Førdefestivalen: Vi gjorde det!

Det kan vere vanskeleg å forstå kor kult det er at Førdefestivalen har hatt nesten ei heil veke med fysisk festival i Førde. Vi er ein av svært få som lagar festival i år, etter at vi avlyste i fjor. — To år utan festival ville blitt i lengste laget. Det gjeld både for artistane og oss og publikum så vel som dei frivillige. Det er ein heilt bransje som skal gå rundt, seier festivaldirektør Per Idar Almås.
— Vi er ei viktig brikke i dette økosystemet. Eg har snakka med artistar og ikkje minst teknikarar som fortel at Førdefestivalen er den første skikkelege festivaljobben dei har gjort sidan pandemien starta. «Endeleg er vi i gang igjen», er det mange som har sagt, seier arrangementsjef Sølvi Lien.
Årets festival var ein fullskala festival, berre publikumskapasiteten var mindre. Vi hadde like mange arrangement som i vanlege år, og nesten like mange artistar og arenaer. Til vanleg har vi artistar frå mellom 25 og 30 land, i år var talet 24, alle busette i Norge.
— Vi hadde gode rutinar for smittevern og la til rette for ein trygg festival. Alle seier det same, at det var viktig at det vart festival i år. Folk er sveltefora, men litt mindre sveltefora no som vi har hatt musikk i kvar krik og krok i dagevis, seier kommunikasjonssjef Torill Faleide.
— Hundre prosent trygg kan vi aldri vere, men eg trur ikkje det er betre at halve Norge set seg i bilen og køyrer til dyreparken i Kristiansand, seier Sølvi Lien.
Nøkkelord
Kontakter
Torill G. FaleideKommunikasjonssjef
Tel:+47 90 73 85 27torill.faleide@fordefestival.noBilder

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Angedalsvegen 5
6800 Førde
46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år.
Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.
Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen19.1.2023 06:30:00 CET | Pressemelding
-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?
Anne Oline Gullaksen går til Førdefestivalen8.3.2022 14:41:00 CET | Pressemelding
Anne Oline Gullaksen frå Førde er tilsett som ny økonomi- og sponsorsjef i Førdefestivalen. Ho byrjar i jobben 14. mars. - Anne Oline Gullaksen kjem med lang erfaring frå reiseliv og arrangement. Ho har eit stort nettverk, og ikkje minst eit stort engasjement for utviklinga av Førde og Sunnfjord, seier direktør Per Idar Almås. -Eg kjenner meg trygg på at vi har tilsett rett person i denne stillinga.
Direktøren i Førdefestivalen går av22.2.2022 11:56:00 CET | Pressemelding
Direktør og kunstnarleg leiar for Førdefestivalen, Per Idar Almås, går av etter snart fire år i stillinga. Det skjer etter eige ønske.
'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding
Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e
Førdefestivalen arrangerer gratis familiefest18.11.2021 14:58:00 CET | Pressemelding
-Sidan hausten 2020 har Bornas Verdsdag Førde vorte avlyst, flytta og avlyst igjen, men no er vi endeleg klare for ei ny utgåve av denne fine internasjonale familiedagen i Førdehuset, seier prosjektleiar Ingebjørg Nomeland. Ho og resten av festivalstaben, saman med fleire frivillige, gler seg til å fylle heile Førdehuset med miniverkstader, aktivitetar, internasjonal mat og ikkje minst ein herleg gratis familiekonsert med Igor & Fe3ne. Igor & Fe3ne, er Igor Dunderovic, Daniel Lazar, Almir Meskovic og Elvis Medic, fire superseriøse musikarar som alle har opphav utanfor Norge, har laga sine heilt egne versjonar av dei mest kjende barnesongane våre. Dei har gjort det av kjærleik til sitt nye heimland, men dei har miksa både tekstane og musikken med sine eigne opphav, balkanrytmane, og hundrevis av historier dei har samla, eller laga, om mystiske karakterar: Ali Baba, Baba Lille Lam, Lille fetter Eddy Yerkov, Mikha Ilrev, Shimshiri Omnshimshiri, Katarina Paus, og fleire andre som alle snak
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom