Høgskulen i Volda

Forskar på studentar med funksjonsnedsettingar: – Dei veit ikkje kva tiltak som kan hjelpe i studiekvardagen

Del

– Ved å intervjue studentar med ulike diagnoser får vi ei breiare forståing av korleis utfordringar knytt til fleire typar funksjonsnedsettingar kan arte seg, seier prosjektgruppa bak forskingsprosjektet SMART.

Kari Eldby Rygg (t.v.), Liv Ingrid Aske Håberg og Beate Farstad forskar på studentar med funksjonsnedsettingar og korleis UH-institusjonane i Noreg legg til rette for fagleg læring for desse studentane. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Kari Eldby Rygg (t.v.), Liv Ingrid Aske Håberg og Beate Farstad forskar på studentar med funksjonsnedsettingar og korleis UH-institusjonane i Noreg legg til rette for fagleg læring for desse studentane. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda. Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda

– Dei har usynlege vanskar, som kan by på utfordringar. Å møte levande menneske, spesielt i ein slik studie, gjer at vi får eit unikt «insider»-perspektiv i korleis det er for dei å vere studentar og ha desse utfordringane.

Det seier førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg ved Høgskulen i Volda, som saman med høgskulelektorane Kari Kathrine Eldby Rygg og Beate Farstad danna prosjektgruppa SMART i februar 2022.

SMART står for Student, Meistring, Akademia, Realisering og Tilrettelegging. Målet med prosjektet er å undersøkje UH-institusjonane i Noreg sin tilrettelegging for fagleg læring for studentar med funksjonsnedsettingar.

Prosjektgruppa har undersøkt kva informasjon UH-institusjonane har på sine nettsider for studentar med funksjonsnedsettingar, kva tiltak for tilrettelegging institusjonane tilbyr og kven som er målgruppa for tiltaka.

– Tilrettelegging for studentar er viktig særleg med tanke på sosial utjamning i samfunnet. Å få meir kunnskap på dette feltet trur eg vil gagne studentar på sikt, seier Farstad.

Studenten må vere sin eigen advokat

I tillegg til å undersøkje innhald på nettsidene, har prosjektgruppa også gjennomført kvalitative intervju med 14 studentar frå heile landet som anten har diagnosen dysleksi, ADHD eller autismespekterforstyrring/Asperger syndrom. I intervjua har dei spurt om akademisk læring og erfaringar knytt til førelesing, skriftlege innleveringar og eksamen.

– Studentane har ein vanske og veit at dei kan få tilrettelegging, men dei veit ikkje kva som kan hjelpe. Det kan resultere i at dei strevar med sine vanskar i studiekvardagen aleine, seier Rygg.

Håberg seier vidare at ansvaret for å få hjelp har eit stort taktskifte frå vidaregåande skule til høgare utdanning.

– I vidaregåande opplæring kjem du kanskje rett frå spesialundervisning og får ein eigen opplæringsplan, mens i høgare utdanning er det studenten som sjølv må ta initiativ, undersøkje og vere sin eigen advokat, seier ho og held fram:

– Når ein ikkje veit kva høgare utdanning går ut på, får ein ikkje heilt oversikta over kva tiltak som fins og kven ein kan kontakte. Ein del vil gjerne prøve sjølv, men veit ikkje kva dei skal spørje om fordi dei ikkje veit kva dei treng. Dette er gjennomgåande i internasjonal forskingslitteratur.

I gang med å skrive artiklar

Håberg, Rygg og Farstad er alle utdanna spesialpedagogar og har erfaring frå barnehage, skule og PPT. I SMART-prosjektet er det derimot høgare utdanning og tilretteleggingstiltak for studentar med funksjonsnedsettingar som er sentralt.

– Ved å intervjue studentar med ulike diagnoser får vi ei breiare forståing av korleis utfordringar knytt til fleire typar funksjonsnedsettingar kan arte seg. Vi kjenner at vi har ei ordentleg kjensle av eigarskap over dette prosjektet, seier Rygg.

Prosjektgruppa er godt i gang med å skrive vitskaplege artiklar, både om innhaldet på nettsider og det som har kome fram i intervjua, seier Håberg. Med artiklane håper prosjektgruppa at UH-institusjonane blir meir kritiske til kva som blir publisert på institusjonane sine nettsider.

– Hovudpunktet er kva ein kan skrive på nettsidene. På den andre sida må ein gi ei presis og god beskriving på nettsidene over tiltaka som institusjonane tilbyr, seier Håberg.

I mars deltok Rygg og Håberg på NERA-konferansen (The Nordic Educational Research Association) i Oslo med ein poster som illustrerer dei to hovudretningane i forskinga, analyse av nettsider og intervju, i tillegg til eit paper om «ASD students in highter education».

I august blir SMART også presentert på den internasjonale EARLI-konferansen (European Association for Research on Learning and Introduction) i Thessaloniki i Hellas med paper om mellom anna studentar med dysleksi og kva tilretteleggingstiltak som blir tilbodne i UH-sektoren.

Kontakter

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye