

Om Riksantikvaren

Riksantikvaren
Riksantikvaren
Dronningens gate 13
0152 Oslo

22 94 04 00https://www.riksantikvaren.no/

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom