Foreslår ytterlegare 1 milliard kroner til togselskapa for å sikre rutetilbod

Togtransport bidrar til at samfunnskritisk personell kan reise til og frå arbeid under handteringa av koronapandemien. For å sikre dette, har det vore viktig å oppretthalde eit tilstrekkeleg godt togtilbod.
Etter kvart som samfunnet gradvis har opna opp igjen, har talet på passasjerar auka medan togselskapa i stadig større grad køyrer ordinært rutetilbod rutetilbod rundt dei store byane. I tråd med tilrådingane i smittevernrettleiinga køyrer togselskapa framleis med færre pasasjererar enn før koronautbrotet i mars i år.
- Vi vil bidra til at landet kjem tilbake på skinner og at fleire permitterte kan byrje å arbeide igjen. Då er det viktig at togtilbodet er dimensjonert for det, seier samferdselsministeren.
Vidareføring av ordning med tilleggsavtaler
I desember i fjor løyvde Stortinget drygt 4 milliardar kroner til statleg kjøp av persontogtenester på statsbudsjettet for 2020. I april i år løyvde Stortinget 550 millionar kroner ekstra på grunn av koronasituasjonen.
Løyvingsforslaget på 1 milliard kroner som regjeringa legg fram i dag, er ei vidareføring av ordninga med tilleggsavtalar som blei vedtatt i april i år. Midlane gjer det mogleg for Jernbanedirektoratet å inngå nye eller forlengje eksisterande tilleggsavtalar med togselskapa utover hausten, slik at eit tilstrekkeleg togtilbod kan bli vidareført. Den føreslåtte auken i løyvinga skal dekkje ein lengre periode og er difor høgare enn løyvinga som blei vedtatt av Stortinget i april.
Det er usikkert kor lenge det vil vere behov for tilleggsavtalar. Regjeringa føreslår difor at det vil vere mogleg å overskride løyvinga med inntil 300 millionar kroner, i fall det er naudsynt å forlengje perioden med tilleggsavtaler som følge av smitteverntiltak.
Tilleggsavtalane skal framleis gjelde i ein tidsavgrensa periode og bli avslutta så snart grunntilbodet blir dekt innafor eksisterande avtaler. Regjeringa vil fortløpande vurdere behovet for å forlengje dei mellombelse avtalene. Desse avtalane skal òg bli avgrensa mot andre kompenserande tiltak for å hindre overkompensasjon.
Andre tiltak for dempe negative konsekvensar for togselskapa
Fleire tiltak har blitt innført for å dempe dei negative konsekvensane for togoperatørane. Desse selskapa har blitt kompensert av Jernbanedirektoratet for persontogtenester basert på ordinær ruteplan, sjølv om togtilbodet har vore redusert i samråd med direktoratet på grunn av etterspurnad etter togreiser. Bane NOR har utsett innkrevjing av infrastrukturavgifter. Redusert meirverdiavgift på transport og generelle tiltak for næringslivet kjem òg togoperatørane til gode.
For fleire opplysningar – sjå:
- Prop. 127 S (2019–2020) Endringer i statsbudsjettet 2020 under Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet og Olje- og energidepartementet (økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet)
- Pressemelding frå Samferdselsdepartementet (4. april 2020): Regjeringen foreslår 550 millioner kroner ektra til togselskapene for å sikre rutetilbud
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Veiåpning: Samferdselsministeren klippet snora for E39 Lyngdal øst – Lyngdal vest6.6.2025 12:47:41 CEST | Pressemelding
Fredag 6. juni markerte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård den offisielle åpningen av den nye firefelts motorveien på E39 mellom Lyngdal øst og Lyngdal vest – en 9,7 kilometer lang strekning.
Vil redusere utslippene fra luftfarten20.5.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen vil innføre økte krav til biodrivstoff i luftfarten ved å implementere ReFuelEU Aviation.
Oppstart for E134 Røldal – Seljestad19.5.2025 13:55:53 CEST | Pressemelding
Måndag 19. mai sette samferdselsminister Jon-Ivar Nygård første spadestikk for strekninga E134 Røldal - Seljestad. – Dette er første etappe for ein ny og tryggare veg mellom Seljestad og Røldal – eit prosjekt som vil få stor betydning for heile regionen, og for aust/vest-forbindinga i landet, sa Nygård under markeringa.
Offisiell oppstart av arbeid med ny E6 forbi Lillehammer16.5.2025 13:03:32 CEST | Pressemelding
- E6 binder landet sammen fra nord til sør – dette er en av landets viktigste hovedveier. Målet er å få folk og varer fram raskere og tryggere. Det er bra for næringslivet, for innlandet og for alle de som bruker veien i hverdagen, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Revidert nasjonalbudsjett 2025: Foreslår auka støtte for å sikre godstogoperatørane15.5.2025 10:45:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til godstogoperatørar med 100 millionar kroner. 70 millionar kroner er foreslått i kompensasjon for den langvarige innstillinga av godstrafikken på Dovrebanen tidlegare i år, og 30 millionar kroner er foreslått til tilskotsordninga for å overføre gods frå veg til jernbane.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom