Framlegg om revidert Bømlopakke skal behandlast av Stortinget
1.10.2021 11:45:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

– Vestland fylkeskommune og Bømlo kommune har ønskt at fleire av vegprosjekta i Bømlopakka skal byggast ut. Etter ekstern kvalitetssikring og ein ny lokal gjennomgang av pakka, kan regjeringa no legge fram ei revidert Bømlopakke i tråd med framlegget frå dei lokale styresmaktene, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Den reviderte Bømlopakka blei i dag lagt fram for Kongen i statsråd, og skal no behandlast i Stortinget.
665 millionar kroner i revidert pakke
Den opphavelege pakka frå 2008 inneheldt tolv vegprosjekt. Grunna kostnadsauke stod det att fem prosjekt som det ikkje ville vere mogleg å bygge ut med midlane som stod att i pakka.
Pakka som blir lagt fram i dag har ei ramme på 665 millionar kroner. Av dette er 494 millionar kroner finansiert med bompengar. Midlane i den reviderte Bømlopakka kjem på toppen av om lag 1,5 milliardar kroner som er brukt i den opphavelege Bømlopakka. Bompengane som blir kravd inn vil gå til å bygge vegar i den reviderte pakka og til nedbetaling av gjeld. Det er lagt til grunn at tre prosjekt skal byggast ut. Om det er fleire pengar att, kan tre prosjekt til bli vurdert.
Bompengeinnkrevjinga starta i 2013 og skulle vare i 15 år. No vil den vare fram til 2037.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
1 million Euro i norsk bidrag til støttefond for transportsektoren i Ukraina25.6.2026 16:13:31 CEST | Pressemelding
På den store giverlandskonferansen Ukraine Recovery Conference i Gdansk kunngjorde samferdselsministeren i dag en første tildeling på 1 million Euro til støttefondet for transportsektoren i Ukraina.
Hugo Hermansen er ny direktør for Statens jernbanetilsyn23.6.2026 11:15:17 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har tilsett Hugo Hermansen som direktør for Statens jernbanetilsyn.
Ap-regjeringen styrker flytilbudet i Lofoten23.6.2026 10:37:42 CEST | Pressemelding
De siste årene har det vært kapasitetsutfordringer på flyrutene fra Leknes og Svolvær til Bodø. Derfor vil regjeringen iverksette ekstraordinære tiltak, og fra og med 1. januar 2027 settes en ekstra rundtur inn på rutene til Bodø.
No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport10.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
