Foreslår 100 millionar kroner ekstra for å kunne sikre eit grunnleggjande togtilbod
- For å ta høgde for ei større uvisse om løyvingsbehovet som følgje av smitteutviklinga, foreslår regjeringa å løyve 100 millionar kroner ekstra til statleg kjøp av persontransport med tog. Dette gjer det mogleg for togselskapa å tilby eit grunnleggjande togtilbod fram til sommaren, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Då statsbudsjettet for 2021 blei vedtatt i desember i fjor, løyvde Stortinget 4,6 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog. Av dette var 650 millionar kroner sette av til at staten ved Jernbanedirektoratet kan inngå tilleggsavtaler med togoperatørane om kjøp av persontransport i løpet av første halvår 2021. På grunn av større uvisse om smitteutviklinga føreslår regjeringa no å auke dette beløpet til 750 millionar kroner.
- Sjølv om vi er inne i ein periode med redusert reiseaktivitet, er det naudsynt å oppretthalde eit tilstrekkeleg kollektivtransporttilbod. Dette sikrar at samfunnskritisk personell, som ikkje har andre transportalternativ, kjem seg til og frå arbeid, seier Hareide.
Vurdering av ordning med tilleggsavtalar
Tilleggsavtalane er kjøp av naudsynte tenester som blir tilpassa koronasituasjonen. Jernbanedirektoratet skal forvalte ordninga med tilleggsavtalar innafor gjeldande løyving.
Jernbanedirektoratet er i ferd med gjennomføre ei oppdatert vurdering av tilleggsavtalane for 2021. Direktoratet skal mellom anna vurdere om det er behov for å kjøpe tenester frå Flytoget.
For fleire opplysningar - sjå:
- Hovudpressemelding av 29. januar 2021 frå Statsministerens kontor: Nye økonomiske tiltak i møte med pandemien
- Prop. 79 S (2020–2021) - Endringer i statsbudsjettet 2021 under Utenriksdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Samferdselsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Finansdepartementet og Olje- og energidepartementet (økonomiske tiltak i møte med pandemien)
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.
Følg saker fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Samferdselsdepartementet
Ny sjøtrafikkforskrift er fastsatt23.2.2021 15:00:00 CET | Pressemelding
Den nye sjøtrafikkforskriften inneholder en rekke nye, viktige bestemmelser for blant annet sjøtrafikksentralene. Regjeringen utreder videre forslag om krav til fartøy over 500 bruttotonn om bruk av engelsk ved kommunikasjon på sjøtrafikksentralenes arbeidskanaler.
E18 Vestkorridoren: Flytting av etappedelet mellom etappe 2 og 322.2.2021 16:17:21 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har besluttet at parsellinndelingen mellom etappe 2 (Ramstadsletta–Slependen) og etappe 3 (Slependen–Drengsrud) justeres, slik at etappedelet flyttes fra Slependen til Nesbru.
Bompengeinnkrevingen på Svinesund avsluttes 15. mars19.2.2021 13:44:53 CET | Pressemelding
- Norge og Sverige er to gode naboer. Siden åpningen av den nye brua på grensen ved Svinesund i 2005, har det vært innbetalt bompenger begge veier. Mandag 15. mars kl. 14.00 avsluttes innkrevingen, nærmere fem år før tiden. Jeg tror mange vil ha glede av å passere grensen gratis ved Svinesund, når hverdagen blir normal igjen, sier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Regjeringa styrkar prinsippet om at forureinar skal betale19.2.2021 11:47:07 CET | Pressemelding
Regjeringa foreslår ei lovendring som byggjer opp under prinsippet om at forureinar skal dekkje alle kostnadar ved forureining. Dersom forureinar ikkje set i gang tiltak forureiningsmyndigheta har pålagt dei, kan myndigheita setje i gang tiltak sjølv. Myndigheita kan i dei tilfella krevje inn kostnadene frå forureinar i etterkant. Med lovendringa kan myndigheita i tillegg krevje renter for heile perioden, også i perioden før det kan krevjast forseinkingsrente – såkalla avsavnsrente.
Presseinvitasjon: Signering av avviklingsavtale for bomstasjonane ved Svinesund18.2.2021 11:04:40 CET | Pressemelding
Fredag 19. februar kl. 13.15 signerer samferdselsminister Knut Arild Hareide og Sveriges ambassadør til Noreg, Cecilia Björner, avviklingsavtalen mellom Noreg og Sverige. Avtalen gjer det mogleg å avvikle bomstasjonane på grensa ved Svinesund. Datoen for avviklinga blir kjent under signeringa.
Konkurransen om flykjøp på stamrutene er avlyst17.2.2021 16:35:06 CET | Pressemelding
Konkurransen om stamrutene i minstetilbudskjøpet av flyruter avlyses etter at SAS har meldt at de kan drifte rutene på kommersielle vilkår. Widerøe innstilles som operatører på de regionale minstetilbudsrutene fra 1. mars 2021.
Eit steg nærmare flyttinga av Bodø lufthamn16.2.2021 15:49:05 CET | Pressemelding
- Planlegginga av flyttinga av Bodø lufthamn held fram med fullt trykk. Flyttinga vil medverke til ei positiv byutvikling i Bodø og gje gode ringverknader for heile regionen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom