Høgskulen i Volda

Flinke faglærarar blir enda flinkare: Hospiterer i grunnskulen for gjere eiga undervising betre

Del

Høgskulen i Volda har lenge satsa på digital kompetanse i læring, mellom anna gjennom vidareutdanningstilboda i programmering. No hospiterer høgskulelektor Torbjørn Frantsen på ungdomstrinnet for å hente meir kunnskap til eiga undervising om programmering.

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen hospiterer på Ulstein ungdomsskule for å innhente inspirasjon til eiga undervising på Høgskulen i Volda. Han underviser om digital kompetanse i læring og programmering. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Høgskulelektor Torbjørn Frantsen hospiterer på Ulstein ungdomsskule for å innhente inspirasjon til eiga undervising på Høgskulen i Volda. Han underviser om digital kompetanse i læring og programmering. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.

Lyden av raske tastaturklikk breier seg i klasserommet. Konsentrerte auge stirer inn i skjermane. Høgskulelektor Torbjørn Frantsen går rundt, ser på korleis ungdomsskuleelevane handterer oppgåva dei har fått, der dei skal programmere eit spel på data. Frantsen set seg ned med ein av elevane.

– Korleis skal farta vere da? spør Frantsen.

– Det skal vere gangfart, kjem det frå eleven.

– Om du justerer farta litt, vil det funke?

– Kanskje det, svarer eleven.

Eleven held fram med oppgåva, og Frantsen går vidare til neste elev.

– Dei jobbar i verktøyet Scratch med figurar som dei skal programmere, gjennom ulike kodar kan ulike figurane ha ulike funksjonar i ei historie eller kanskje eit spel, fortel Frantsen.

Men kvifor i alle dagar er høgskulelektoren med i ein valfag-time med programmering på Ulstein ungdomsskule?

Frantsen er nemleg med i den nye hospiteringsordninga, der fagtilsette ved lærarutdanningane på Høgskulen i Volda får moglegheita til å hente inn fersk erfaring frå skule- og barnehagekvardagen. Og denne erfaringa skal dei bruke i si eiga undervising.

Hospiteringa er eit pilotprosjekt, og er del av ordninga med lærarutdanningsbarnehagar- og skular ved HVO. Lærarutdanningssamarbeidet (LU-samarbeidet) tek utgangspunkt i strategidokumentet Lærarutdanning 2025, Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane.

– Noko anna å vere i eit klasserom

Frantsen underviser om digital kompetanse i læring, og har jobba mykje med programmering både i og utanfor skulen. I tillegg er han ein av drivarane bak Kodeklubben Volda.

Han ynskja å ta del i hospiteringsordninga for å få betre innsikt i skulekvardagen, og få enda meir realistiske referansar i eiga undervising.

– Eg er i kontakt med mange lærarar gjennom deira studie, men det er noko anna å vere i eit klasserom og sjå kva utfordringar både lærarane og elevane kan ha i dag.

Frantsen seier at vi både snakkar om og har forsking som viser at dagens unge har ein del digitale ferdigheiter, men dei har også store hol i sin digitale kompetanse.

– Ungdommane har si oppfatning av til dels programmering frå fritida, det er fleire som er interesserte i det og driv med det utanom skulen. Nokre i denne klassa nemner også at dei driv på med ein annan type programmering som er meir avansert enn det vi held på med i denne timen, seier Frantsen og held fram:

– Så vert dei spesialistar på eit smalt felt, men misser kanskje dei grunnleggande prinsippa som gjer at ein kan utvikle seg i fleire retningar og som rett og slett er meir arbeidslivsrelevante.

Framtidskompetanse

Internasjonalt har det dei siste 10-15 åra vore eit sterkare fokuset på programmering i skulen.

– Det har gått litt i bølger dette, frå dei første tankane om programmering på 50-60-talet. Det var ei bølgje på 1980-talet, men så dabba det av på 1990 og 2000-talet, seier Frantsen.

– Så vart det igjen i fokus både i nasjonale planar og frå til dels EU, gjerne knytt til framtidskompetanse. Ein har argumentert med at det trengst fleire folk som kan programmering i arbeidsmarknaden, men ein har også vurdert programmering som relevant kompetanse uansett framtidig yrkesval.

Er allereie del av læreplanane

Sidan 2020 er programmering er ein del av matematikk, naturfag, musikk og kunst og handverk, i tillegg til eit eige valfag på ungdomstrinnet. Ein kan møte programmering allereie i 1. klasse gjennom leik, utforsking av reglar og algoritmer, seier Frantsen.

Samstundes utviklar teknologi seg raskt og dataprogram kan raskt bli utdaterte. Derfor legg skular og myndigheitene i mange land stadig meir vekt på ein meir generell forståing for digitale teknologiar, ifølgje NOU-en «Fremtidige kompetansebehov III» frå 2020.

Ein lærer ikkje berre programmering slik folk flest tenkjer på det som koding, men skal i staden fokusere på algoritmisk tenking, som handlar om arbeidsmåtar og konsept som bak mykje av informasjonsteknologien. Ifølgje NOU-en vil det å lære programmering også sjå ut til å kunne auke kompetansen i andre nærliggande fag, som matematikk.

Born møter teknologi tidleg og må lære å kontrollere og skape med teknologien. Då er det også viktig at grunnskulelærarar kan denne delen av faga som dei underviser i.

– Det er mange lærarar som underviser i fag som no inneheld noko dei aldri har fått opplæring i, og dei er usikre på korleis dei skal undervise om dette nye. Då dei studerte matematikk, naturfag, musikk eller kunst og handverk, var truleg ikkje programmering ein del av faga. No er det der og ein må undervise i det. Det er klart at dette er utfordrande for mange, seier Frantsen.

Vidareutdanning i programmering

Høgskulen i Volda var tidleg ute med programmering som del av sine studietilbod innan digital kompetanse og programmering, og har utvida og revidert tilbodet. Vidareutdanningstilbodet Programmering i skulen gir ei god oversikt for dei som er heilt blanke, har prøvd litt og ynskjer å få innspel til fleire arbeidsmåtar, eller dei som ynskjer å fordjupe seg i eit særskilt tema, årssteg eller fag.

Høgskulen har også Programmering 1.-7. årssteg og Programmering 5.-10. årssteg, og frå hausten 2023 også dei heilt nye tilboda Programmering 8.-13. årssteg og Digital kompetanse i barnehagen. Desse studietilboda er del av Kompetanse for kvalitet (KFK). Samla sett dekkjer Høgskulen i Volda no programmering og digital kompetanse for heile skuleløpet.

Frantsen og dei andre programmeringslærarane ved Høgskulen i Volda fokuserer på å lære lærarane praktisk programmering, på ulike nivå, men også korleis ein jobbar didaktisk med programmering.

– Dei aller fleste som underviser i og brenn for eit fag, er på jakt etter nye måtar å lære meir på. Og vi legg vi til rette for at dei får utforske det i våre studium, seier Frantsen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen hospiterer på Ulstein ungdomsskule for å innhente inspirasjon til eiga undervising på Høgskulen i Volda. Han underviser om digital kompetanse i læring og programmering. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Høgskulelektor Torbjørn Frantsen hospiterer på Ulstein ungdomsskule for å innhente inspirasjon til eiga undervising på Høgskulen i Volda. Han underviser om digital kompetanse i læring og programmering. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Last ned bilde
ag. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
ag. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Last ned bilde
etningar, seier Frantsen. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
etningar, seier Frantsen. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Last ned bilde
rantsen seier det er viktig at grunnskulelærarar kan delen om teknologi i faga som dei underviser i, og viser til at HVO har fleire studietilbod innan digital kompetanse og programmering for lærarar. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
rantsen seier det er viktig at grunnskulelærarar kan delen om teknologi i faga som dei underviser i, og viser til at HVO har fleire studietilbod innan digital kompetanse og programmering for lærarar. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Last ned bilde

Lenker

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom