Foreslår 1,2 milliardar kroner til fylkeskommunane for å administrere fylkesvegane
8.11.2019 11:45:00 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

I dag legg Samferdselsdepartementet fram eit tilleggsnummer til statsbudsjettet for 2020. I dette framlegget foreslår regjeringa dei økonomiske rammene for oppgåva med å administrere fylkesvegane. I tillegg blir handtering av utstyr, samarbeidsavtalar og omstillinga som Statens vegvesen er inne i omtala.
- Dette handlar om folk. Over 4000 personar jobbar i dag med både fylkes- og riksvegar gjennom sams vegadministrasjon. Fylka har ønskt heile ansvaret med fylkesvegane, det får dei no, seier samferdselsministeren.
Statens vegvesen har rekna ut at ressursbruken for arbeidet med fylkesvegane svarte til 1850 stillingar i 2018. Av dette dekka vegvesenet utgifter tilsvarande 1075 stillingar, og fylkeskommunane vart fakturerte for resten. Regjeringa foreslår at fylka får overført om lag 1,2 milliardar kroner til oppgåva.
- Dette er viktig for få til ei god overføring til fylkeskommunane. Det er betydeleg meir enn det vi la opp til i kommuneproposisjonen tidlegare i år, der overføringa av lønsmidlar var avgrensa til talet på tilsette som valde å gå over til fylka. Vi sørgjer òg for at feriepengar for 2020 for tilsette som vert overførte, vert betalt av Statens vegvesen. No håpar eg at Statens vegvesen og fylkeskommunane finn gode løysingar for overføringa, seier Dale.
Overføringa av tilsette frå Statens vegvesen til fylka er basert på avtalar. Fylka har gjennom eigne behov lyst ut stillingar som tilsette i vegvesenet kan søkje på. Ved utgangen av oktober har allereie om lag 1265 personer i Statens vegvesen takka ja til arbeid i fylkeskommunane.
- Både Statens vegvesen og fylka er inne i store omstillingsprosessar. Dette krev mykje av dei som jobbar der. No kjem dei siste rammene på plass, og om kort tid skal overføringa setjast i verk. Eg har stor tru på at Statens vegvesen og fylka finn dei beste løysingane saman, seier Dale.
Fylkeskommunane vil òg få tilbod om å få utstyr frå Statens vegvesen, som ikkje lenger skal nyttast til riksvegar.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
Regjeringen fortsetter å rydde opp: Forskrift om internkontroll i drosjenæringen11.5.2026 15:28:31 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har fastsatt en ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen. Fra 1. juli 2026 må drosjesentralene sørge for at det blir innført og utført internkontroll i både egen virksomhet og i de tilknyttede løyvehavernes virksomhet.
Presseinvitasjon: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Geiranger 4. mai30.4.2026 14:26:50 CEST | Pressemelding
Mandag 4. mai besøker statsråden ulike aktører innen vei, reiseliv, intrastruktur og samfunnssikkerhet. Journalister og fotografer er velkomne til å dekke besøket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
