Folkemøte og høyring om nytt kraftsamband frå Rogaland og Vestland fylke til Noa og Krafla oljefelt

Det er Aker BP, Equinor og LOTOS Production and Exploration som har sendt melding med forslag til utgreiingsprogram for eitnytt kraftsamband frå land til dei planlagde oljefelta Noa og Krafla.Aker BP og Equinor grunngjev tiltaket med at ein elektrifisering av produksjonsplattformene vil vesentleg redusere behovet for å drifteanlegga med gass og gi ein monaleg reduksjon i CO2-utsleppa fråplattformene, i tråd med nasjonale målsettingar.
Det er meldt om tre ulike traséalternativ. I det første alternativet melder Aker BP og Equinor ein separat transformatorstasjon ved sida av eksisterande på Kollsnes, og ein om lag 140 km lang sjøkabel ut til NOAKA-feltet. I det andre alternativet er det meldt ein kraftleidning frå Samnanger transformatorstasjon til ein ny stasjon ved Barmen. Derifrå vil sjøkablane anten gå direkte til NOAKA-området, eller via ein mellomstasjon på Leirpollneset i Fitjar kommune. Det tredje alternativet går frå Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune til ein ny transformatorstasjon på Nordvik på Utsira eller Sjovika på Karmøy. Det er meldt fleire ulike alternativ frå Gismarvik til desse stasjonane.
Høyring og digitalt folkemøte
NVE arrangerer digitalt folkemøte om saken 6. mai 2021 kl. 19.00. Her vil NVE informere om saksbehandlinga, mens Aker BP og Equinor vil orientere om prosjekta. Møtet er opent for alle, og det vil være mogleg å sende inn skriftlege spørsmål.
Link til møtet blir lagt ut på søknadens saksside. Her ligger også alle saksdokumenta for dei som ønsker å komme med høyringsfråsegninnan den 4. juni
Nøkkelord
Kontakter
Sondre Moe Knudsen, sakshandsamar
somk@nve.no
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev avslag til å bygge Døvik 2 kraftverk12.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Hydronor AS om løyve til å bygge Døvik 2 kraftverk i Strand kommune i Rogaland fylke. Kraftverket ville ført til arealbeslag og store terrenginngrep i ei kystmyr og i den utvalde og sterkt trua naturtypen kystlynghei.
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom