Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Flaumsikring langs Vossovassdraget – moglege løysingar og nye kart

Del

Etter flaumen i 2014 har NVE arbeidd med å vurdere alternative sikringstiltak langs Vossovassdraget. Eit forprosjekt vert presentert på Heradsmøte på Voss torsdag 18. juni. Samstundes vert oppdaterte flaumsonekart overlevert til heradet.

Flaum i Voss sentrum desember 2015. Foto: NVE
Flaum i Voss sentrum desember 2015. Foto: NVE

Tre hovedstrategiar for flaumsikring

På oppdrag frå NVE har Sweco Norge AS utarbeidd eit forprosjekt med løysingar som vil sikre Vossovassdraget mot flaumhendingar i eit framtidig klima. Tre hovudstrategiar vert presentert:

  • Flaumsikring med flaumtunnelar som held vatnet i vassdraget
  • Flaumsikring med flaumtunnelar som tek vatnet ut av vassdraget
  • Lokale flaumsikringstiltak med mur, vollar og mobile flaumverk på Voss og Evanger

Flaumtunnelar kan verte utfordrande

Alternativa er vurdert med omsyn til effekt, konsekvensar og kostnader. Arbeidet viser at det er mogleg å sikre busetnad og infrastruktur langs Vossovassdraget i høve ei 200-årshending inkludert klimapåslag, ved hjelp av flaumtunnelar.  Alternativa kan medføre inngrep i verna vassdrag, og vil få konsekvensar for miljø, friluftsliv, landskapsbilete og kulturminner.

- Detaljering av flaumtunnelar har vist at tiltaka er meir kostnadskrevjande enn det vi såg for oss då prosjektet tok til, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

- NVE er oppteken av at statens investering i sikring gir størst samfunnsøkonomisk nytte i høve til kostnadane ved tiltaket. Vi ser at alternativ med flaumtunnelar kan verte utfordrande å prioritere. I lys av dette vil det verte viktig å arbeide vidare med detaljering av lokale flaumtiltak, seier Samdal.

Oppdaterte flaumsonekart gjev større flaumsoner

Samstundes har NVE oppdatert flaumsonene for Voss og Evanger sentrum, i kart tilpassa eit endra klima fram mot år 2100​.

- God styring av arealbruken er det absolutt viktigaste tiltaket for å redusere risikoen for flaumskader. Flaumsonekarta er viktige verkty for å oppnå dette. Kommunen har fått eit betre verkty for god arealforvaltning, byggjesakshandsaming og lokal flaumberedskap, fortel Samdal.

Samanlikna med flaumsonekart frå 2006, viser dei nye flaumsonene at større område vert overfløymt ved flaumhendingar i vassdraget, særskilt i eit endra klima.

FAKTA om flaumsonekart

På bakgrunn av erfaringane frå storflaumen på Austlandet i 1995, vert flaumsonekartlegging i dag sett på som eit viktig tiltak for å reduserer flaumskader i framtida.

Krava til tryggleik mot flaum er forankra i plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift (TEK17).

NVE har lagd retningsliner knytt til Flaum- og skredfare i arealplanar, som skildrar korleis krava til tilstrekkeleg tryggleik kan ivaretakast gjennom arealplanlegging.

Les meir om flaumsonekartlegging på NVEs nettsider.

Nøkkelord

Kontakter

Hallvard Berg, spesialrådgiver: tlf. 977 06 163

Siss-May Edvardsen, prosjektleiar; tlf. 952 90 114

Bilder

Flaum i Voss sentrum desember 2015. Foto: NVE
Flaum i Voss sentrum desember 2015. Foto: NVE
Last ned bilde
Flaum i Voss desember 2015. Foto: NVE
Flaum i Voss desember 2015. Foto: NVE
Last ned bilde
Visualsiering av mogleg inntak Palmafoss. Foto og visualisering: Sweco
Visualsiering av mogleg inntak Palmafoss. Foto og visualisering: Sweco
Last ned bilde
Flaum i Voss på 70-talet. Foto: NVE
Flaum i Voss på 70-talet. Foto: NVE
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Syv elektrifiseringstiltak kan kutte 2,3 millioner tonn CO2 i industrien26.6.2020 13:11:01 CESTPressemelding

Landbasert industri slipper i dag ut om lag 13 millioner tonn CO2 som tilsvarer 26% av norske utslipp. 90 prosent av utslippene i industrien kommer fra 30 anlegg. NVEs kartlegging viser at det er mulig å gjøre elektrifiseringstiltak i 7 av de 30 anleggene. Disse kan kutte 2,3 millioner tonn CO2. På oppdrag fra Olje- og energidepartementet har NVE kartlagt det tekniske potensialet for reduksjon av klimagassutslipp gjennom elektrifisering i norske landbaserte industrianlegg.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom